Måndag ettermiddag var det visning i den over hundre år gamle heimen til familien Martinsen i Parkvegen 10 på Bryne.

Helge og Solveig Martinsen fekk hand om eigedommen i 1991, som eit par år tidlegare hadde vore aktuell for riving.

I staden vart det renovering over fleire tiår. Dei første åra budde familien på fem i ei leilegheit over garasjen.

Eigedommen er eit verna kulturminne, som ekteparet Martinsen i 2007 fekk Time kommune sin kulturvernpris for.

Då Jærbladet møtte Solveig Martinsen og sonen, fredagen før visning, var ho spent på kven som kunne tenka seg å overta.

Gjekk fort

Bjørn Rune Salte i Privatmegleren Jæren fortel at til saman 20 interessentar har vore innom og sett på huset.

– Salet gjekk fort, og det er som forventa. Ein sånn type eigedom ligg ikkje lenge på marknaden. Det er eit veldig attraktivt objekt og ei totalpakke eg trur det er veldig vanskeleg å finna på Bryne i dag.

Totalt 55 personar kontakta han om eigedommen, som låg ute i 11 dagar.

Salte trekk fram at mykje på sveitserhuset er originalt, og at eigedommen generelt er godt tatt vare på.

– Det er det som gjer det eksklusivt. Dette har vore eit livslangt prosjekt for seljarane, og det er spegla i bustaden, men også i interessa me såg på visning.

1,5 mill. over prisantyding

Allereie tysdag, dagen etter visning, var eigedommen selt for 1,5 millionar over prisantydinga på 10 millionar.

– Akkurat her trur eg det var litt hand i hanske for seljar. Du må ha ein type kjøpar som ønsker å ha denne typen eigedom, og som veit kva det inneber å overta han. Eg trur me har funne nokre kjøparar som vil ta vare på han på ein god måte, seier Salte.

Solveig Martinsen var kjent med at det var interesse frå fleire, og fortel at særleg eitt par hadde vore frampå.

– Dei kom med eit tilbod privat for lenge sidan. Eg er veldig godt fornøgd både med prisen og at det var dei som fekk det til slutt.

Sjølv flyttar ho vidare til leilegheit i Vardheia, men ikkje før om ei stund.

– Eg får god tid til å rydda ut, seier ho.