Vêret gjer at Mosberget på Høg-Jæren kan minna om Island. Torsdag ettermiddag er det grått, vindfylt og veldig vått.

Stallen, derimot, er full av lys. Oppunder taket heng det fleire lysekroner, som Ingeborg har hengt opp.

Familien på tre flytta hit i 2024, etter å ha jakta ein landleg eigedom akkurat som denne, med stall, luftegardar og ridebane til hestane.

I fjor stod det ti hestar i båsane, som alle åt seg mette på høy frå dei grøne kjelvene som omsluttar den vesle garden.

I år er hestane færre og produksjonen mindre. Ingeborg og sambuaren har brukt året på å drenera og opparbeida jorda på nytt – ei langsiktig investering dei håper skal gje betre avlingar i åra framover.

Slik kan dei kan tenka når dei for første gong er eigar sjølv, etter å ha vore leigetakar både i Sandnes, Forsand og Bjerkreim.

– Det har alltid vore ein draum å eiga sjølv. Då er det mykje lettare å planlegga og investera tid og pengar, for å få det sånn som me vil ha det.

Langs Buevegen, i svingen etter Karlsbu, har Ingeborg funne plass til familiv og hesteliv. – Hesteeigedomar er populære, dei forsvinn fort, seier ho. Mellom stallen og skogholtet med huset, ser me ein flik av Litlamoset.
Langs Buevegen, i svingen etter Karlsbu, har Ingeborg funne plass til familiv og hesteliv. – Hesteeigedomar er populære, dei forsvinn fort, seier ho. Mellom stallen og skogholtet med huset, ser me ein flik av Litlamoset. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Venlege hestar

Nytt i år er ein rundbogehall. Den har dei frakta nokre få kilometer over kommunegrensa, frå garden i Bjerkreim der dei budde sist.

Hallen gjev ekstra dei plass, som gjer det lettare å legga til rette for den vidare drifta. Etter kvart skal det koma fleire hestar til gards.

Rundbogehallen til venstre vart sett opp tidlegare i år. Stallen til høgre stod der då Ingeborg og sambuaren – ein hendig altmoglegmann – overtok i 2024, men var heilt tom. Dei har alltid lange lister over ting dei ønsker å utbetra på bruket.
Rundbogehallen til venstre vart sett opp tidlegare i år. Stallen til høgre stod der då Ingeborg og sambuaren – ein hendig altmoglegmann – overtok i 2024, men var heilt tom. Dei har alltid lange lister over ting dei ønsker å utbetra på bruket. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

På grunn av ei rideulukke tidlegare i år, passar Ingeborg for tida berre sine eigne islandshestar – Lukka, Stella, Blida og Venja.

Dei er fire venlege sjeler som stikk fram mulen og ber om kos, og som utan å mukka lystrar når femåringen Vilja fortel korleis dei skal stå.

– Jeppsi, pepsi! svarer Vilja då mora spør om ho kan fjerna grima på Lukka. Ingeborg må hekta av ein klips, men elles greier Vilja og Lukka seg på eiga hand.
– Jeppsi, pepsi! svarer Vilja då mora spør om ho kan fjerna grima på Lukka. Ingeborg må hekta av ein klips, men elles greier Vilja og Lukka seg på eiga hand. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Begynte med ei kvige

Vilja, som går siste året i barnehagen nede i Undheim sentrum, seier til Jærbladet at ho har ridd nesten heile livet.

Ingeborg, derimot, starta å ri då ho var like gammal som dottera hennar er nå. Og i starten var det ikkje på hest.

Onkelen hadde ei kvige på garden på Finnøy. Ingeborg lærte henne å legga seg på sida, slik at ho kunne klatra opp på ryggen og ri.

– Hest begynte eg med då eg var seks. Då fekk eg endeleg mast meg til å få lov til å begynna ri på hest.

– Det er Liv, seier Ingeborg om kviga ho lærte å ri på.
– Det er Liv, seier Ingeborg om kviga ho lærte å ri på. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Trivest på landet

Hest er ein kostbar hobby, for ikkje å seia livsstil. Derfor har Ingeborg alltid hatt mange jobbar.

Frå ho var rundt 14 år, jobba ho som avløysar på fleire gardar for å finansiera hesteinteressa. På éin av plassane brukte ho like godt hesten til å henta kyrne inn frå beitet.

Ho har også forsøkt å levera aviser og reklame frå hesteryggen.

– Men det gjekk veldig sakte, så akkurat det gjorde eg ikkje så mange gonger, ler ho.

Postomberinga med hest skjedde ikkje på Finnøy, men midt på tjukkaste Storhaug i Stavanger, der Ingeborg voks opp.

Men ho trivest med å bu landleg, og fortel at familien er blitt tatt godt imot av støttande naboar på Bergene og Kartavoll.

Foreldra hennar, som begge kjem frå gard, vart neppe overraska då ho valde å gå vidaregåande på landbruksskulen på Øksnevad.

– Eg har alltid trekt mot landet, mot landbruket og dyr, seier ho.

Katten Kaisa har sett seg i respekt hjå kvalpen Molly, men er eigentleg ganske lat. Stallhundane av rasen Jack Russel er mykje betra på å fanga mus. Kanskje er det det Freya, som ikkje er avbilda her, held på med?
Katten Kaisa har sett seg i respekt hjå kvalpen Molly, men er eigentleg ganske lat. Stallhundane av rasen Jack Russel er mykje betra på å fanga mus. Kanskje er det det Freya, som ikkje er avbilda her, held på med? Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Isihest sidan 2013

Ingeborg fekk seg hest i tenåra, og har halde fast på draumen om å gjera hestelivet til eit levebrød, heilt sidan ho starta Isihest i 2013.

Namnet er smått genialt: Ikkje berre er det initialane til grunnleggaren, det er òg ei vanleg forkorting på hesterasen ho elskar.

– Eg har drive med mykje forskjellig – sprang, dressur og travhestar, men har alltid falle tilbake til islandshest.

På grunn av dei, er det blitt mange turar til Island, både for å ri og delta på kurs. Ho har fått mange vener i landet.

– Du får mykje i éin hest. Dei har nokre ekstra gangartar, tølt og pass, og er veldig allsidige. Dei er kjempegode turhestar, kan brukast til dressur og konkurransar, og så har dei ein fin storleik og eit veldig godt lynne.
– Du får mykje i éin hest. Dei har nokre ekstra gangartar, tølt og pass, og er veldig allsidige. Dei er kjempegode turhestar, kan brukast til dressur og konkurransar, og så har dei ein fin storleik og eit veldig godt lynne. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

I stallrommet heng det diplom og pokalar frå ridekonkurransar ho har vore med i, og på telefonen viser ho fram eit spesielt bilde.

Etter ein konkurranse heldt Ingeborg hendene over hovudet og demonstrerte at ho kan ri komfortabelt utan å halda i taumane.

Den særeigne gangarten gjer at ryttaren sit roleg og behageleg på hesteryggen utan å duva opp og ned, trass i høg fart.

Ein god ryttar og islandshest meistrar inntil fem gangartar, og tølten er essensiell.
Ein god ryttar og islandshest meistrar inntil fem gangartar, og tølten er essensiell. Foto: Foto: Privat / Anny Husebø
Vilja pratar med svarte Venja og kvite Blida. Ifølge Norsk islandshestforening har rasen fleire fargekombinasjonar enn nokon annan hesterase. Ingeborg kjøpte unghestane i fjor og skal bruka hausten i år på å ri dei inn.
Vilja pratar med svarte Venja og kvite Blida. Ifølge Norsk islandshestforening har rasen fleire fargekombinasjonar enn nokon annan hesterase. Ingeborg kjøpte unghestane i fjor og skal bruka hausten i år på å ri dei inn. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Profesjonell problemløysar

Etter at Ingeborg var ferdig med sjukepleiestudiet i 2010, utdanna ho seg til rideinstruktør gjennom Norsk Islandshestforening.

Ho har heile tida kombinert hestekarrieren med å gå nattevakter som sjukepleiar. For tida har ho ei 69 prosent stilling i Hå kommune.

Torsdag kveld var stallkleda skifta ut med kvite bukser og blå overall. Då var Ingeborg klar for nattskiftet på Klokkarhagen sjukeheim på Varhaug.
Torsdag kveld var stallkleda skifta ut med kvite bukser og blå overall. Då var Ingeborg klar for nattskiftet på Klokkarhagen sjukeheim på Varhaug. Foto: Foto: Privat

Når kneet tillèt det, vil ho gradvis starta opp att med hesteverksemda.

Ingeborg tar ho imot unghestar til innriding, og eldre hestar til vidare trening eller førebuing mot konkurranse.

Ho held helgekurs og ridetimar. I tillegg tar ho imot hestar som eigarane ønsker å klargjera for sal.

Ikkje minst hjelper ho hestar med «hòl i grunnutdanninga», eller der hest og eigar har problem dei treng hjelp til å løysa.

– Eg hjelper både hestane og folka deira, slik at dei forstår kvarandre betre. For meg handlar mykje om å få på plass eit godt grunnarbeid og byggja vidare derfrå, seier ho.

Liker å kombinera

Ingeborg trivest med å gå nattevakter på Klokkarhagen, og meiner kombinasjonen av hest og sjukepleie passar henne.

– Eg prøvde eitt år eller to med berre hest, men då sakna eg sjukepleia. Eg liker begge jobbane mine like godt.

Dei siste ti åra har ho hatt hestane heime på gardane ho har budd på. Ho trur det er avgjerande for å få jobbane til å gå i hop.

– Her kan eg springa til og frå.

– Når eg har dei rett utanfor døra, er det mykje lettare å få kvardagen til å gå opp. Eg veit ikkje om eg hadde fått det til på same måten dersom eg måtte hatt hestane oppstalla ein annan stad og brukt mykje tid på å køyra fram og tilbake.
– Når eg har dei rett utanfor døra, er det mykje lettare å få kvardagen til å gå opp. Eg veit ikkje om eg hadde fått det til på same måten dersom eg måtte hatt hestane oppstalla ein annan stad og brukt mykje tid på å køyra fram og tilbake. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim