– Det er veldig bratt, det seier seg jo sjølv. Men eg har lite praktisk erfaring med det, seier Torfinn Nærland.
Landbrukssjefen i Time veit ikkje om det er råd å driva jordbruk i ei skråning som er nesten like bratt som Holmenkollbakken.
Tysdag stadfestar han at landbrukskontoret hittil ikkje har vore informert om endringa som Green Mountain nå vil ha godkjent.
For å få veta meir om ein kan driva landbruk i så bratt terreng, rår han Jærbladet til å kontakta Norsk Landbruksrådgivning i Vestland.
Men der er spørsmålet allereie blitt avvist av ein ekspert, som ikkje kjende til så ekstreme terreng som det er tale om på Undheim.
– Dette ser då heilt vilt ut, var tilbakemeldinga til Jærbladet frå seniorrådgjevar Dag-Arne Eide.
– Eg ser det slik at dette må vera ei forringing av arealet, og mykje brattare og mindre eigna til landbruk enn dersom her var ein mur i nedkant.
Han viser vidare til ein kollega i Bergen, som veit at Atle Lende, rådgjevar ved LNR på Særheim i Klepp, snart har klar ein rapport.
Store terrengskilnader
Under halvparten av datasentertomta på Undheim er sett av til næring. Opphavleg var heile tomta sett av landbruksformål – og framleis gjeld det ein stor del.
Tomta ligg i ei skråning ovanfor Undheimsvegen. Før ein kunne bygga eit flatt og rektangulært datasenter, måtte tomta jamnast ut.
Føresegnene som Green Mountain vil endra, skulle ifølge planomtalen sikra «at terrengutforming skal være tilpasset landbruksdrift».
Ifølge planen skal høgdeskilnadene bak næringsområdet løysast med ein forstøtningsmur, for å bevara mest mogleg beiteareal.
Då Jærbladet kontaktar plansjef Ingvild Kjosavik, tysdag ettermiddag, har ho akkurat fått rapporten frå landbruksrådgjevaren.
– Konsekvensutgreiinga tok grep for å vareta landbruket. Nå gjer dei eit anna grep, då må me vurdera konsekvensane for landbruket. Det er det me er usikre på nå, seier ho.
Droppa mur
«Det kan etableres en eller flere bygninger som har nord/sør-orientering, og hvor avgrensing mot terreng i vest vil være en forstøtningsmur», seier planomtalen.
I 2026 er det ikkje det som er gjort, og Job arkitekter har søkt om å få endra planen for å få lov til å tilpassa terrenget med skråning i staden for mur:
«I den videre prosjekteringen har det imidlertid vist seg at forutsetter omfattende masseutskiftning, kompliserte tekniske føringer, herunder håndtering av overvann og rørinfrastruktur. Samlet gir dette en teknisk kompleks løsning.»
Muren ville vore massiv – cirka 21 meter høg og 503 meter lang. Men det hadde vore heilt i tråd med planen, som forklarte:
«Landbruksarealer kan da tilbakeføres i bakkant av forstøtningsmuren, og man unngår at store landbruksarealer går tapt i skråningsutslag.»
Verknaden for landbruket blir vurdert som avgrensa, hevdar arkitekten i samband med planendringa, mens den samla ressursbruken blir vurdert som betre.
Bevisst val å forbetra jordbruket
Arkitekten bruker ordet «avdekket» om behova som er identifiserte under prosjekteringa, og karakteriserer dei seks føreslåtte endringane som nødvendige.
Planendringane har vore tema i eit møte med kommunen, som i eit referat frå 21. august peikar på grunnane til kvifor akkurat ein mur vart valt då planen vart laga:
«Det var et bevisst valg å forbedre landbruksarealet. Det en nå søker om og som er etablert, vil kunne ha konsekvens for landbruk.»
I tillegg er det søkt om fleire andre tiltak, for eksempel fundamentering og tryggingsgjerde, som vil ta cirka 455 kvadratmeter med landsbruksareal.
Referatet omtaler også terrengendringar som skal vera gjort utanfor planområdet.
Det gjeld skjeringar i terrenget på Høg-Jæren vindpark sitt område for å gjera plass til transformatorstasjonen som skal forsyna datasenteret med straum.
– Ekstremt bratt
Skråningane som er endra i forhold til planen, dekker cirka . Det tilsvarer ein tredel av landbruksarealet på datasentertomta.
«Arealer regulert til landbruk skal tilrettelegges for landbruksdrift, og den mest aktuelle bruken anses å være beitemark», står det i planomtalen.
Beitearealet hadde opphavleg ein hellingsgrad på , ifølge planforslaget frå Job arkitekter.
Bønder i Rogaland kan søka om tilskot for å driva jordbruksareal med hellingsgrad på 1:5 eller meir, for å ta vare på kulturlandskapet.
Etter bygginga av datasenteret fell skråninga i bakkant med 1 meter for kvar 1,5 meter. Det vil seia at hellingsgraden er 1:1,5.
I prosent er stiginga 66,66 prosent. Vinkelen er nesten 34 grader – brattare enn landingssona i Holmenkollbakken.
– Det er jo ekstremt bratt. Me har akkurat sendt rapporten til landbrukssjefen for å få ei vurdering av rapporten, seier Ingvild Kjosavik.
Tydeleg konklusjon
Føresegnene i planen som er føreslått endra, skulle ifølge planomtalen sikra «at terrengutforming skal være tilpasset landbruksdrift».
– Dei temaa som blir konsekvensutgreidde, skal vera beslutningsrelevante. Når føresetnadene blir endra, må me gjera ei vurdering av om endringane er riktige, seier Kjosavik.
Ei føremålssone, merka av i plankartet, skulle sikra at terrenget vart opparbeidd i samråd med personar med landbruksfagleg kompetanse.
Atle Lende ønsker ikkje å seia kva han ville rådd Green Mountain å gjera dersom han hadde blitt kontakta før opparbeidinga.
I rapporten skriv han at det bratte terrenget, frå eit reint landbruksfagleg perspektiv, «har betydelige begrensninger sammenlignet med ordinære jordbruksarealer».
Han konkluderer at det er mogleg med beite i skråninga. Men han konkluderer:
Sender ikkje kyrne sine utfor
Geir Tore Skårland er bonde og grunneigar ovanfor datasenteret. Han ville ikkje sendt kyrne sine på beite i skråninga.
– Nei, det hadde vore ei utfordring, for det er ganske bratt. Du må ned på småfe, sau og slikt. Det nyttar ikkje med mjølkekyr og sånt.
Viss han får tilbodet, kunne han godt tenkt seg å sleppa sauene sine på beite der, men då må det leggast til rette for det.
– Du må kombinera med flate areal. Du kan ikkje berre gjerda av skråninga, for det finst ikkje eit dyr som vil ligga der, seier han.
I rapporten skriv Lende at beite i skråninga må kombinerast med flate areal der det i dag er rigg-, brakke- og veganlegg.
Støtteareala, som er avgjerande for beiteløysinga, skal nyttast som kvileareal, samlingsområde, vatningsareal og driftsareal.
Gjødsling med drone og kanon
Mens kringliggande areal kan drivast med ordinære landbruksmaskinar, er dei ifølge rapporten utelukka i skråninga.
Slått, mekanisk vedlikehald, jordarbeiding, kalkspreiing og tradisjonell gjødsling vil derfor vera vanskeleg.
Rapporten føreslår heller å bruka flytande kalk – og å gjødsla med drone, supplert med husgjødselkanon.
Slik Geir Tore Skårland seier, er ikkje storfe eigna.
Rapporten peikar på erosjon, tråkkskadar og vegetasjonsslitasje som årsaker, men også omsynet til dyrevelferd.
Derfor er det berre småfe som kan vera aktuelt. I starten er «konservativ dyretetthet» anbefalt, for å sjå kor mykje terrenget toler.