Slik ser det ikkje ut i dag, men omtrent sånn kan det bli.  Hotell Jæren er i kontakt med kommunen om ei utviding.
Slik ser det ikkje ut i dag, men omtrent sånn kan det bli. Hotell Jæren er i kontakt med kommunen om ei utviding. Foto: P. Undheim

– Me kikkar på fleire ting. Hotellet er jo i utvikling og vekst, men det er ingenting som er fastsett. Me ser på fleire moglegheiter for å kunna bygga fleire hotellrom, seier hotelldirektør Mette Vigre til Jærbladet.

Satsing over fleire år

Under Bykonferansen i haust fekk hotellet den høgthengande byutviklingsprisen.

Renovering og nytt bygg stod sentralt i grunngjevinga:

– Eit bygg som har vore ein sentral møteplass i Bryne sidan opninga i 1977 stod ved eit vegskilje – var det kroken på døra etter over 40 år? I staden valde lokale eigarar å satsa, med totalrenovering, nytt tilbygg og ein tydeleg ambisjon om å skapa liv i sentrum. Satsinga har skapt meir aktivitet i byen og gode møteplassar for både innbyggarar og næringsliv.

Vidare skreiv juryen at tilbygget, som stod ferdig i 2023, ytterlegare har auka kapasiteten til å ta imot gjestar frå fjern og nær.

Kapasiteten er likevel ikkje god nok, seier hotelldirektør.

– Nå har me 95 hotellrom, og me skulle gjerne hatt rundt 120.

Snakkar med kommunen

Den lokale bedrifta P. Undheim var entreprenør for totalrenoveringa og bygde overbygget til den nye fløya.

I slutten av januar kontakta dei Time kommune, om moglegheita for å bygga på ein etasje på den eldste delen av hotellet.

– Etter å ha gjennomgått reguleringsplanen, ser det ut til at det er mogleg å utvida både i areal og høgd. Før me går vidare med prosjektet, ønsker me ei avklaring frå dykk, skreiv dagleg leiar Pål Undheim.

Kommunen har svart og invitert til førehandskonferanse. Mette Vigre seier at illustrasjonen som P. Undheim har lagt ved førespurnaden til kommunen, er å rekna som ein moglegheitsstudie.

Hotellet er eigd av Europris-gründer Wiggo Erichsen og familieselskapet til forretningsmannen Helge Orstad.

Mette Vigre er direktør for eit hotell i vekst.
Mette Vigre er direktør for eit hotell i vekst. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Hotell i vekst

I 2024 hadde Hotell Jæren driftsinntekter på 48,6 millionar kroner, som er 11,8 millionar kroner meir enn året før.

Inntektsauken skuldast i hovudsak den nye fløya med 43 nye rom, som vart tatt i bruk hausten 2023.

– 2024 vart eit eineståande godt år med veldig bra belegg, fortalde Vigre då Jærbladet omtalte rekneskapsåret i fjor sommar.

Ho seier dette om framgangen hotellet har hatt dei seinaste åra:

– Det er veldig kjekt, men det er like mykje Bryne og Jæren, og heile regionen. Alle vil opp og fram, og har veldig mange byggeprosjekt som me nyt goda frå. Det dryp på alle – det er vel så godt belegg på Bryne Kro. Me merker at det er behov for fleire hotellrom på Bryne.