«Det har kommet sterke reaksjoner på plasseringen fra noen av våre kunder», skreiv dagleg leiar Ingvar Sikveland etter ei synfaring med kommunen i Rektor Sælands veg på Bryne.

Der har Stolt Bolig selt fire eksklusive einebustader for meir enn 37 millionar kroner.

Huseigarane skal ha bossdunkar på eiga tomt, men mange av naboane skal kasta avfallet sitt i eit felles anlegg rett utanfor huset deira.

Involverer politikarane

I slutten av august sende Sikveland ein e-post til kommuneleiinga og alle politikarane i utval for lokal utvikling.

Der protesterer han mot at kommunen gjer alvor av planane om eit nedgrave renovasjonsanlegg:

«Er det virkelig en løsning kommunen mener er rimeleg og ønskelig at to større boligprosjekter skal få løse sitt behov for avfallshåndtering utenfor egne tomter, og at den permanente belastningen dette medfører i stedet skal legges foran fire nye eneboliger på en annen eiendom?»

Sikveland meiner saka er prinsipiell, og han har vanskeleg for å sjå at dette var ei løysing politikarane har sett føre seg:

«Konsekvensene blir dermed ikke båret av prosjektene som skaper renovasjonsbehovet. De overføres til fremtidige boligeiere som må forholde seg til renovasjonsanlegget permanent.»

Slik ser eit nedgrave renovasjonsanlegg ut. Dette står i Jernbanegata på Bryne og høyrer til dei nye «550»-blokkene.
Slik ser eit nedgrave renovasjonsanlegg ut. Dette står i Jernbanegata på Bryne og høyrer til dei nye «550»-blokkene. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Vedtatt for seks år sidan

Då Stolt Bolig kjøpte Rektor Sælands veg 7, i mars 2025, var planen for blokkprosjektet Biskopgården for lengst vedtatt.

Det same gjeld planen for eit prosjekt i andre enden av gata, i Hetlandsgata 16–18, der «kunstgrasparken» er.

Er politisk vedtatt

Den konkrete renovasjonsløysinga er skildra og illustrert i eit saksframlegg kommunestyret fekk i 2020.

Der står det at løysinga hadde vore ute på tilleggshøyring, og at fylkeskommunen og Statsforvaltaren var positive.

Kommunedirektøren forklarte at ideen var å ha eitt felles anlegg, i staden for to med kort avstand mellom kvarandre.

Då kunne dessutan ei nyare blokk som i dag har bossdunkar, slutta seg til. Det same kunne framtidige fortettingsprosjekt på sørsida.

Ulike svar frå kommunen

Sjefen for kommunalteknikk, Ole Bjørn Maråk, har svart Sikveland.

I ein av e-postane skriv han spørjande:

«Forstår ikkje heilt logikken; kommunen skal etablere 2 nye renovasjonsløysingar i stadenfor 1 og flytte «problema» til andre bebuarar langs etter Rektor Selands veg, når denne løysinga er vist i planskildringa?»

Stolt Bolig baserte seg på løysinga i ein moglegheitsstudie dei sende til byggesaksavdelinga i januar 2025.

Men etter ein intern gjennomgang, protesterte denne delen av Time kommune.

E-posten byggesaksbehandlaren skreiv den gongen, skal seinare bli brukt mot kommunen:

«Plasseringa av dei nedgravne avfallskonteinarane er ikkje juridisk sikra i plan 0513 då dei ligg utanfor planområdet. Intensjonen er at det skal vere ei felles løysing i gata, men det er usikkert kor og korleis dette endeleg blir løyst. Det må difor settast av plass til renovasjonsdunkar på eiga tomt. Me ønskjer ikkje at dette blir plassert på fortau.»

Stolt Bolig justerte prosjektet og sende inn ein søknad, som byggesak så godkjende.

Søknaden om å bygga fire einebustader kravde fleire unntak frå ein eldre reguleringsplan. Time kommune løyste det som ei dispensasjonssak, og behandlar byggesak. I søknaden som vart godkjent 30. april 2025, løyser Stolt Bolig avfallshandsaminga på eiga tomt. 3D-teikninga viser ikkje felles avfallsløysing i gata – akkurat slik byggesaksavdelinga hadde sagt.
Søknaden om å bygga fire einebustader kravde fleire unntak frå ein eldre reguleringsplan. Time kommune løyste det som ei dispensasjonssak, og behandlar byggesak. I søknaden som vart godkjent 30. april 2025, løyser Stolt Bolig avfallshandsaminga på eiga tomt. 3D-teikninga viser ikkje felles avfallsløysing i gata – akkurat slik byggesaksavdelinga hadde sagt. Foto: Foto: Aros Arkitekter

Åtvarar mot store kostnader

I førre møte i utval for lokal utvikling ytra sjefen for kommunalteknikk eit ønske om å sleppa fleire saker i media der det kjem fram at Time kommune opererer med fleire motstridande syn.

I eit formelt brev 31. august samanfattar han kommunalteknikk sitt syn på det nedgravne anlegget.

Her legg han til grunn – i motsetnad til byggesak – at anlegget er «hefta» i planane for dei to blokkene.

Han skriv at kommunen har inngått to utbyggingsavtalar og er ikkje innstilt på å følga oppmodinga frå Stolt Bolig.

Han åtvarar:

«Det vil medføre store kostnader for Time kommune og samstundes vere avtalebrot, om ein skulle endre på valt løysing.»

2. september vart nok ein del av kommunen kopla på saka – nærmare bestemt kommuneadvokaten.

Ole Bjørn Maråk orienterte utvalet om Storgata, der byggesak sette kommunalteknikk på vent, mens planavdelinga utarbeidde ein gågateplan med løysingar som kommunalteknikk allereie hadde valt bort.
Ole Bjørn Maråk orienterte utvalet om Storgata, der byggesak sette kommunalteknikk på vent, mens planavdelinga utarbeidde ein gågateplan med løysingar som kommunalteknikk allereie hadde valt bort. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Har hyrt advokat

Stolt Bolig har engasjert Tom Kalsås i Haver Advokatfirma, som åtvarar dersom renovasjonsanlegget blir noko av.

«Avfallsanlegget vil få store konsekvenser for kjøperne av boligene i Rektor Sælands veg 5–7. Stolt Bolig vil derfor på det sterkeste motsette seg at avfallsanlegget blir etablert som foreslått, både ved et forslag om planendring eller eventuelt søknad om dispensasjon.»

Kalsås viser til at utbyggaren endra prosjektet sitt etter tilbakemeldinga dei fekk frå byggesak.

Advokaten har og meiner det ikkje kan vera tale om noko avtalebrot frå kommunen si side.

Han meiner saksbehandlinga har vore «uryddig og svært uforutsigbar for Stolt Bolig, med ulike tilbakemeldinger fra ulike avdelinger i kommunen».

Sjølv er han samd med byggesaksdelinga, som skreiv at plasseringa av renovasjonsanlegget ikkje er juridisk bindande.

Advokaten avsluttar med ein trugsel om at Stolt Bolig vurderer å halda Time kommune erstatningsrettsleg ansvarleg for eit eventuelt økonomisk tap.
Advokaten avsluttar med ein trugsel om at Stolt Bolig vurderer å halda Time kommune erstatningsrettsleg ansvarleg for eit eventuelt økonomisk tap. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim