Langtidsskade og draumen som blei oppfylt
Ein av dei siste dagane i mai fekk Vilja løpetid. Dagen etter rauk korsbandet til Tuva Hansen.
Tysdag 4. august kom fire kvalpar. Datoen kjem til å stå i eit heilt spesielt skinande lys for fotballproffen frå Bryne.
– Det er heilt sjukt. Terminen var fire dagar seinare, men tre av dei fire kvalpane kom på bursdagen min. Ei skikkeleg gåve!
Den stygge smellen i venstre kne skjedde i eit oppgjer mellom West Ham og Aston Villa. Sidan har ho vore ute av drift.
Men mens ho sjølv både er blitt operert og sakte trener seg opp igjen, har store ting skjedd på heimebane hos foreldra hennar: Den seks år gamle cockapoo'en Vilja, som har følgd med på lasset i Hansen sin proffkarriere både i Tyskland og i England, har vore drektig.
– Eg har alltid sagt at eg har lyst til at Vilja skal få eit kull viss eg skulle få ein langtidsskade, seier matmor.
Og ved ein serie slumpetreff blei draumen verkeleg, ifølge Hansen:
Då skaden var eit faktum og ho fekk klarsignal om operasjon i Norge, tok ho kontakt med oppdrettaren for å få Vilja para. Det var vellukka. Knapt to månader etter, mens ho sjølv blei gratulert med bursdagen sin, låg Vilja i fødsel.
– Hadde ho fått løpetid ei veke tidlegare, ville me ikkje hatt kvalpar nå. Og det er sju-åtte månader mellom kvar løpetid. Vilja nærmar seg dessutan fasen der ho ikkje bør bli drektig lenger. Så dette var heilt ekstremt, eg klarer nesten ikkje å tru det.
Men at det har skjedd, kan ho lett sjekka. I kvalpekassen som far hennar har snikra, ligg Vilja med sine fire små, to hannar og to hoer. Der skal dei vera ei stund.
Vilja er ein bereist hund som har vore på 60 flyturar saman med henne, anslår Tuva. Hunden reiser i ein tøybag spesiallaga for fly og går som handbagasje der ho ligg ved beina til Hansen.
Ho er dessutan meir kjend enn dei fleste hundar.
– Mykje meir enn meg! Fleire gongar er eg blitt stoppa på flyplassar av folk som spør om det er eg som er mor til Vilja.
På TikTok har hunden, «Vilja the Cockapoo» over 900.000 følgarar, på Instagram over 100.000. Folk kan sjå Vilja gjera yoga, eller «doga», med Tuva. Dei kan sjå Vilja med solbriller og Vilja som tilsynelatande er med på titteleiken i sofaen.
Desse plattformene gir også Tuva Hansen sjansen til å påverka folk sitt forhold til hundar som liknar på teddybjørnar.
– Ein person sa til meg at ein hund som Vilja hadde passa perfekt i sofaen hennar på hytta. Som om hunden var ein ting!
I dag blir ein del hundar avla på utsjånad i staden for på åtferd, påpeiker Tuva Hansen.
– Der mister dei meg. Cockapoo'ar treng stimuli og aktivitet. Og det er på grunn av mykje hjernetrim og fordi ho har sprunge etter ball eller vore i annan aktivitet, at Vilja er roleg. Eg vil at folk skal forstå at det krev innsats og tid å få ein godt oppdratt hund.
Dei to har vore saman sidan pandemien.
Kva Vilja betyr for Tuva?
– Ho er sentrum i mi verd, seier Tuva Hansen.
John og Kayla gjekk Norge på langs
Ikkje så mange har gått Norge på langs, verken på fire eller to bein.
– Eg var den trøyttaste. Viss me hadde gjort unna fire mil på ein dag, var eg «daosleden». Kayla fann ein pinne og var klar til å leika, seier John Hobberstad frå Varhaug.
Det var for fem år sidan, sommaren 2021, at han og border collien Kayla gjekk 3.000 kilometer saman, frå Nordkapp til Lindesnes.
Sidan er friluftsliv blitt livsstilen til Hobberstad, som i lange periodar bur i campervan eller «bybobil» saman med Kayla og nå også Loomi, som er eitt år gammal.
Kayla er snart 11, og nå lar han henne bli heime på dei lengste turane. I sommar har han og hundane likevel rukke å gå både i Rondane, i Jotunheimen og i sunnmørsfjell.
Hobberstad fortel at han ei tid sleit litt med psyken.
– Med Kayla fekk eg turkamerat og selskap. Det er supert å ha ein hund å tenka på og å bry seg om, i staden for å sitta heime og ha det trist. Det gir meistringskjensle. Med hunden må ein ut, og av det får ein det betre, meiner han.
Med border collie er livet ikkje ein kvileheim, har han erfart. Det var det han ville ha; ein type hund som kunne dra han opp av sofaen og som både trong og tolte mykje tur.
– Dei er så smarte at dei treng mykje mental stimulans, ellers kan ein få ein hund som utagerer. Kayla og Loomi må jobba for å få snacks. Me driv mellom anna hjernetrim-leikar der dei må ut og søka. Fordi eg gir dei tida mi, blir dei lojale og lydige. Dei er med meg på alt. Me er liksom eit team.
Ein del av triksa har han plukka opp på Fra bølle til bestevenn på tv. Men i Hobberstads campervan er det nokså fritt å vera hund, ifølge eigaren.
– Dei har fri tilgang til mat, og til å sova i senga mi. Ingenting er off-limits. Eg gir dei tillit og forventar respekt.
– Det høyrest ut som du snakkar om menneske?
– Dei er litt som menneske, berre at dei ikkje snakkar. Etter ei stund les ein dei lett. Eg snakkar med dei, om kva me skal ha til middag og kva me skal gjera seinare. Det forstår dei nok ikkje. Men dei forstår «tur», «mat» og «inn» – det siste betyr inn til meg.
Han hadde hatt ein hund før Kayla.
– Den blei påkøyrt. Det gjorde så vanvitig vondt å oppleva at eg nesten angra på at hadde fått ein til. Veldig mange forstår ikkje kor glad ein blir i hundane sine, seier John Hobberstad.
40 kilo selskapshund
– Truls er stor og utskjemd, seier Ragnhild Stokka Dyngeland om sin gode, firbeinte ven.
Det breker frå vinterfôra sau i bakgrunnen når bonden på Lye gjer greie for forholdet sitt til den ni år gamle førstegongskrysninga mellom kongepuddel og labrador som oftast tilbringer dagen på sofaen, sovande. Om kvelden har ho han ved føtene.
Til forskjell frå 200 sau, mykje gris og vel 60 storfe, skal Truls ikkje bli mat. Han er der for kosen.
– Han er ikkje involvert i gardsdrifta. Han er ein sofahund, ein selskapshund, seier Dyngeland.
Ho kan ikkje tenka seg eit liv utan hund.
– Truls er mentalhygiene. Han er beroligande selskap. Og så er han jo like glad for å sjå oss, anten det er gått fem minutt eller to veker.
Truls elskar å køyra bil. Han sit på passasjersetet framme. Setet er øydelagt, ettersom han held seg fast med klørne.
– Eg er ikkje så høg, og i bilen er han minst like høg som meg. Mange parkeringsvakter er kome heilt utav det når dei har treft meg og Truls, seier Dyngeland.
Ein hund som er kome i hus «etter fire ungar» blir ikkje spesielt veloppdragen, vedgår ho. Truls gir ikkje lett opp framsetet i bilen. Og han felkk i grunnen ikkje lov til å ligga i sofaen. I lemminga søv ho i ei fjosseng. Då søv han i den saman med henne. Det er ei utfordring å gå tur rundt Melsvatnet og å møta andre, særleg små hundar. Men det gjer dei ikkje så ofte.
Det har hendt ho har tenkt at dei kunne ha meldt seg til tv-programmet Fra bølle til bestevenn.
– Men slik me bur, er det ikkje noko stort problem.
«Stort sett» lystrar Truls henne. Men viss han stikk av, er det Morten, mannen hennar, som best får han tilbake.
– Truls likar så godt å køyra bil at det berre er å starta den, så kjem han.
Folk som ikkje har hund, forstår ofte ikkje kor glad ein kan bli i dei, meiner Dyngeland. Ho skil mellom Truls og dei andre dyra på garden.
– Ein kan jo ikkje knyta seg for mykje til produksjonsdyr. Eg kan ikkje akkurat stå og grina kvar gong ein gjeng slaktegris blir køyrt av garde, seier Ragnhild Stokka Dyngeland.
Han er nummer tre i Teddy sitt hierarki
– I Teddy si rangering er kona mi øvst i hierarkiet. Så kjem han. Så eg, seier Jon Torger Hetland Salte på Bryne.
– Han er blitt veldig tiggete. Kona er vegetarianar, men ikkje eg. Teddy likar veldig godt når eg lagar mat, for då får han kjøtbitar undervegs.
Kona Emma har hest og kan dyr, forklarer Salte. Henne lystrar Teddy på imponerande vis. Sjølv er han berre blaut i hjartet, meiner han.
Dessutan fekk dei Teddy i hus då han var eitt år gammal. «Dressur» er ikkje eit dekkande ord for forholdet mellom dei to.
– Eg har godtatt han som han er. Han oppfører seg litt som eit trekkdyr på tur, så han kunne nok vore kandidat til Frå bølle til bestevenn. Men han er ni år nå. Han går betre saman med menneske enn med andre hundar. Han står ofte berre og stirar utilpass på andre hundar som vil leika, seier Salte, som til dagleg er kyrkjelydsutviklar i Bryne.
Teddy er i ganske god form, men er blitt latare og latare, ifølge eigaren. Han kallar seg også sjølv for ein bedageleg hundeeigar.
– Eg likar å gå tur, men ikkje å pusta og pesa i ni timar. Me går i nærområdet, og av og til tar eg han med på joggetur. Men me er heilt ukoordinert. Når me til slutt finn felles rytme, er han utsliten. Heime har me gjerda inn hagen, så han spring ein del rundt der.
Kvar dag gler Jon Torger Hetland Salte seg til å komma heim til Teddy.
– Det er mykje bra terapi i ein hund etter ein tett arbeidsdag. Me har ikkje ungar, og her er ein som bryr seg, som hoppar opp, er blid og alltid glad for å sjå meg.
Mange som ikkje har hund, forstår ikkje den emosjonelle biten fullt ut, meiner Salte.
– Det gjorde ikkje eg heller, før, når eg møtte folk som var heilt ferdige etter å ha mista hunden sin. Nå forstår eg det.
Han gruar seg for lengst til den dagen Teddy døyr.
– Det vil bli som å mista eit familiemedlem. Ikkje eit menneske, absolutt ikkje. Men eg har sagt til kona at når det skjer, så må eg ha ein ny same dag.
Ville ikkje ha sykla 60 km i veka ellers
Mads Lørup kjenner det ennå inni seg når han fortel om den gongen.
Den gongen på ein sjukeheim då ei taus dame med tomt blikk plutseleg reiste seg, gjekk bort til kongepuddelen, la seg rett ned ved sida av han og snakka med han om livet sitt i eit kvarter – visst meir enn ho hadde uttrykt seg på fleire år.
– Det gir fantastisk mykje at Kiro er besøkshund, seier Lørup, som bur i Sirevåg og jobbar med logistikk i eit internasjonalt firma.
Sju år gamle Kiro er ein hund som aldri har togge sund ein sko eller ete opp ein sokk, ifølge eigaren.
– Han kom frå ein oppdrettar i Lyngdal som gav meg ein veldig god kjensle. Der fekk Kiro springa fritt med andre hundar. Eg henta han då han var 12 veker, for eg er heilag overtydd om at kvalpar treng å vera med mora i den bratte læringsfasen mellom åtte og 12 veker, seier Lørup.
For å bli besøkshund må både hund og eigar på kurs. Der sjekkar dei hunden mellom anna for aggresjon og eigesjuke ved å ta ifrå han mat og leiker. Med Kiro gjekk det fint.
– Men det låg litt arbeid bak, seier Mads Lørup.
I mange år dreiv han og kona gard og hadde både éin og to hundar om gongen. Då dei flytta til byggefelt, var dei heilt einige om at dei ikkje skulle ha fleire dyr, fortel han.
Så gjekk det åtte-ni år. Då hadde lysta meldt seg igjen. Det blei Kiro, og Lørup seier han ikkje har angra ein dag.
– Han avgrensar oss litt, men er jo med oss på alt, anten det er julaftan, ferie i Danmark eller på restaurant. Viss ein spør på førehand om det er greitt å ta med hund, går det oftast fint. Eg har aldri fått nei. Kiro er nesten som eit familiemedlem. Eg ser svart på den dagen han eventuelt forlèt oss.
Men før den tid har Mads Lørup ein turkamerat som byr han på ei mengd gratis-opplevingar.
Utan Kiro trur han ikkje han ville ha sett seg på sykkelen kvar ettermiddag og dratt på ein times tur. I løpet av veka blir det gjerne 60 kilometer.
– Han er eit vanedyr. Etter middag og ein kaffikopp kjem han med nasen oppi fanget. Då veit han at me skal ut.
Etter morgonturen er kongepuddelen i Sirevåg så van med at eigaren skal på jobb, at han berre går og legg seg.
– Men når eg kjem tilbake, er han så glad som om eg skulle ha vore vekke i tre veker. I godt lag pleier eg å seia at eg måtte ha hund for at nokon skulle vera glade når eg kjem heim.
Ho ser ikkje på seg sjølv som sjefen til Luring. - Eg er hans følgje, seier Anne Marie Matningsdal.Foto: Hilde Kåstad
Luring er den tredje ungen
Den som lar hunden få mat ved bordet, får ein tiggar i huset, slår Anne Marie Matningsdal fast.
– Men det er jo greitt å få rydda opp rundt ungane sine stolar, då.
Den vesle tiggaren på Kåsen heiter Luring. Han er ein cocker spaniel på to år. Ved sida av å vera del av ein familie med to vaksne og to barn, er han idrettsutøvar saman med matmor.
Sporten heiter «nosework» og handlar om at hunden bruker luktesansen for å finna bestemte duftar. Det er krevjande hjernetrim for hunden, men med store oppsider, ifølge Matningsdal.
– Oppgåva kan vera å finna éi lukt, eller å finna fleire. Det kan vera mentalt svært krevjande. Men eg har vald ein hunderase som må ha mental aktivitet for å vera psykisk og fysisk fornøgd, seier ho.
Det er ikkje berre hunden som likar å snusa. Også for Anne Marie Matningsdal er sporten blitt mykje meir av ein livsstil enn ho hadde tenkt.
– Det er blitt veldig kjekt. Me er med i ein hundeklubb, og sjølv om me konkurrerer mot andre, heier alle på kvarandre. Fritida mi går med til dette. Eg har bytta hest med hund, seier ho.
For tida er ho i permisjon med den minste. Korleis tinga sviv rundt med to barn og aktiv hund, veit ho ikkje alltid.
– Mannen min hjelper til. Det har likevel hendt at eg har spurt meg sjølv korfor eg gjorde dette med to små. Men så går det seg til, og så gløymer eg at eg angra.
Ho og Luring trener mykje saman, konkurranselystring og kvardagslystring. Men ho vil ikkje kalla seg sjølv «sjef».
– Det er ikkje eit ord eg vil bruka om forholdet til ein hund. Eg er hans følgje. Eg vil at han skal velja meg frivillig. Det får eg til å skje med lure teknikkar. Eg køyrer ikkje straff. Eg jobbar for å få til det eg vil skal skje, heller enn å fokusera på kva eg ikkje vil ha.
Ved måltida heime har dei likevel ein tiggar. Men han gjer seg ikkje gjeldande før han ser at dei legg ned gaflane, seier Anne Marie Matningsdal.
– Han veit at det er då det løner seg. Hundar gjer berre det som løner seg.
Utan hund – for første gong på 47 år
Sheeba. Bessie. Doxa. Sheeba. Bruno. Erin Ruby. My. Doxa. Black. Nadine. Smilla. Sana. Lucy.
– Det har vore endå fleire Sheeba og Doxa, fortel Torill og Arne Husveg på Nærbø når dei prøver å nemna alle i rekkefølge.
Men sidan i fjor har dei ikkje hatt lyden av tassande potar over golvet. Det var då kosehunden Lucy, berre fem år, blei sjuk og måtte avlivast, ifølge pensjonistekteparet. Dei sørger over tapet og skulle begge gjerne ha hatt ein ny hund.
– Lysta er der, men kona har ikkje helse til det lenger, seier Arne Husveg, som representerer partiet Konservativt i Hå kommunestyre.
I staden har dei minne om ei lang rekke hundar som har gjort livet deira rikt. Dei fleste har vore fuglehundar som Arne Husveg har hatt med på rype- og orrfugljakt og som dei begge har hatt med i konkurransar.
Nokre av minna gjer rett nok vondt. I 1991 sprang Sheeba, ein engelsk setter, ut på eit islagt vatn ved Egersund. Isen brast, og hunden gjekk under.
– Eg prøvde å ta meg ut til han. Men eg måtte snu for å redda meg sjølv, seier Arne Husveg.
Han har jobba i kriminalomsorga. I ein periode heitte kollegaen Hebbe og var narkohund.
– Me reiste rundt i fengsel og sjekka. Hebbe var så oppsett på å få jobba at viss eg tok ein kontordag på Åna, sto han i hundegarden og kikka mot fengselet. Hebbe var arbeidsnarkoman.
Avl av jakthundar har dei også vore borti – med fire kvalpekull, ni i kvart. Ein Statoil-direktør ville kjøpa ein kvalp, fortel dei. Då sa dei nei.
– Kvalpen var avla fram for å bli jakthund, ikkje ein hushund å gå små turar med.
Dei er kritiske til ein del avl som dei meiner har gjort også fuglehundar meir utsette for sjukdom enn før. – Det har me fått vår del av, seier Husveg. Dei er sterkt imot avl på små hundar som «ikkje har hjerneskalle nok til innhaldet», eller der nasen er avla vekk og hunden får pusteproblem.
– Ein skal ikkje avla fram dyr som lir, slår Torill og Arne Husveg fast.