Skjeraberget barnehage er frå 2010. I dag er det 76 plassar her. Nyleg søkte eigarane om tilskot til ytterlegare 26 plassar.
Skjeraberget barnehage er frå 2010. I dag er det 76 plassar her. Nyleg søkte eigarane om tilskot til ytterlegare 26 plassar. Foto: Håvard Ovesen

I mars skreiv Jærbladet at fleire foreldre på Nærbø som hadde søkt om barnehageplass til hausten, i staden fekk tilbod om plass på Varhaug. Grunnen var at det ikkje var fleire tilgjengelege plassar på Nærbø.

26 nye plassar

Barn har rett på barnehageplass i heimkommunen, men ikkje nødvendigvis i heimbygda.

Då det første tilbodet om barnehageplass gjekk ut i mars, var det 26 barn som stod utan tilbod om plass i heimbygda. Per 24. april hadde dette talet gått ned til .

Nå kan løysinga vera her: Privateigde Espira Skjeraberget barnehage har vore i kontakt med Hå kommune om ei mogleg utviding på totalt 26 småbarnsplassar.

I første omgang handlar det om 12 nye plassar som skal stå klare allereie til hausten. Desse skal vera i eit mellombels modulbygg.

Kan redda verna rønne

På sikt vil kommunen at barnehagen skal ta over det gamle hovudhuset på Skjeraberget, som ligg på nabotomta til barnehagen. Tomta og huset frå 1885 er i kommunen sitt eige.

Huset er verna, og kan ikkje rivast. Som Jærbladet har skrive ved tidlegare høve, er det i dårleg stand etter å ha stått tomt i fleire år.

Hovudhuset på Skjeraberget ligg rett ved sida av barnehagen. Allereie i dag hender det at barnehagen nyttar uteområdet rundt huset til frileik.
Hovudhuset på Skjeraberget ligg rett ved sida av barnehagen. Allereie i dag hender det at barnehagen nyttar uteområdet rundt huset til frileik. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Nå håpar kommunen at Espira vil bygga det gamle hovudhuset om til barnehagedrift.

Alternativet er å setta opp eit nytt bygg på tomta.

Sjølv om Espira sitt primære ønske har vore å utvida permanent med 26 nye småbarnsplassar, har kommunen sagt at det i første omgang held med 12 plassar, blant anna for å unngå rot i opptaket som vart gjort tidlegare i år.

Kommuneadministrasjonen gjev likevel tommel opp for 26 plassar frå august 2026.

– Gladsak

Onsdag signaliserte eit samrøystes Utval for oppvekst og kultur at dei stiller seg bak planane.

Geir Undheim (Frp) kalla det «ei gladsak».

Han slo fast at fleire med han er tilhengarar av private barnehagar.

– Men ikkje minst føler eg at det er det enklaste og raskaste måten å løysa problemet med for få barnehageplassar på. Dette er ei kjempesak. Frp er veldig støttande til denne, sa Undheim og fekk støtte, blant anna frå Industri- og næringspartiet og Hå-lista.

– Ei gladsak, sa Geir Undheim (Frp) om planane til Espira.
– Ei gladsak, sa Geir Undheim (Frp) om planane til Espira. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Vegard Ask (KrF) tok ordet for å gje litt skryt til administrasjonen.

– Dei var tidleg ute og signaliserte at for å fiksa situasjonen på Nærbø, ville dei vera positive til det om ein privat barnehage utvidar, sa han

Ask la til at tilbakemeldingane han får frå private barnehagar i kommunen, er at dei er veldig fornøgde.

– Skjeraberget er ein kjempegod barnehage. Då er det lett å vera positiv, svarte kommunalsjef Waldemar Pettersen.

Ein million kroner ekstra

I utgangspunktet handla saka dei hadde oppe om tilsegn av drift- og kapitaltilskot til ei utviding av 26 småbarnsplassar i Skjeraberget.

Dette gjekk eit samrøystes utval inn for – først driftstilskot for 12 plassar i barnehageåret som startar i august, og så driftstilskot og kapitaltilskot for 26 plassar når det nye bygget står klart.

Driftstilskotet er per barn, og nøyaktig den same summen som det kostar kommunen å ha eit barn i kommunal barnehage.

Kapitaltilskotet vil føra til litt høgare utgifter for kommunen, om lag ein million kroner i året. Dette tilskotet tar mellom anna utgangspunkt i barnehagen sitt byggeår.

– Det eg har sagt til Espira, er at om dei pussar opp det gamle huset, vil dei få eit kapitaltilskot som om huset var heilt nytt, sa kommunalsjef Pettersen til utvalet.

Espira Skjeraberget barnehage er eigd av Espira barnehage AS, som igjen er eigd av svenske AcadeMedia. Det er Espira barnehage AS som har søkt om utvidinga på Nærbø.
Espira Skjeraberget barnehage er eigd av Espira barnehage AS, som igjen er eigd av svenske AcadeMedia. Det er Espira barnehage AS som har søkt om utvidinga på Nærbø. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Kapitaltilskotet per plass i eit nytt bygg, vil vera 39.000 kroner per plass.

Det er mogleg barnehagen kan få kapitaltilskot for dei tolv plassane allereie i august i år, men dette vil vera ein del av forhandlingane med kommunen. Tildelinga av kapitaltilskot vil berre skje etter at plassane er tatt i bruk.

Om dei utvidar med 26 plassar, vil kommunen sitt totale årlege tilskot til barnehagen i Skjeraberget vera på 8,3 millionar kroner.

Reduksjon på Varhaug?

I saksutgreiinga, skriv barnehagesjef Rannveig Eriksen at dersom dei tolv Nærbø-barna får plass ved Skjeraberget allereie frå august, kan kommunen kutta i talet på plassar på Varhaug, kor det er ledig kapasitet i barnehagane.

Her er det i dag tolv plassar som er reserverte barna frå Nærbø.

«En reduksjon i kommunale plasser kan føre til omplassering eller oppsigelse av inntil fire ansatte», skriv Eriksen, men legg til at det endelege talet på plassar som kan reduserast ikkje vil vera klart før i løpet av sommaren, når hovudopptaket er avslutta.

Barnehagesjefen skriv òg at kommunen frå neste barnehageår kan planlegga endringar av drifta i fleire kommunale barnehagar som «... over tid ikke har hatt tilstrekkelig med kapasitet for å dekke et økende behov for barnehageplasser».

Dette svarar til omtrent tre avdelingar, eller 27 plassar, som, anten heilt eller delvis, kan erstattast av dei nye plassane i Skjeraberget.

Saka er framleis ikkje avgjort.

Forhandlingane mellom kommunen og Espira barnehage AS går føre seg framleis. I tillegg må Formannskapet avgjera om kommunen skal gje barnehagen i Skjeraberget drifts- og kapitaltilskot til dei nye plassane.