For kyrne var det godt å få kjenna grønt gras under klauvene igjen. For folk var det spennande å få sjå dei glade og viltre kyrne.
For kyrne var det godt å få kjenna grønt gras under klauvene igjen. For folk var det spennande å få sjå dei glade og viltre kyrne. Foto: Åge Bjørnevik

Folk – særleg småbarnsfamiliar – strøymde til Jerseymeieriet på Herikstad laurdag formiddag. Då var det kuslepp, for tredje året på rad. Ein folkefest med sal av lappar, pølser og meir – og med slepp av kyrne på beite som det store høgdepunktet.

Tante Hanne Hauge Løining (t.v.), onkel Vegard Bøe Honningsvåg, mormor Ingunn Hauge (bak) og barnebarna/niesene Leah og Iben hadde funne eit godt utsiktspunkt på toppen av ein voll, og var godt nøgde med sitt første kuslepp ved Jerseymeieiriet. Dei hadde til og med fått helsa på kalvane før det store sleppet.
Tante Hanne Hauge Løining (t.v.), onkel Vegard Bøe Honningsvåg, mormor Ingunn Hauge (bak) og barnebarna/niesene Leah og Iben hadde funne eit godt utsiktspunkt på toppen av ein voll, og var godt nøgde med sitt første kuslepp ved Jerseymeieiriet. Dei hadde til og med fått helsa på kalvane før det store sleppet. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

– Det var litt tilfeldig at me begynte med dette. Me ville laga eit arrangement for å visa folk at me er her, og for at folk kunne få koma og sjå eit kuslepp. Det er jo ikkje alle som har dagleg kontakt med kyr, og då er det jo litt spennande, seier dagleg leiar Sonja Herikstad Skårland ved Jerseymeieriet.

Dei hadde ikkje tenkt at det skulle bli ei årleg hending, eigentleg, men i fjor begynte folk å spørja når kusleppet skulle vera – og dermed valte Jerseymeieriet å gjera det til ein tradisjon.

Dermed kunne folk også i år koma og sjå at dei små, brune kyrne – som gjev ei ekstra feitt- og proteinrik mjølk – blei sleppte på beite for sommaren.

Eller eigentleg ikkje heilt.

– Det har vore kaldt, våren er sein, så det er ikkje klart for beite der kyrne skal gå. Så i dag får me sleppa dei ut så dei får kosa seg litt, og folk få sjå litt på dei. Men så må kyrne inn att og vera der ei stund til – til det er nok mat til dei på beitet, seier Sonja Herikstad Skårland.

Dagleg leiar Sonja Herikstad Skårland driv med multitasking. Ho lagar lapperøre og snakkar med Jærbladet, samtidig som det stadig er nokon innom med spørsmål om forskjellig.
Dagleg leiar Sonja Herikstad Skårland driv med multitasking. Ho lagar lapperøre og snakkar med Jærbladet, samtidig som det stadig er nokon innom med spørsmål om forskjellig. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

Det er mykje å gjera rundt eit slikt arrangement. Sjølv står den daglege leiaren og lagar meir lapperøre då Jærbladet snakkar med henne. Ektemannen Per Ådne Skårland – som har hovudansvaret for gardsdrifta – er i fjoset for å gjera kyrne klare til slepp.

Men det er arbeidsoppgåver for heile storfamilien, og dei er verkeleg sette i sving: som trafikkdirigentar, lappesteikarar, kupassarar og mykje meir.

Faster Bergfrid Herikstad er eit stort smil der ho står med takkene og steiker lappar – saman med venninna Astrid Håvarstein.

– Det er veldig gildt å vera med på dette, slår Herikstad fast.

Venninnene Astrid Håvarstein og Bergfrid Herikstad (faster til den daglege leiaren ved Jerseymeieriet) hadde ei travel økt som røynde lappesteikarar, men dei kosa seg med folkelivet.
Venninnene Astrid Håvarstein og Bergfrid Herikstad (faster til den daglege leiaren ved Jerseymeieriet) hadde ei travel økt som røynde lappesteikarar, men dei kosa seg med folkelivet. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

Og kyrne? Jo, dei hoppa og dansa litt, som kyr skal når dei får den første dagen på beite etter mange månader inne i lausdriftsfjoset. No hadde dei vore inne sidan slutten av september.

Flokken med jerseykyr måtte ha seg fleire rundar rundt på beitet.
Flokken med jerseykyr måtte ha seg fleire rundar rundt på beitet. Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Her er nokre av dei mange som var med på kusleppet ved Jerseymeieriet på Herikstad laurdag formiddag.
Her er nokre av dei mange som var med på kusleppet ved Jerseymeieriet på Herikstad laurdag formiddag. Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Noah Mosby (2) ættar frå garden på Herikstad – oldemor hans kjem derfrå. Han syntes det var spennande med kyrne, men så hadde han også funne ein veldig fin stein som han ville visa fram.
Noah Mosby (2) ættar frå garden på Herikstad – oldemor hans kjem derfrå. Han syntes det var spennande med kyrne, men så hadde han også funne ein veldig fin stein som han ville visa fram. Foto: Foto: Åge Bjørnevik