Ein reguleringsplan er eit politisk vedtatt dokument som seier noko om den framtidige arealbruken i eit avgrensa område. Planen, som består av eit kart med reguleringsføresegner, seier noko om korleis området kan brukast og kva som kan byggast på eigedommane i planområdet.
Til dømes kan same reguleringsplan regulera noko til bustad, noko til leikeplass og noko til veg.
Det er desse planane som vert lagt til grunn når ein innbyggar får ja eller nei til eit byggeprosjekt, til dømes.
Utdaterte planar
I Hå, som fleire andre kommunar, er det ei utfordring at desse planane er i ferd med å verta gamle, samtidig som berre eit fåtal av dei er digitaliserte.
Nå har planavdelinga i kommunen begynt eit større arbeid for å oppdatera planane.
– Målet er å gjera planen meir brukarvennleg og presis, og lettare å forvalta, i tillegg til å redusera behovet for dispensasjonar, seier plansjef Ole von Erpecom Vikse.
For, poengterer han, mange av planane er detaljerte, med føringar for alt frå farge på takstein til vinkel på taket, og føreset byggeteknikkar og -stilar som ikkje lenger er i tida.
Når nokon vil gjera noko nytt, må dei derfor i stor grad søka om dispensasjon frå regelverket, eventuelt søka om omregulering av mindre delar av planen.
Begge delar medfører mykje ekstraarbeid for alle partar, og kan gjera stadutviklinga mindre føreseieleg.
Plansjef Vikse trekk fram planen for Varhaug Aust som døme. Berre i fjor kom det inn elleve dispensasjonssaker knytte til den eine planen. Ni av dei vart godkjent, medan to vart avslått.
Mjukar opp
Nå tar planavdelinga fleire grep for å forenkla prosessen. Blant anna vil dei tillata opp til to etasjar høge bygg og gjera valet av taktype valfritt.
I dag tillèt dei gamle planane opp til 1 eller 1,5 etasjars byggehøgd og set krav om saltak – reglar som ikkje er i takt med moderne byggeskikk.
For å unngå konfliktar med naboar, vil planavdelinga seia nei til takterrassar. Det vert òg enklare å bygga gjerde og murar, så sant desse ikkje kjem i konflikt med siktlinjer. Kommunen opnar òg opp for litt større garasjar – opp til 50 kvadratmeter, men desse må byggast minst ein meter frå eigedomsgrensa.
I dagens planar er det teikna inn omriss av dei individuelle husa. Alt som fråvik frå desse omrissa, føreset dispensasjon eller reguleringsendringar.
Planavdelinga vil fjerna omrissa til fordel for byggegrenser frå nabo, veg og så bortetter. Innafor desse grensene står du friare til å bygga, under føresetnad av at det ikkje går ut over siktlinjer, solforhold og liknande.
– Dette gjer regelverket meir presist, brukarvennleg og enklare å forvalta, meiner Vikse.
Han meiner det er på høg tid å gjera noko med dei gamle planane, og viser til at husa som ligg der er i ferd med å verta gamle.
– Nokon av desse bustadane er mogne for å rivast og bygga opp på nytt. Då må du sjølv kunna velja kva tak du skal ha. Dette er eit behov som vert meir og meir gjeldande, etter kvart som nabolaga vert eldre, seier han.
Plansjefen kallar oppmjukinga ei opning under ansvar.
– Det er ikkje berre å gjera som du vil. Du er nøydd til å oppfylla kriteria, seier han.
Enklare fortetting
Det skal òg verta enklare å fortetta.
Under visse føresetnadar skal ein ikkje lenger trenga å omregulera for å fortetta:
- Prosjektet må ligga 500 meter eller meir frå næraste jernbanestasjon
- Eigedommen som skal fortettast må vera under 1.200 kvadratmeter
- Prosjektet kan maksimalt tilføra to nye bueiningar
- Husa må vera minst åtte meter breie
- Kvar tomt må ha direkte tilkomst til offentleg veg eller felles parkering
- Krav til uteopphaldsareal og soltilhøve må vera varetatt
- Infrastrukturen i området må vera god nok
I denne omgang er det to reguleringsplanar som skal oppgraderast: Ein for Varhaug Aust, og ein for Urheifeltet på Nærbø. Fristen for å komma med innspel til dei føreslåtte endringane er høvesvis 6. og 8. april.
Etterpå står fleire andre reguleringsplanar for tur.
– Me kjem til å legga dei same prinsippa til grunn for alle planane, seier plansjef Vikse.
Han legg til at sjølv om prinsippa er dei same, vert dei ikkje gjeldande før dei er vedtatt i reguleringsplan.
Plansjefen seier dei føreslåtte endringane vil påverka mange.
– Eg trur det er rundt 450 som har vorte varsla i berre samband med endringa for Varhaug aust, seier Vikse.