I sommar har det vore fleire ulukker der unge barn har døydd i trafikken. Dette har gjort inntrykk på Idar Torland på Nærbø, som sjølv er far til ei jente som skal begynna på skulen til hausten.
Huset til familien står på hjørnet mot eit trafikkert kryss i Roskhadle på Nærbø.
Onsdag kveld er Jærbladet innom for å høyra kva familiefaren har å fortelja. Den delen av hekken som står nærast krysset, fjernast heilt – i god tid før skulestart – slår han fast.
– All hekken inn mot krysset skal bort, og så skal eg leiga ein gravemaskin og få ordna opp og gjera det fint på andre måtar der, fortel Torland.
– Og så kjem eg til å setja opp ein ny hekk frå kanten av garasjen, altså lengre vekk frå vegen. Det kjem til å vera mykje hekk att på eigedommen, men ingen ting av det som tek sikta til bilistane i krysset, legg tobarnsfaren til.
Allereie dagen etter, torsdag etter arbeidstid, gjekk han i gang og skar ned den delen av hekken som skulle bort.
– Har kome nærare på
Han er ikkje så glad i å stikka seg fram, men håpar at han kan vera med å setja fokus på problemet med dårleg sikt i vegkryss på grunn av høge hekkar – og kanskje inspirera andre til å gjera det same som han har planar om no før skulestart.
– Eg har tenkt litt, men ikkje så veldig mykje på det før no, å fjerna denne delen av hekken. Fleire i nabolaget har teke grep på sine eigedommar tidlegare, og eg har sett at det har blitt betre og tryggare å ferdast i gata etterpå, seier Torland.
– Men med dødsulukkene med barn eg har lese om i sommar, og når eldstejenta no skal begynna på skulen, har det kome nærare innpå meg personleg. Det er viktig at me gjer det me kan for å sikra trygg skuleveg og trygge byggjefelt for ungane, seier han.
Familien har budd i huset sidan 2021, og Torland har vore aktiv med hekksaksa for å sikra at hekken ikkje skulle bli endå høgare og breiare enn han var då dei overtok.
Men no har Nærbø-mannen altså innsett at det ikkje er nok, og at han hadde lyst til å gjera meir.
– Skulle ønskt at kommunane var meir på
Torland seier at han også skulle ønskt at kommunane var meir aktive og følgde opp problemet med hekkar som tek sikta langs vegar og i kryss.
– Dei legg jo ut litt oppmodingar til folk på Facebook-sida kvart år rundt skulestart, og det er fint. Men i den grad dei kan, skulle eg håpa at dei oftare gav folk pålegg om å beskjæra hekken sin for å sikra god nok sikt, seier Torland.
Jærbladet har undersøkt, og det finst ulike heimlar for kommunane til å påleggja folk å klippa hekken.
For det første er det i reguleringsplanar – der administrasjonen jobbar med forslag og kommunestyret gjer vedtak – vanleg å leggja inn krav om fri sikt i kryss og ved avkøyrsler for at utbyggjarar skal få lov til å setja opp hus.
Det finst også reglar i veglova (paragraf 31 og 43) som gjev Statens vegvesen (på riksvegar), fylkeskommunar (på fylkesvegar) og kommunar (på kommunevegar) høve til å følgja opp og gje pålegg dersom plantevekst eller anna fører til at sikta blir for dårleg og skapar fare langs vegen.