Klokka halv to natt til fredag fekk politiet melding om ein hund som stod og gøydde på ein balkong på Varhaug.
Politioverbetjent Morten Slettebø ved Jæren politistasjon fortel at det viste seg at eigaren var vekkreist på ferie.
– Eigaren hadde ordna med hundepass. Det var folk som fulgte hunden opp, men dei hadde ikkje fått med seg at hunden hadde fått opp døra og komme seg ut på balkongen på eiga hand, seier Slettebø.
Dei som passa hunden, fekk han inn igjen. Dermed kunne freden på nytt senka seg over stasjonsbyen.
Slettebø fortel at saka lot seg løysa uten utrykking.
– Operasjonssentralen fekk ringt og ordna opp, seier han.