Ni lyngbrennarar skal samlast på garden til Ole Anton Liverud i Tjålandsvegen ved 09:30-tida. Derfrå tek dei turen oppover mot Ulvarudlå på Jærens tak.
Med sine 418 meter over havet er Ulvarudlå eitt av dei aller høgaste punkta i Time kommune, og tysdag skal lyngbrennarlaget svi av heile toppen.
Brannen kjem til å vera svært synleg over eit stort område.
– Me begynner nok så smått til 10-10:30-tida, men det kjem til å vera mest røyk og flammar å sjå frå 13–14 tida. Då reknar me med å vera i full gang oppe på toppen, seier Liverud.
Ulvarudlå er også eit populært turmål, men nett tysdag oppmodar Liverud turgåarar til å leggja turen ein annan stad.
Skal testa utstyr
Ole Anton Liverud er del av Gjesdal og Time lyngbrennarlag, ei gruppe med grunneigarar som har trening i kontrollert sviing av lynghei.
Lyngbrenning er ein eldgammal tradisjon for å halda beiteområde i hevd – og ifølgje Liverud er han i oppsving mange stader i landet.
Ved å svi av gammal gras og lyng, opprettheld sikrar ein gode vekstforhold for ny lyng og nytt gras – og sikrar dermed gode beite. I tillegg unngår ein tilgroing av uønskt vegetasjon, som både reduserer kvaliteten på beiteområda og gjev auka fare for ukontrollerte brannar i terrenget.
Den effekten skal dei oppnå ved tysdagens brenning også, men dette er i tillegg ein litt uvanleg operasjon, fordi dei skal testa ein del nytt utstyr for Rogaland brann og redning.
– Me i lyngbrennarlaget er ein samarbeidspartnar for brannvesenet, og me er ofte med og hjelper til ved store terrengbrannar, fortel Liverud.
Minner om det generelle bålforbodet
Vakthavande brannsjef Tom Meyer i Rogaland brann og redning fortel at dei planla å senda eigne mannskap ut i terrenget på øvinga tysdag, men så hadde dei ikkje kapasitet.
– Men eg kjem til å ta meg ein tur opp for å sjå. Det er læring i det som skal skje for oss i brannvesenet også, seier Meyer.
Den vakthavande brannsjefen minner om det generelle bålforbodet i utmark mellom 15. april og 15. september, og at det ikkje er fritt fram.
– Det som skal skje i terrenget ved Ulvarudlå tysdag er ei øving som blir gjennomført av trente mannskap, i forståing med oss i brannvesenet, seier Meyer.