Nora Helen Engelsvold, Shyfoox, på Høyland – der «swattinga» skjedde.
Nora Helen Engelsvold, Shyfoox, på Høyland – der «swattinga» skjedde. Foto: Snorre Standish Norheim

Dramaet fredag 24. juli starta med at katten Lucas tissa i senga.

Nora Helen Engelsvold (23) og sambuaren Ruben Husebø Amin (25) stod på Jysk og kikka på madrass då den første telefonen frå politiet kom.

– Korleis går det med skotskadane til Josh? spurte politiet.

Josh er ekskjærasten frå fleire år tilbake og busett i Vest-Virginia, så det kunne ikkje Engelsvold svara på.

Ut frå innhaldet i telefonsamtalen kunne ho ikkje forstå kvifor dei ringde og spurte henne om det.

Då den neste telefonen kom, var sambuarane komne til Ganddal. Ho sjekka husappen på telefonen og svarte at det ikkje var teikn til at nokon hadde tatt seg inn etter at dei drog heimafrå klokka 16:08.

Ho såg føre seg ein enkeltpatrulje som var innom og undersøkte på Høyland, og ana først at det kunne vera noko meir seriøst då politiet nekta dei å dra heim.

Men framleis var det ingenting i det politiet hadde sagt som kunne bu henne på synet av naudetatane, som stoppa dei og andre trafikantar då dei kom over den siste humpen i Ålgårdsvegen.

Foto: Heidi Karin Gilje Skog
Foto: Heidi Karin Gilje Skog Foto: Foto: Heidi Karin Gilje Skog

Melding om alvorleg vald

Fire ambulansar på rekkje, ein luftambulanse, tallause politibilar og eit spesialkøyretøy var i posisjon.

Beredskapstroppen sitt helikopter, AW169, fauk frå Oslo mot Jæren, ifølge NRK.

Eit stort publikum stod utanfor Coop Extra og prøvde fånyttes å få klarleik i årsaka til utrykkinga.

Ein gjeng gutar gjekk oppover Lyevegen og såg ned mot Høyland, der politiet hadde ein aksjon gåande.

Der hadde politiet fått konkret melding om ei alvorleg valdshending.

Det gjekk fleire timar før operasjonsleiinga kjende seg trygg på at det ikkje var hald i meldinga.

– Me jobba med å verifisera alt, så me ikkje risikerte at nokon låg hardt skadd eller drepne ein plass, sa seksjonsleiar Sigve Kolstad til Jærbladet måndag.

Nora Helen Engelsvold gjorde som ho fekk beskjed om og parkerte med den knall grøne bilen, med «SHYFOOX» på skiltplata, utanfor butikken på Lye.
Nora Helen Engelsvold gjorde som ho fekk beskjed om og parkerte med den knall grøne bilen, med «SHYFOOX» på skiltplata, utanfor butikken på Lye. Foto: Foto: Privat

Ungar som kjende Engelsvold att på grunn av dataspela ho lagar, ropte då politiet tok henne med bak i bilen for eit avhøyr.

Ho orienterte politiet om kor nøklane var, og andre praktisk ting, men fekk ikkje greie på kvifor dei skulle inn og leita hjå henne.

Først seint på kvelden fekk ho og sambuaren dra heim, utan andre forklaringar enn dei lokale og nasjonale media hadde å dela.

Trudde det var fartskontroll

Mens andre naboar gjekk ned i kjellaren, vart eit eldre ektepar verande i første etasje og hadde utkikk mot nabohuset.

Gjennom stovevindauget såg dei først ein stor svart bil rygga inn ved postkassestativet utanfor huset til Engelsvold.

Dei følgde med mens to politimenn gjorde seg klare til det dei trudde var ein fartskontroll, før bilen køyrde vekk igjen.

Så kom det politibilar på løpande band, som køyrde sakte forbi eller stilte seg opp bak ei løe, på kjelva, på vegen og utanfor vindauget deira.

– Det var politi alle vegar. Ennå visste ikkje me kva det var. Ingen hadde sagt noko, fortel ekteparet snart éi veke seinare.
– Det var politi alle vegar. Ennå visste ikkje me kva det var. Ingen hadde sagt noko, fortel ekteparet snart éi veke seinare. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Eit barnebarn ringde under politiaksjonen og fortalde at politiet leitte etter nokon, og at dei måtte halda seg unna vindauget.

Ein slektning ringde for å høyra kva som skjedde, men dei hadde ikkje noko å fortelja om, utanom to stykk som kraup med gevær.

Hadde slektningen ringt berre litt seinare, ville tanta hatt langt meir å seia. Då hadde politiet samla seg og gjekk til aksjon.

– Dei storma løa, og dei storma brønnhuset. Dei var rundt huset der borte og kom tilbake, men fann ingenting.

– Nei, aldri. Ektefellane har budd 62 år i huset og er klare i si sak. Så mykje action som på fredag 24. juli, har det aldri vore på Høyland før.
– Nei, aldri. Ektefellane har budd 62 år i huset og er klare i si sak. Så mykje action som på fredag 24. juli, har det aldri vore på Høyland før. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

«Swatting»

Laurdag formiddag måtte Engelsvold og sambuaren bort og høyra korleis det hadde gått med det gamle ekteparet i nabohuset.

Gjennom dei fekk ho veta at innringaren truleg hadde vore langt unna.

Nabokona hugsar samtalen med politiet:

– Politiet sa at de ikkje treng å vera redde. For dette kjem langt vekk ifrå, og det er ingen rundt her som er innblanda i dette. Det tykte eg var godt. Utover det, trur eg ikkje han sa så mykje.

Informasjonen var ny for Engelsvold, som innringinga faktisk galdt.

Den sjuke katten deira, som hadde avtale hjå veterinæren, forsvann då politiet tok seg inn i huset og lét ytterdøra stå open.

Ein video, tatt av dørkameraet, viser to politimenn med skjold og maskingevær som tar seg inn i huset.

Fornærma i to politisaker

Meldinga hadde vore så truverdig, forklarte innsatsleiaren frå politiet, at dei ikkje kunne gjera anna enn å prioritera oppdraget høgt.

Alvoret voks då det kom inn meldingar, 24 minutt seinare, om at det var høyrt skot i området.

Skota kom frå nokon som skaut på blink, og var reelle. Men valdshendinga som var grunnen til utrykkinga, var det ikkje hald i.

«Swatting» blir det kalla når folk ringer inn falske meldingar om alvorlege hendingar, som gjer at naudetatane må rykka ut med tunge våpen og alt dei har av ressursar.
«Swatting» blir det kalla når folk ringer inn falske meldingar om alvorlege hendingar, som gjer at naudetatane må rykka ut med tunge våpen og alt dei har av ressursar. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

I dag har Engelsvold status som fornærma i ei straffesak som gjeld falsk alarm.

Det er den andre politisaka ho er involvert i denne sommaren.

Den andre er ei sak om grovt bedrageri, som involverte bombetrugslar, og vart lagt vekk av politiet tidlegare i juli.

Spelutviklar med suksess

Det er ikkje berre skrikande grønt hår og matchande gatebil som gjer at Nora Helen Engelsvold skil seg ut.

Ho er kanskje den største spelutviklingsstjerna me har i Norge, ifølge Rune Fjeld Olsen, som er speljournalist i Level Up og spelkritikar i NRK.

Tidlegare i år fekk ho gründerpris under Jærens kvinnegalla, for nyskaping, global gjennomslagskraft og inspirerande entreprenørskap.

Jæren kvinnegalla på Bryne 7. mars.
Jæren kvinnegalla på Bryne 7. mars. Foto: Foto: Marthine Høiland Lode / Atelier Studio

Time kommune sin heiderspris går til ein person frå kommunen som har utmerka seg nasjonalt og internasjonalt, og det skulle ikkje overraska om Shyfoox snart endar opp med å få denne prisen òg.

Spela hennar på nettplattforma Roblox er blitt spelt 840 millionar gongar.

Lurt av falsk kjøpar

Det er ikkje uvanleg at spelutviklarar har fleire kontoar, til ulike prosjekt, og det har også Engelsvold.

Tidlegare i sommar gjekk ho med på å selja eitt av spela sine til ein velkjent og prislønt Roblox-brukar.

Seinare – for seint – fann ho ut at kontoen hans var blitt hacka og tatt over av nokon ho ikkje kjenner.

Transaksjonen 16. juni skulle skje via ein uavhengig tredjepart, som først frigjev spelet og pengane når begge partane har stadfesta at dei er fornøgde.

Men ho vart lurt av ei falsk hyperlenke, som leidde henne til ein truverdig replika av den ekte nettstaden Escrows.

Der gav ho frå seg kontoen med spelet, utan å få pengane sine.

Nora Helen Engelsvold og sambuaren Ruben Husebø Amin. – Alt som er skjedd frå då eg vart svindla, har eg dokumentert og meldt til politiet, seier ho.
Nora Helen Engelsvold og sambuaren Ruben Husebø Amin. – Alt som er skjedd frå då eg vart svindla, har eg dokumentert og meldt til politiet, seier ho. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Rulla opp svindelring

Ferieturen måtte avlysast. Dels på grunn av det tidkrevjande detektivarbeidet som følgde – dels på grunn av reaksjonane ho møtte.

Ho kontakta supporttenesta til Roblox og greidde, ved å dokumentera alt som hadde skjedd, å få tilbake eigarskapet over kontoen med spelet.

Det skjedde 1. juli, men Roblox ville ikkje overføra kontoen før dei kunne garantera at han hamna tilbake hjå Engelsvold.

Derfor var det først 9. juli – tre veker etter svindelen – at alt var tilbake til slik det var før.

Shyfoox har pleidd å delta på utviklarkonferansen Roblox arrangerer i California i september, men årets invitasjon lét venta på seg.

Selskapet set tryggleiken høgt og derfor var det ikkje sikkert at ein utviklar som beviseleg er blitt utsett for swatting, fekk delta.

– Viss det er prisen for å avsløra ein svindlargjeng, er det verd det, sa Engelsvold onsdag.

Dagen etter kom endeleg invitasjonen. Men på grunn av frykt for eigen tryggleik, er det langt frå sikkert at ho vil dra.

Ho har fått spelet tilbake, men ikkje Lucas, som fekk den store skrekken og forsvann då politiet lét døra stå oppe fredag for éi veke sidan. – Han kjem ikkje heim av seg sjølv. Han er svart, med litt kvitt på brystet og nedst på magen, seier eigaren.
Ho har fått spelet tilbake, men ikkje Lucas, som fekk den store skrekken og forsvann då politiet lét døra stå oppe fredag for éi veke sidan. – Han kjem ikkje heim av seg sjølv. Han er svart, med litt kvitt på brystet og nedst på magen, seier eigaren. Foto: Foto: Privat

Fleire i same situasjon

Kan det vera ei teikning over flyplassen i Amsterdam, Schiphol?

Det var gissinga frå ein ven som utan kontekst fekk sjå tankekartet Engelsvold har laga over alle kontoane, nettsidene og personane som er involverte i svindelsaka.

Etterforskinga begynte då Engelsvold undersøkte ei skryteside dei falske kjøparane hadde oppretta for å reklamera for spela sine.

Gjennom nettstaden Trustpilot, der brukarar kan melda frå om dårlege erfaringar med nettsider, oppdaga ho at ho ikkje er åleine om å ha blitt lurt. Fleire skreiv at dei hadde mista kontrollen over sine spel.

Ved utgangen av juli har ho samla sytten utviklarar på ei liste som stadig blir utvida.

Ingen på lista er kjende utviklarnamn som Shyfoox.

– Med meg har dei gått veldig feil, for dei går vanlegvis ikkje etter nokon med koplingar til store folk. Dei visste ikkje at eg eigde spelet dei prøvde å ta, forklarer Engelsvold.

Foto: Snorre Standish Norheim
Foto: Snorre Standish Norheim Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Svindla for millionbeløp

Ei detaljert oppsamling viser at utviklarane har inngått kontraktar som ikkje er blitt betalte, til ein verdi av totalt 1.705.570 amerikanske dollar – over 16 millionar kroner.

Shyfoox er så langt den einaste som har fått tilbake spelet sitt, utan å måtta betala for det. Dei andre er blitt avviste av Roblox.

Engelsvold får stadig spørsmål frå andre som er blitt svindla. Ho har skrive til Roblox og fortalt at svindlarane framleis er aktive.

Men med SWAT-åtaket og eit stort bevismateriale, kan det gå vegen for dei andre òg.

– Tingen er at svindlarane ville få meg til å teia, men dei skaut seg sjølv i foten. Eg har direkte kontakt med Roblox og eit renommé, utan at svindlarane kunne veta det.

Shyfoox designar univers der spelarane får utfalda seg som dyr og fantastiske vesen. Sidan 2016 har det mest populære spelet, «Dragons' Life», blitt spelt nesten 514 millionar gongar.
Shyfoox designar univers der spelarane får utfalda seg som dyr og fantastiske vesen. Sidan 2016 har det mest populære spelet, «Dragons' Life», blitt spelt nesten 514 millionar gongar. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Brukte juli på å etterforska

I tillegg til å samla spelutviklarar som er blitt svindla, har Engelsvold systematisk gått «kjøparane» sine etter i saumane.

I over éin månad har ho samla inn bevismateriale.

Ho har studert relasjonar mellom brukarkontoar, jamført gamle og nydanna alias, og sett på spel som har skifta eigar på Roblox.

Ho har kome seg inn i venesirklar og lukka chatgrupper, og oppretta kontakt med ei rekkje personar.

Ho har skrive til og snakka med mange folk – og jobba metodisk for å finna fram til namnet på ekte personar i USA og Canada.

Reaksjonane i andre enden har vore sterke.

Sende bombetrugslar

Dei forsøkte å få henne til å stoppa ved å truga med å ta livet sitt.

Så truga dei med ta over alle brukarane hennar.

Dei forsøkte med forhandlingar, intens flørting og å invitera på date, med nedsettande kommentarar, og så: bombetrugslar.

10. juli fekk ho 24 timar på avslutta etterforskinga. Viss ikkje ville svindlarane senda bomber heim til henne og kollegaar, truga dei i ei melding.
10. juli fekk ho 24 timar på avslutta etterforskinga. Viss ikkje ville svindlarane senda bomber heim til henne og kollegaar, truga dei i ei melding. Foto: Foto: Skjermdump frå chat

Engelsvold viser på telefonen alle gongane ho har ringt politiet.

Om bombetrusselen var tilbakemeldinga deira at det truleg var tomme trugslar, noko Engelsvold sjølv også trudde mest på.

– Fem eller seks dagar etter eg melde frå om bombetrugslar, vart saka lagt vekk. Så gjekk det litt meir enn éi veke, og eg vart swatta.

Mens Engelsvold sat bak i politibilen såg ho politiets drone fly opp til inngangsdøra. Tretten minutt seinare registrerte ein sjokksensor at politiet opna døra for å undersøka den innringde valdshendinga.
Mens Engelsvold sat bak i politibilen såg ho politiets drone fly opp til inngangsdøra. Tretten minutt seinare registrerte ein sjokksensor at politiet opna døra for å undersøka den innringde valdshendinga. Foto: Foto: Privat (montasje)

Veit ikkje når dei vil stoppa

Morgonen fredag 24. juli var Engelsvold i kontakt med han ho meiner er hovudpersonen.

Ho sende han eit freidig forretningstilbod for å demonstrera at ho veit nøyaktig korleis dei går fram når dei svindlar.

– Dette var ein , som aktivt svindla folk. Eg berre kopierte meldinga deira og sende henne til dei, seier Shyfoox kjekt.

Personen i andre enden svarte med grovt og krenkande språk, og varsla at noko ville skje same dag.

Svindlaren svarte på forretningstilbodet klokka 15.16. 2,5 time seinare, klokka 17.58, kom meldinga som leidde til full utrykking. – Den var konkret. Adresse, namn, kva som hadde vore gjort. Me var nøydde til å rykka. Dette var ikkje berre ei falsk innbrotsmelding, forklarte seksjonsleiaren ved operasjonssentralen i Sør-Vest politidistrikt den etterfølgande måndagen.
Svindlaren svarte på forretningstilbodet klokka 15.16. 2,5 time seinare, klokka 17.58, kom meldinga som leidde til full utrykking. – Den var konkret. Adresse, namn, kva som hadde vore gjort. Me var nøydde til å rykka. Dette var ikkje berre ei falsk innbrotsmelding, forklarte seksjonsleiaren ved operasjonssentralen i Sør-Vest politidistrikt den etterfølgande måndagen. Foto: Foto: Skjermdump frå chat

Å ringa inn eit falskt åtak er opplagt eit verkemiddel motparten er villig til å tå i bruk.

Engelsvold har fått meldingar som kan gje grunn til å uroa seg for om dei vil gå etter henne og familien.

– Eg trudde ikkje det før, men eg veit ikkje nå, seier ho onsdag.

Sambuaren Ruben Husebø Amin skvatt til då han høyrde engelsk utanfor huset tidlegare i veka. Det var berre ein syngande syklist.
Sambuaren Ruben Husebø Amin skvatt til då han høyrde engelsk utanfor huset tidlegare i veka. Det var berre ein syngande syklist. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Spent på etterforsking

Sidan swattinga har Engelsvold prøvd å få ut meir informasjon frå politiet.

Ho veit at ein mann hevda å ha gjort ei alvorleg valdshending mot ein annan person, men kjenner framleis ikkje detaljane.

Akkurat som med bombetrugslane, fortel ho, måtte ho ringa i fleire dagar for å få svar.

Onsdagen etter politiaksjonen er ho invitert ned til politistasjonen, og ho er spent på korleis dei vil ta imot henne.

– Eg veit ikkje, men eg har i alle fall gjort jobben veldig mykje lettare for dei ved å vera ein «pain in the ass».

Nora Helen Engelsvold på veg til politiet onsdag 29. juli. I ryggsekken har ho laptopen med bevismaterialet ho har samla inn.
Nora Helen Engelsvold på veg til politiet onsdag 29. juli. I ryggsekken har ho laptopen med bevismaterialet ho har samla inn. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Roser detektivarbeidet

Torsdag stadfestar seksjonsleiar for etterforsking ved Jæren politistasjon, Morten Slettebø, at dei nå ser swattinga i samband med svindelsaka.

– Me bruker materialet hennar aktivt. Ho har gjort ein grundig jobb med å kartlegga omfanget og dei involverte personane. Politiet set veldig stor pris på at ho har gjort ein god jobb, og skal sjå på opplysingane ho har kome med.

Dokumentasjonen leier politiet til nettverk og personar i andre land, som USA og Canada, der norsk politi ikkje har jurisdiksjon.

Derfor vil det lokale politiet sjå om det er råd å få hjelp av politiet i landa der dei mistenkte bur.

Seksjonsleiar Morten Slettebø leier etterforskinga av svindelen og swattinga på Høyland. – Me ser på dei i lag, og så blir det eit ressursspørsmål med tanke på kva me har kapasitet til å følga opp. Det skal vurderast med påtale, seier han.
Seksjonsleiar Morten Slettebø leier etterforskinga av svindelen og swattinga på Høyland. – Me ser på dei i lag, og så blir det eit ressursspørsmål med tanke på kva me har kapasitet til å følga opp. Det skal vurderast med påtale, seier han. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Komplisert og vanskeleg

Å etterforska nettkriminalitet der gjerningspersonane er i andre land, er både komplisert og vanskeleg, seier Slettebø.

Politiet får ikkje tilgang til serverar utanfor Norge. Dessutan har innringaren brukt internetteknologi til å ringa med, som er vanskelegare å spora enn ein telefonsamtale.

Jæren politistasjon har dialog med Digitalt politiarbeid i Stavanger, og det er aktuelt å kopla på Nasjonal Cyberkrim-gruppe i Kripos.

Ved å bruka dei nasjonale ressursane vil ein sjå om det finst fellestrekk med andre saker, men også trekka lærdom frå den falske alarmen sist fredag – sidan swatting ennå er å rekna som eit nytt fenomen i Norge.

I artikkelen «Da swatting kom til Jæren» har NRK intervjua seksjonsleiar Sigve Kolstad på operasjonssentralen i Stavanger.

– Dette er nytt for oss, både korleis telefonen kom inn og kva slags datakunnskapar som ligg til grunn. Eg er spent på om me klarer å ta dei. Men det skal me prøva på, uttaler han.

Garanterer ingenting

Seksjonsleiaren avsluttar intervjuet på sjølvsikkert vis:

– Men at dei må stå til straffansvar, er eg rimeleg sikker på.

Etterforskingsleiar Morten Slettebø er ikkje like bastant som kollegaen.

– Det gjer prosessen vanskelegare når dei mistenkte er ein heilt annan plass i verda. Men me gjer dei tinga me kan og hentar inn den informasjonen som er mogleg, før me skal gjera opp status med korleis me ligg an for å kunna straffa dei.

Det er alltid det som er målet, seier han:

– Det er ikkje alltid me lukkast med det, men med alvoret i denne saka, skal me legga ned ein innsats for å få mest mogleg informasjon på bordet.

Foto: Snorre Standish Norheim
Foto: Snorre Standish Norheim Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Meir å undersøka

Shyfoox jobbar vidare med å samla bevis mot svindlarane – og møter motbør.

Fredag måtte pengesummane og talet på råka spelutviklarar – som er opplyst tidlegare i artikkelen – oppdaterast fleire gongar.

På fredagskvelden tok ein ny burnerkonto kontakt med henne, denne gongen under namnet ShyFoox THE GOAT.

Personen i andre enden truga med swatting, men skreiv at aksjonen for éi veke sidan berre var som ein smekk på handa å rekna.

I nye meldingar, sendt nøyaktig éi veke etter swattinga, kom det trugslar om ytterlegare eskalering.
I nye meldingar, sendt nøyaktig éi veke etter swattinga, kom det trugslar om ytterlegare eskalering. Foto: Foto: Skjermdump frå chat