– Alle nyare mobiltelefonar som er kopla til 4G- eller 5G-nett i Norge, vil ta imot nødvarselet. Samstundes vil tyfonane gi signalet «Viktig melding – søk informasjon», heiter det i ei pressemelding frå Statsforvaltaren i Rogaland.
Føremålet med testen er å kontrollere at varslingssystema fungerer som dei skal, samstundes som befolkninga blir kjend med korleis det er å ta imot eit nødvarsel på mobilen, og med lyden og signala frå tyfonane.
– Mobiltelefonar vil vibrere og spele av eit høgt varslingssignal, sjølv om telefonen er sett på lydlaus. Testen er berre ei øving, og det er ikkje nødvendig å gjere noko når varselet kjem, heiter det i pressemeldinga.
Dersom du ikkje ønskjer å ta imot testen, må du setje telefonen i flymodus eller slå han heilt av i god tid før og etter klokka 12.