Kommunedagen blei arrangert for første gong i 2015. Arrangementet, som er for alle tilsette, tillitsvalde og folkevalde i Hå kommune, er meint å inspirera, gje påfyll og styrka fellesskapet i kommunen.

Det er fjerde gong Hå kommune arrangerer kommunedag.

Kommunen har om lag 1.700 tilsette. Godt over halvparten av dei, rett under 1.000 personar, samla seg i fotballhallen på Varhaug torsdag kveld.

Der fekk dei foredrag av Roger Finjord, president i Norges skiforbund, dei fekk musikk av Heddah og Inger Elisabeth Dåsvand, og ikkje minst fekk dei besøk av nemnde Trygve Skaug.

Han framførte dikt og djupe ord, og bidrog med det som på nettsida til Hå kommune blir omtalt som «rått gitarspel».

Kvelden baud òg på ein heilt spesiell premiere. Det var hemmeleg heilt fram til dei stod på scena, men Hå kommune har fått seg sitt eige kommunekor med rundt 70 medlemmar frå 47 ulike avdelingar i kommunen.

Publikum visste ingenting på førehand, korkje kven som var med eller at det i det heile tatt skulle komma eit kor.

Songstemmene til Irene Haver, June Stensland og Onar Paul Varhaug fekk skina under urframføringa av Du he noge spesielt.
Songstemmene til Irene Haver, June Stensland og Onar Paul Varhaug fekk skina under urframføringa av Du he noge spesielt. Foto: Foto: Jan Arne Wold, Hå kommune

Koret var nesten fulltallig då dei gjekk ut på scena for å urframføra songen Du he noge spesielt, skriven av Ragnvald Wernøe, leiar av kulturskulen i Hå. Scena var fylt av kommunetilsette, pluss Trygve Skaug.

Songen er òg spelt inn i ein litt mindre versjon med tilhøyrande musikkvideo. Her er det June Stensland, Onar Paul Varhaug og Irene Haver som syng. Den versjonen kan du sjå og høyra her: