(Sandnesposten) – Det lekk som ei sil. Dag og natt.
Jone Brandsøy peikar mot den nakne fasaden på huset sitt.
I 2010 kjøpte han og kona ein eigedom rett ved Frøylandsvatnet på Klepp Stasjon, og i eit tiår kjempa dei for å få planane om nytt hus godkjend.
Då dei endeleg nådde fram hos kommunen og arbeidet starta, hamna dei i konflikt med entreprenøren.
Byggmeisteren fekk oppdraget med bjelkelag, vindauge og dører.
Så oppdaga Brandsøy vatn på innsida av fasaden sin.
Byggmeisteren seier at dei har drive i 40 år og ikkje har hatt konfliktar som dette før.
– Brandsøy har alle ansvarsrettar sjølv. Han er ansvarleg for bygningen, seier Egil Knudsen.
– Heilt ekstrem
Førre veke møtte Brandsøy entreprenøren i Sør-Rogaland tingrett. Brandsøy krev arbeidet med tetting av fasaden dekka.
Ifølgje eit prisoverslag vil det koste i underkant av 940.000 kroner. Ein stor del av kostnaden kjem av krav om nye vindauge, slik at Brandsøy får garanti på vindauga.
Brandsøy tar Sandnesposten med opp i andre etasje av det uferdige tilbygget. Foreløpig er det berre ein vaklevoren stige opp til etasjen, men når ein først smyg seg forbi verktøya, er det vanskeleg å ikkje la seg imponere av utsikta.
– Me kunne ha flytta inn her innan no. Utsikta er jo heilt ekstrem, seier han og kikkar utover Frøylandsvatnet.
Inntørka vatn har teikna eit marmormønster på golvet.
– Sjå der. Og der. Og der. I natt var det berre halve spannet som fylte seg. Ikkje meir enn ein liter, seier Brandsøy med ein oppgitt latter mens han viser fram ulike punkt han meiner er manglar.
– Synd
– Du får ikkje tak i slike tomter som dette lenger. Det er synd at det blir øydelagd av ei slik sak, seier han.
Planen er å ferdigstille tilbygget og flytte ut av det gamle huset. Deretter skal gamlehuset byggast opp i same stil.
Brandsøy har reklamert på den utette fasaden og det som skal vere feilmonterte dører og vindauge.
I retten blei det diskutert ei rekkje forhold rundt vindauga.
To ulike takstmenn har rapportert at arbeidet ikkje var i tråd med god handverksskikk. Motpartens takstmann meiner derimot at arbeidet er gjort etter boka.
Brandsøy har tru på at han vinn rettstvisten.
Dommen er venta innan kort tid.
Nektar erstatningsansvar
Byggmester Egil Knudsen AS sin advokat er klar på at ansvaret for lekkasjane ligg hos Brandsøy. Dei meiner at Brandsøy ikkje har utført arbeid han var plikta til å gjere, noko Brandsøy hevdar er feil.
– Lekkasjeproblematikken skuldast berre at byggherre ikkje har gjennomført nødvendige og påkravde arbeidsoppgåver han sjølv skulle utføre og som beviseleg låg utanfor Byggmester Egil Knudsen sitt oppdrag, skriv Kullerud.
I ein e-post frå 2023 skriv selskapet følgjande til Brandsøy: «Isolering, vindusmontering, plateslåing og øvrig innredningsarbeid har jeg gått ut ifra du utfører selv».
Knudsen sjølv ønsker ikkje å gå inn i detaljar før saka er avgjort ved dom, men håper på at dommaren ser deira syn.
– Det er Brandsøy som har grave på tomta, støypt, sett opp betongblokkene og det var han som skulle fullføre på utsida, seier Knudsen.
Han meiner lekkasjane kjem av manglande kledning.
– Hadde vore i retten heile tida
Brandsøy har argumentert med at vindauga er montert etter feil monteringsrettleiing.
– Monteringsrettleiinga han refererer er utdatert. Me brukar Sintef sine rettleiingar og har montert vindauga korrekt. Hadde me ikkje gjort det, hadde me vore i retten heile tida, seier Knudsen.
Selskapet viser til at leverandørane av byggemateriellet er einige med dei.
Han meiner det ville tatt to mann ei veke å tette fasaden. Knudsen viser også til at den ansvarlege søkaren trekte seg frå saka på grunn av det han meiner er «rot og manglande kommunikasjon» frå Brandsøy.
Brandsøy meiner det er den lange liggetida i saka, som han skuldar på motparten, som gjorde at ansvarleg søkar trekte seg.
Ansvarleg søkar skreiv i vår eit brev til Klepp kommune om at han trekte seg på dagen.
– Eg har ikkje hatt oppfølging av tiltaket etter igangsettingstillatinga blei gitt i 2020, og har ikkje vore involvert i vidare framdrift, utføring eller koordinering av tiltaket etter, skriv søkaren.
Han ønsker ikkje å uttale seg i saka.
Ingen manglar, meiner entreprenør
– Byggherre har ikkje sannsynleggjort at det finst ein mangel ved oppdraget som er utført, når det gjeld montering og tetting av vindauge/dører, skriv advokat Jan Erik Kullerud på vegner av selskapet i sitt sluttinnlegg.
Dei meiner også at det er reklamert for seint.
Advokaten skriv vidare at eit eventuelt erstatningskrav uansett ikkje vil vere på meir enn 10–15 prosent av den kravde summen.