Onsdag ettermiddag, mens dei norske friidrettsstjernene ladar opp til Bislett Games i Oslo, gjennomfører talentfulle 14- og 15-åringar i Bryne Friidrettsklubb siste trening før avreise.
Fredag til sundag skal dei konkurrera i Tyrvinglekene, som blir arrangert i Bærum idrettspark og er Norges største friidrettsstevne.
Her møter dei utøvarar frå heile landet, og dei lokale talenta har gode føresetnader for å hevda seg.
Fleire rekk opp handa på spørsmål om dei siktar mot ny personleg rekord, og er allereie topp ti i Norge i favorittdisiplinane.
Viktige ambassadørar
Klubben vil legga til rette for at ungdommane held fram, slik at dei kan bygga opp friidretten på Bryne.
– Eg tenker at dei er veldig gode ambassadørar for Bryne, og forbilde som er avgjerande for rekrutteringa. Derfor gjer me òg fleire miljøtiltak, som er viktig når andre ting begynner å lokka, seier styreleiar Torvald Hadland.
Eitt av tiltaka er å la ungdommane Ylva Djønne Østerhus og Maia Oggiano trena dei yngre utøvarane.
Eit tiltak som dessverre ikkje vart noko av i år, er å vera publikum under Bislett Games i Oslo.
Klubben har pleidd å reisa ein dag tidlegare til Tyrvinglekene, som startar fredag, men i år vart Diamond League-stemnet lagt til onsdagen.
Meir enn fotball
Styreleiar Hadland vil gjerne visa at Bryne er meir enn fotball, og minner i den samanhengen om at Erling Braut Haaland er ein hybrid mellom .
Hadland er stolt over gjengen som er med i Tyrvinglekene. Han forklarer at framgangen er eit resultat av målretta trening lagt ned frå 8–9-årsalderen kombinert med god oppfølging frå klubben.
Tilbodet frå klubben blir styrka gjennom ein avtale med treningssenteret Robust på Bryne, som gjev ungdommane ein plass å trena styrke. Ein avtale med Skjalg IL i Sandnes sikrar gode sprintfasilitetar innandørs om vinteren.
Eit arbeid som er begynt på, er å nytta spesialtrenarane som finst i klubbane rundt i distriktet. Klubben stiller seg også positiv til eit konkret initiativ om å få til meir samarbeid på Vestlandet.
– Skal me ha utvikling, må me ha spisskompetanse på enkelte tekniske øvingar. Eit utvida samarbeid er allereie på gang, for eksempel med Sandnes på høgdetrening, fortel Hadland.
Meir seriøst i år
Fram til nå har fokuset vore å utvikla ungdommane til allsidige utøvarar. COOP Jærcup, som er ein serie med stemne i mangekamp, gjer at alle har konkurrert i korte og lengre løp, og i kaste- og hoppeøvingar.
– Men når dei blir 15, går me meir over til spesialisering, fortel trenar Ragnhild Djønne Østerhus.
Mens det dei to føregåande åra har vore spanande berre å vera med i Tyrvinglekene, er deltakinga meir seriøs i år.
Ungdommane veit godt korleis dei ligg an på norgesstatistikken, i forhold til konkurrentane.
– Fokuset er ikkje så mykje å måla oss mot andre, men heller å måla deg mot sjølv, presiserer trenaren.
Vil ha fleire til å konkurrera
Djønne Østerhus begynte som trenar då dottera Ylva starta med friidrett, etter korona. Då var dei berre to–tre på treningane.
Nå møter vanlegvis ni eller ti ungdommar til treningane på Bryne og Lyefjell, som har dei beste friidrettsfasilitetane i kommunen.
– Det er ei veldig god gruppe, der alle konkurrerer. Ein kjekk gjeng, seier trenaren.
Praktisk nok er alle jentene fødde i 2011, og alle gutane i 2012, som har gjort har dei fått delta i mange stafettar.
– Dei er gode forbilde for dei unge i klubben, og me har lyst å halda på dei. Me satsar på å dra opp fleire, og få dei med på konkurransar, fordi det er der mykje av det sosiale rundt friidretten skjer, seier Djønne Østerhus.