Myrthle Kvalø Tjemsland held på hetta. Kjellaug Varhaug (til venstre) smiler og held humøret oppe.
Myrthle Kvalø Tjemsland held på hetta. Kjellaug Varhaug (til venstre) smiler og held humøret oppe. Foto: Åge Bjørnevik

Det kjendest nesten ut som om naturen diska opp med sin eigen jærske slam-poesi – med stor intensitet og utilslørt fysisk nærvær – då diktarstien i Hå vart gjenopna torsdag ettermiddag.

Ein kraftig vind frå nordvest røska i dei besøkjande oppe på toppen heilt ute ved havet. Kaldt, ja – men sola hadde skine så godt som heile dagen.

Men så – nett før den høgtideleg opninga skulle starta – kom det ei skikkeleg bøye med vassrett regn.

– Dette er den tøffaste opptredenen eg nokon gong har hatt, sa Jarle Obrestad til Jærbladet etter den våte og iskalde opplevinga på tusenårsstaden på Obrestad torsdag kveld.
– Dette er den tøffaste opptredenen eg nokon gong har hatt, sa Jarle Obrestad til Jærbladet etter den våte og iskalde opplevinga på tusenårsstaden på Obrestad torsdag kveld. Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Eirik J. Varhaug var eit stort smil i regnet og ruskevêret. Eva Hegre har bydd han ein støttande arm i vindròsene.
Eirik J. Varhaug var eit stort smil i regnet og ruskevêret. Eva Hegre har bydd han ein støttande arm i vindròsene. Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Det var ei god bøye med skikkeleg, vassrett, jærsk regn då Hå-ordførar Andreas Bjorland kom til den høgtidelege gjenopninga på Obrestad.
Det var ei god bøye med skikkeleg, vassrett, jærsk regn då Hå-ordførar Andreas Bjorland kom til den høgtidelege gjenopninga på Obrestad. Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Ordføraren i Hå, Andreas Bjorland, takkar dei som har gjort sitt for at den 25 år gamle diktarstien opp til tusenårsstaden på Obrestad no framstår som ny att. Songar og musikar Jarle Obrestad (t.v.) og Mikal Siqveland frå Hå historielag lyttar – og naturen er i ferd med å skru av regnet.
Ordføraren i Hå, Andreas Bjorland, takkar dei som har gjort sitt for at den 25 år gamle diktarstien opp til tusenårsstaden på Obrestad no framstår som ny att. Songar og musikar Jarle Obrestad (t.v.) og Mikal Siqveland frå Hå historielag lyttar – og naturen er i ferd med å skru av regnet. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

– Det ser ut som om det gjev seg snart, trøysta songar og musikar Jarle Obrestad, som hadde med seg elgitaren for å opptre med to av sine eigne songar – begge med tekst av Helge Torvund.

Og det gjorde det, i løpet av ordførar Andreas Bjorland sin tale, der han skrytte av kor fint det har vorte etter oppgraderinga av stien, gjerda, portane og steinane med dikt som ligg langs stien, som går frå vegen og bratt opp til toppen rett oppføre Obrestad hamn.

Kommuedirektøren i Hå, Anne Berit Berge Ims, dokumenterer frå den høgtidelege gjenopninga av diktarstien, som går opp hit til tusenårsstaden på Obrestad.
Kommuedirektøren i Hå, Anne Berit Berge Ims, dokumenterer frå den høgtidelege gjenopninga av diktarstien, som går opp hit til tusenårsstaden på Obrestad. Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Etter regn kom sol – berre den kraftige, kalde nordvesten var nokonlunde konstant denne torsdagsettermiddagen på Obrestad.
Etter regn kom sol – berre den kraftige, kalde nordvesten var nokonlunde konstant denne torsdagsettermiddagen på Obrestad. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

– Den tøffaste opptredenen nokon gong

Regn og elgitar er ikkje ein ideell kombinasjon. Jarle Obrestad var spent på om han fekk lyd. Det fekk han.
Regn og elgitar er ikkje ein ideell kombinasjon. Jarle Obrestad var spent på om han fekk lyd. Det fekk han. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

Jarle Obrestad var spent på om kan kom til å få lyd i elgitaren etter det kraftige regnvêret.

Det gjorde han heldigvis.

Jarle Obrestad er godt kjend ute ved havet på Obrestad, så han såg at regnet kom til å gje seg raskt. Men han fekk god bruk for den fine vindhetta til mikrofonen.
Jarle Obrestad er godt kjend ute ved havet på Obrestad, så han såg at regnet kom til å gje seg raskt. Men han fekk god bruk for den fine vindhetta til mikrofonen. Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Etter regn kom sol – berre den kraftige, kalde nordvesten var nokonlunde konstant denne torsdagsettermiddagen på Obrestad.
Etter regn kom sol – berre den kraftige, kalde nordvesten var nokonlunde konstant denne torsdagsettermiddagen på Obrestad. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

Men den kalde nordvesten heldt fram med uforminska styrke, så det blei kaldt på fingrane å spela gitar. Såpass kaldt at han lurte på om han skulle gje seg etter ein song. Men når han kjende etter, var der litt kjensle att i fingrane enno, så han tok den andre også.

– Det er den tøffaste opptredenen eg har natt nokon gong, fortalde han til Jærbladet etterpå.

Det er Nærbø Bygdeservice som har teke seg av den praktiske jobben med oppgraderinga av diktarstien opp til staden som Hå i 1999 valde til kommunen sin tusenårsstad – og som vart høgtideleg opna året etter.

Kultursjefen i Hå, Ingunn Nord-Varhaug, ønskte velkommen ved den nyvølte porten inn til diktarstien på Obrestad, som går opp til Hå kommune sin tusenårsstad på toppen av bakken.
Kultursjefen i Hå, Ingunn Nord-Varhaug, ønskte velkommen ved den nyvølte porten inn til diktarstien på Obrestad, som går opp til Hå kommune sin tusenårsstad på toppen av bakken. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

No, eit kvart århundre seinare, var det heile prega av vêr og vind, og hadde behov for ei skikkeleg oppgradering. Hå historielag og Hå kommune har samarbeidd tett om organiseringa av prosjektet, og pengane kjem i hovudsak frå to bankstiftingar.

Torsdag ettermiddag og kveld var det altså høgtideleg nyopning av diktarstien, før turen gjekk vidare til Hå gamle prestegard, der elevar frå Hå kulturskule, Helge Torvund, Nina Ellen Ødegård, Jarle Obrestad, Torstein Obrestad, Gunnar Tønnesen, strykekvartett frå Jæren Symfoniorkester, Tom Hetland og Svein Høyland stod på scenen.

Etter den høgtidelege opninga vart det arrangert ein fullsett festkveld med kulturprogam på Hå gamle prestegard. Her er cirka den eine halvdelen av det store publikummet.
Etter den høgtidelege opninga vart det arrangert ein fullsett festkveld med kulturprogam på Hå gamle prestegard. Her er cirka den eine halvdelen av det store publikummet. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

Arrangementet var eit samarbeid mellom Hå kommune, Hå historielag, Hå mållag, Hå gamle prestegard, Hå kulturskule, Hå bibliotek, Garborgsenteret og Klepp kommune.

– Eg er verkeleg glad for dette

Poeten Helge Torvund fortel at han ikkje har fått sett korleis det ser ut på den nyoppussa diktarstien.

– Eg er ikkje så god til beins lenger, men eg har sett fotografi av korleis steinane med dikt no ser ut. Teksten kjem skikkeleg fram, men samstundes ser du at teksten begynner å gro saman med steinane. Det likar eg godt, seier Torvund til Jærbladet.

– Eg er verkeleg glad, både for at dei har sett i stand diktarstien att og for at dei har denne store markeringa av dagen her på Hå gamle prestegard, seier poeten Helge Torvund.
– Eg er verkeleg glad, både for at dei har sett i stand diktarstien att og for at dei har denne store markeringa av dagen her på Hå gamle prestegard, seier poeten Helge Torvund. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

Han var sjølv med på å plukka ut dei sju tekstane som er å sjå langs diktarstien.

– Så for meg er dette personleg. Eg er verkeleg glad, både for at dei har sett i stand diktarstien att og for at dei har denne store markeringa av dagen her på Hå gamle prestegard, seier Torvund.

Diktarane som er representerte langs stien, er Åse-Marie Nesse, Tobias Skretting, Alfred Hauge, Arne Garborg, Alexander Kielland, Helge Torvund og Tor Obrestad.

Foto: Åge Bjørnevik
Foto: Åge Bjørnevik Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Foto: Åge Bjørnevik
Foto: Åge Bjørnevik Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Foto: Åge Bjørnevik
Foto: Åge Bjørnevik Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Foto: Åge Bjørnevik
Foto: Åge Bjørnevik Foto: Foto: Åge Bjørnevik