Jærens store son, fotballspelaren Erling Braut Haaland, har tilnamnet Oksen frå Jæren. At han har utretta mykje er det ingen tvil om. Men når Bryne FK feirar 100 år med storslegen fest er det likevel ein annan okse som står i sentrum: Oksen Braut.

Braut blei fødd på ein gard på Braut i Klepp i 2002. Mesteparten av livet sto han i ein bås hjå Geno der dei tappa han for sæd. Innan han blei send til slaktaren i 2017, 15 år gammal, hadde han, via inseminering, rokke å bli far til heile 300.000 kalvar.

Folkefest

Nå skal den legendariske avlsoksen altså låna namnet sitt til ei storslegen feiring i Jærhallen laurdag 7. november.

– Me lova folkefest i samband med 100-årsjubileet vårt. Du kan kalla det bygdefest, rølpefest eller folkefest. Eg synest «Brautfest» kommuniserer alle dei tinga. Det er eit passande namn på eit slikt arrangement, seier Bjørn Hagerup Røken i Bryne FK til Jærbladet.

Bjørn Hagerup Røken (t.v) og Einar Braut gjer seg klare til å møta pressen. Då må dei ha på stedledressen.
Bjørn Hagerup Røken (t.v) og Einar Braut gjer seg klare til å møta pressen. Då må dei ha på stedledressen. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Målet er å fylla Jærhallen med 2.500 feststemte publikummarar som kjem for å feira fotballklubben med musikk frå Vassendgutane, Ingenting, Innavl, Tommy & Tigeren og Heimalagt.

Frå sistnemnde band har Hagerup Røken invitert med seg Bryne-legenda Einar Braut til å testa den mekaniske rodeooksen som òg kjem til Brautfesten.

– Han er tjukk og fæl å sitta på, slår bonden Braut fast.

Han har akkurat klart seg gjennom ein vellukka runde utan å bli kasta av, rett nok på den enklaste innstillinga.

Til dei som kunne tenka seg ein liten rodeorunde 7. november har han ei lita åtvaring:

– Det er ikkje så lett. Det tar nok ikkje lange tida før du blir kasta av. Men det er jo løye. Me får berre håpa at det ikkje går nokre tenner, seier han.

Stedledressen er på plass. Nå trengst berre ein standsmessig hatt.
Stedledressen er på plass. Nå trengst berre ein standsmessig hatt. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Familieband startar festen

Det er bandet hans, Heimalagt, som startar jubileumsfesten. Namnet er treffande, forutan han sjølv, består det av far Hans, og søstrene Henriette og Regine.

– Me speler musikk som me har eit forhold til heile gjengen, seier Braut.

Einar Braut og familiebandet Heimelaga blir først ut under Brautfest laurdag 7. november.
Einar Braut og familiebandet Heimelaga blir først ut under Brautfest laurdag 7. november.

Familiebandet har eksistert i ti år.

– Me lagte det til for løye på ein fest heime på Braut då eg fylte 40, fortel Braut.

Han er litt usikker på førre publikumsrekord, men han er i alle fall godt under 2.500. Om det blir fullt så mange 7. november, tvilar han litt på – det er trass alt dei som speler først.

– Men forhåpentlegvis blir det vårt største publikum, seier han.

Håpar på rekord

Billettane blir lagt ut for sal fredag 21. august. Sel dei ut alle, blir det ny publikumsrekord i Jærhallen.

– Me har fått inn nye portar for å auka kapasiteten her inne, fortel Hagerup Røken.

Klubben har bygd seg opp god røynsle i å handtera større arrangement. Likevel er Hagerup Røken spent. Han innrømmer at dei tar ein risiko.

– Med rigg blir det fort ein million kroner i utgifter, seier han.

Einar Braut (t.v) og Bjørn Hagerup Røken lovar god stemning i Jærhallen.
Einar Braut (t.v) og Bjørn Hagerup Røken lovar god stemning i Jærhallen. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Likevel, berre det kjem nok folk, og dei er klare for fest, så skal dei gå i pluss og vel så det.

– Går alt vegen, har me tent gode pengar på dette, seier han.

I så fall kan Bryne fort stå føre ein ny tradisjon.

– Me håpar at det blir så vellukka at dette blir ein årleg fest for jærbuen, seier Hagerup Røken.

Dugnad

For at kvelden skal gå som planlagt, må det mykje dugnadskrefter til. Erfaringa frå andre arrangement, sist visninga av VM-kampen mot Frankrike, er at rekrutteringa går ganske greitt.

– Me har ei litt anna organisering på dugnadane. Når folk er med, drypp det litt direkte på laga dei representerer. Det har me gode erfaringar med. Det blir ein ekstra motivasjon for å vera med, seier Hagerup Røken.

Om det trengst, hentar dei òg inn ivrige dugnadshender frå naboklubbane.

Einar Braut (t.v) og Bjørn Hagerup Røken er klare for 100-årsfeiring.
Einar Braut (t.v) og Bjørn Hagerup Røken er klare for 100-årsfeiring. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Brautfesten blir det tredje store arrangementet for å feira at Bryne FK fyller 100 år i år. Hagerup Røken meiner dei har lukkast med å treffa alle målgrupper.

– Tidlegare i år hadde me fest i Storstova. Det var ganske formelt. I sommar hadde me visning av VM-kampen mot Frankrike her i Jærhallen. Det var eit arrangement som var særleg for ungane. Det siste store arrangementet i jubileumsåret er Brautfest, som blir ein folkefest for eit vakse publikum, seier han.

Ny fest dagen etter

Hagerup Røken er stolt av programmet. I tillegg til familien Braut sitt band, Heimelaga, kjem Tommy & Tigeren, trubadurane som er fast innslag på så å seia alle fotballarrangement på Bryne.

Etter dei skal Innavl spela. Dei er også lokale. Innavl speler norske bluegrass-versjonar av kjende låtar.

– Dei passar veldig godt inn i formatet vårt, seier Hagerup Røken.

Til slutt kjem trekkplastera Vassendgutane og Ingenting.

– Dei sørger for breidda, slik at me kan fylla heile hallen, seier Hagerup Røken.

Brautfesten går av stabelen kvelden før siste seriekamp for Bryne, heimekamp mot Kongsvinger.

– Me håpar på fest då òg.