– Eg hadde ikkje lyst til å skapa uro på min eigen skule, forklarar Elsa Djuve Jerstad om bakgrunnen for at ho valte å be om ikkje å stå på den offentlege søkjarlista.
– Eg hadde ikkje lyst til å skapa uro på min eigen skule, forklarar Elsa Djuve Jerstad om bakgrunnen for at ho valte å be om ikkje å stå på den offentlege søkjarlista. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Opne, offentlege søkjarlister er eit grunnleggjande prinsipp i forvaltninga, og skal bidra til openheit og tillit.

Jærbladet bringer jamleg nyheiter om slike lister når det gjeld offentlege leiarstillingar lokalt.

Så også i saka om skulesjef i Time, der det var ni søkjarar. Fire av dei fekk medhald frå Time kommune i at dei hadde grunnar gode nok til ikkje å stå på den offentlege lista.

Lova som Stortinget har vedteke, opnar nemleg for at ein kan be om ikkje å bli offentleggjord som søkjar.

Då skal dei som tilset gjera ei konkret vurdering av grunnane, og gje søkjaren høve til å trekkja seg dersom grunnane ikkje er gode nok.

– Hadde ikkje lyst å skapa uro

Ein av dei som ikkje sto på den offentlege søkjarlista, var Elsa Djuve Jerstad, som fekk skulesjefstillinga.

Ho har jobba i Time-skulen i 24 år, og kjem frå stillinga som rektor ved Bryne ungdomsskule. Som skulesjef vil ho framleis ha Time kommune som arbeidsgjevar, men ho rykkjer altså eitt hakk opp.

Det skal gode grunnar til å sleppa å stå på søkjarliste, og betre grunnar jo høgare stillinga er.

Så kvifor sto ikkje den nye skulesjefen på lista? Og kva grunnar gav ho for å sleppa?

Elsa Djuve Jerstad forklarar overfor Jærbladet at det over tid har vore svært vanskeleg å få søkjarar til rektorstillingar, og at det derfor erfaringsmessig kan skapa mykje uro og uvisse på ein skule når det viser seg at rektor har søkt på ein annan jobb.

Elsa Djuve Jerstad har jobba som rektor på Bryne ungdomsskule i snart 9 år, men går no inn i ny stilling som skulesjef.
Elsa Djuve Jerstad har jobba som rektor på Bryne ungdomsskule i snart 9 år, men går no inn i ny stilling som skulesjef. Foto: Foto: Tom Gøran Haukalid

– Eg hadde ikkje lyst til å skapa uro på min eigen skule. Eg har ein fantastisk arbeidsplass her på Bryne ungdomsskule, og har ikkje hatt tankar om å søkja meg vekk, seier Djuve Jerstad.

– Men nett stillinga som skulesjef syntest eg var så spennande at eg hadde lyst til melda interessa mi. Samstundes veit ein aldri om ein får ei stilling ein søkjer, og eg ønskte ikkje å skapa unødig uro her.

– Det er bakgrunnen for at eg bad om og fekk unntak frå å stå på den offentlege søkjarlista

– Eg kunne godt ha stått på ei offentleg søkjarliste og ikkje fått jobben. Det hadde eg levd heilt fint med.

Ønsket mitt handla utelukkande om omsynet til miljøet på Bryne ungdomsskule, og kva følgjer det kunne få for personalet og elevane der om eg stod på søkjarlista, legg Djuve Jerstad til.

Ho trur ikkje at det vil svekka tilliten hennar som skulesjef at ho valte å be om å sleppa å stå på den offentlege søkjarlista.

– Undergrev demokratiet

Gunnar Bodahl-Johansen, ekspert på offentleglova, meiner offentlege leiarar svekkjer truverdet sitt når dei vel å be om unntak frå den offentlege søkjarlista.

– Folk som ber om å sleppa å stå på offentlege søkjarliste, burde ikkje fått offentlege leiarstillingar i det heile, etter mitt syn, seier Bodahl-Johansen til Jærbladet.

– Dei skal inn i stillingar der openheit og tillit er heilt sentrale verdiar, og der dei sjølve skal ta avgjerder med utgangspunkt i offentleglova.

– Då er det sterkt betenkjeleg at dei går inn i dette med ein førespurnad om å bli unnatekne frå å stå på den offentlege søkjarlista. Eg vil seia at dei allereie då i dei aller fleste tilfelle svekkjer truverdet sitt som offentlege leiarar, legg han til.

– Folk som ber om å sleppa å stå på offentlege søkjarliste, burde ikkje fått offentlege leiarstillingar i det heile, seier Gunnar Bodahl-Johansen.
– Folk som ber om å sleppa å stå på offentlege søkjarliste, burde ikkje fått offentlege leiarstillingar i det heile, seier Gunnar Bodahl-Johansen. Foto: Foto: Geir A. Carlsson, Fredriksstad Blad (arkivfoto)

Bodahl-Johansen slår fast at lova opnar for å be om å ikkje stå på den offentlege søkjarlista, men at det skal mykje til å få eit slikt ønske innvilga.

– Sivilombodet har mellom anna slått fast at ein toppleiar i eit børsnotert selskap vil ha grunn god nok til å vera anonym, ut frå at ein open søknad vil kunna ha direkte innverknad på aksjekursen. Men det er på det nivået me ligg, seier Bodahl-Johansen.

Den konkrete grunngjevinga frå Time kommune i skulesjef-saka (les meir om den lenger nede i saka), som handlar om at det blir intern uro på ein skule når rektor søkjer seg vekk, er ikkje god nok til å forsvara at nokon skal få unntak frå å stå på den offentlege søkjarlista, ifølgje Bodahl-Johansen.

– Påstandar om at det blir intern uro på noverande arbeidsplass, er ikkje eit argument for at nokon skal få vera anonym søkjar.

– Dessverre ser me at mange, særleg i kommunane, er veldig villige til å innrømma søkjarar anonymitet. Dermed saboterer dei det Stortinget har vedtatt om offentlege søkjarlister, seier Bodahl-Johansen.

– Eg understrekar at det er Stortinget, Stortinget, Stortinget – eg seier det tre gonger, for å understreka kor viktig det er – som har bestemt at søkjarlister til offentlege stillingar skal vera offentlege, og at det er høg terskel for ikkje å stå på lista.

– Det er vesentleg for demokratiet vårt at det er openheit om tilsettingsprosessar, og dei kommunane som legg lista for lågt og aksepterer anonyme søkjarar på sviktande grunnlag, undergrev dermed demokratiet vårt, seier Bodahl-Johansen

I dag er han frittståande konsulent, men han har lang røynsle i arbeid med offentleg innsyn, mellom anna frå Norsk Presseforbund og Institutt for journalistikk.

Må kunna påvisa skader eller ulemper

Offentleglova slår i paragraf 25 fast at offentlege organ har ei plikt til å utarbeida søkjarliste straks fristen har gått ut. Det gjeld for alle stillingar.

I utgangspunktet skal alle søkjarane stå der, men det kan likevel gjerast unntak dersom søkjaren sjølv ber om det.

Då må organet gjera ei konkret vurdering i kvar enkelt sak på om grunnane er gode nok.

Er dei ikkje det, skal søkjaren få høve til å trekkja søknaden før søkjarlista blir offentleggjort.

"Det må i vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje leggjast vekt på den generelle interessa ålmenta har i innsyn i saka, rekrutteringsomsyn og personvernomsyn", heiter det i Justisdepartementet sin rettleiar til offentleglova.

Moment som kan tala for å gjera unntak frå innsyn vil ha samanheng med søkjaren sitt behov for at det ikkje blir kjent at denne har søkt ei ny stilling.

"Ei generell misnøye med at søknaden blir kjent er ikkje tilstrekkeleg, det må liggja føre særskilde omstende og påvisast at innsyn vil kunne føre til meir konkrete skader eller ulemper", heiter det vidare.

Rettleiaren gjev også nokre konkrete døme:

Kommunedirektøren som ikkje stod på liste

Lova slår også fast at kravet er ekstra høgt for offentlege toppstillingar som det knyter seg særleg offentleg interesse til.

Ei skulesjefstilling i ein kommune går ikkje inn under dette omgrepet i rettleiinga til lova.

Særleg offentleg interesse er knytt til stillingar som til dømes kommunedirektør, departementsråd, fylkesmann, toppleiar i offentlege føretak og andre toppleiarstillingar i det offentlege.

I så måte skulle nok Jærbladet ha vore meir nærgåande med spørsmål då Hå kommune tidlegare i år lyste ut stillinga som kommunedirektør.

Då stod seks personar på den offentlege søkjarlista. Heile tre av dei var unnateke offentlegheit.

Ein sjuande person søkte, men valde å trekkja søknaden då vedkomande ikkje fekk medhald i førespurnaden om ikkje å stå på søkjarlista.

Anne Berit Berge Ims – som fekk jobben, og dermed kom tilbake som kommunedirektør i Hå etter to år som kommunedirektør i Randaberg – var ein av dei tre søkjarane som ikkje stod på den offentlege søkjarlista.

– Mi vurdering var at om eg ikkje skulle få stillinga, så ville det skapa stor usikkerheit i organisasjonen eg var leiar for. Me stod i store omorganiseringsprosessar som eg sjølv hadde sett i gang, og med dette som bakteppe – for å skapa ro i eigen organisasjon – bad eg tilsettingsutvalet i Hå om å bli unnateken frå den offentlege søkjarlista, seier Berge Ims til Jærbladet.

Ho er takknemleg for at ho fekk innvilga ønsket.

Anne Berit Berge Ims kom 1. september tilbake som kommunedirektør i Hå, etter to år i Randaberg. Ho sto ikkje på den offentlege søkjarlista, og grunngjev det med omsynet til sin dåverande arbeidsgjevar.
Anne Berit Berge Ims kom 1. september tilbake som kommunedirektør i Hå, etter to år i Randaberg. Ho sto ikkje på den offentlege søkjarlista, og grunngjev det med omsynet til sin dåverande arbeidsgjevar. Foto: Foto: Håvard Ovesen

– Dersom du ikkje hadde fått medhald, ville du då ha trekt deg som søkjar?

– Ja, så vesentleg var dette for meg. Eg måtte ha teke ei heilt ny vurdering av om eg skulle søkja, seier Berge Ims.

Gunnar Bodahl-Johansens utsegn om at folk som ber om å få vera anonyme søkjarar, ikkje bør få offentlege leiarstillingar i det heile, meiner Berge Ims får stå for hans rekning.

– Lova opnar for unntak, og sjølv bad eg om dette ut frå omsynet til organisasjonen eg då var i, seier Berge Ims.

Stor variasjon

Jærbladet har så langt i år skrive om åtte søkjarlister i Hå kommune, fire i Klepp kommune og fire i Time kommune – alle til kommunale leiarstillingar.

Halvparten av dei totalt 16 kommunale søkjarlistene hadde ingen søkjarar unnateke offentlegheit.

Fire søkjarlister skil seg ut med eit svært høgt tal anonyme søkjarar:

  • Ved andregangsutlysinga av leiar landbruk i Hå var fire av sju søkjarar anonyme.
  • Til nærings- og hamnesjefstillinga i Hå var fem av ti søkjarar anonyme.

Og i tillegg altså dei allereie nemnde søkjarlistene på skulesjef i Time (fire av ni søkjarar anonyme) og kommunedirektør i Hå (tre av seks søkjarar anonyme).

– Eit heilt reelt problem

Tilsettingsutvalet (kommunalsjef oppvekst i Time, tillitsvald og representant for HR) gjorde den konkrete vurderinga rundt dei fire søkjarane som slapp å stå på den offentlege søkjarlista til stillinga som skulesjef i Time.

Kommunalsjef oppvekst, Pamela Sudmann, seier at alle dei fire blei vurderte individuelt, i tråd med offentleglova, og at dei alle var i omtrent same situasjon: At dei sat i rektorstillingar og bad om å ikkje få stå på den offentlege søkjarlista på grunn av uroa dette ville kunne skapa internt der dei jobbar no.

– Lovverket opnar for mykje skjønn. Openheit og innsyn er viktig, men me meiner me er innføre lova med dei vurderingane me har gjort, seier kommunalsjef Pamela Sudmann
– Lovverket opnar for mykje skjønn. Openheit og innsyn er viktig, men me meiner me er innføre lova med dei vurderingane me har gjort, seier kommunalsjef Pamela Sudmann

– Det er eit heilt reelt problem at det er vanskeleg å rekruttera til rektorstillingar, og at det skapar uro og støy internt når det blir kjent at ein rektor søkjer ei anna stilling.

– Erfaringsmessig er det også slik at dei beste søkjarane ofte vel å trekkja seg dersom me avslår ønsket om unntak frå den offentlege søkjarlista.

Ho seier dei ønskjer eit så godt tilfang som mogeleg av søkjarar, og har vurdert det slik at den uroa som oppstår nå ein rektor søkjer ei anna stilling – i lys av vanskane med å rekruttera nye rektorar – er ei ulempe som gjev grunnlag for å sleppa å stå på den offentlege søkjarlista.

Ho understrekar at unntak for å stå på offentlege søkjarlister er vanleg, og at Time kommune ikkje er åleine verken om å innvilga slike unntak eller om å ha vanskar med å skaffa folk til leiarstillingar i skuleverket.

– Gunnar Bodahl-Johansen, ekspert på offentleglova, seier til Jærbladet at uro internt på ein skule over at rektor søkjer ein annan jobb ikkje er grunn god nok til å sleppa å stå på den offentlege søkjarlista. Kva tenkjer du om det?

– Lovverket opnar for skjønn. Openheit og innsyn er viktig, men me meiner me er innføre lova med dei vurderingane me har gjort, seier Sudmann, som slår fast at ho opplever balansegangen mellom dei ulike, viktige omsyna i desse sakene som vanskelege.

Sudmann er heller ikkje samd i påstanden frå Bodahl-Johansen om at folk som ber om å sleppa å stå på ei offentleg søkjarliste, ikkje bør få offentlege leiarstillingar.

– Hadde rekrutteringssituasjonen vore slik at det var god tilgang av folk som ønskte leiarjobbar i skuleverket, så ville det nok skapt mindre uro når ein rektor søkte ein annan jobb.

– Men slik situasjonen er no, er denne uroa ei reell problemstilling. At ein rektor ønskjer å unngå dette av omsyn til arbeidsplassen, er heilt forståeleg, seier Sudmann.

Kommunalsjefen stod for øvrig sjølv på den offentlege søkjarlista då ho tidlegare i år søkte jobben som ho fekk fast i sommar, etter å ha vore konstituert sidan i fjor sommar.

Til stillinga som kommunalsjef oppvekst i Time var det tre søkjarar, to opne og ein lukka, pluss at ein fjerde søkjar trekte seg etter ikkje å ha fått medhald i at vedkomande kunne sleppa å stå på den offentlege søkjarlista.