I 2020 innførte Bane Nor parkeringsavgift på parkeringsplassane i tilknytning til fleire av jernbanestasjonane på Jærbanen, inkludert Nærbø. På Nærbø fekk den nye avgifta den konsekvensen at togpendlarar, slutta å setta frå seg bilen på parkeringsplassen.
I staden parkerte dei rett utanfor, langs Jadarvegen. Det er ein kommunal veg, utan parkeringsavgift.
Det nye parkeringsmønsteret, med bilar parkerte på begge sider av vegen, gjorde at frykta for farlege trafikksituasjonar steig. Mellom anna blei kommunen kontakta av ein bebuar i ei bustadblokk i Jadarvegen som opplevde at utkøyringa frå parkeringskjellaren var blitt mindre oversiktleg og langt meir utrygg.
Eit tidleg forslag om å innføra eit parkeringsforbod blei likevel nedstemt i Utval for tenkniske saker og næring. Politikarane ville først gje saka litt tid for å sjå korleis mønsteret utvikla seg over tid.
I august i fjor hadde fleirtalet i Utval for tekniske saker og næring fått nok. Tunga på vektskåla blei den positive erfaringa frå eit midlertidig parkeringsforbod i samband med at vegarbeid i Torggata førte til auka trafikk i Jadarvegen.
I løpet av denne tida fekk kommunen fleire positive tilbakemeldingar frå innbyggarar på Nærbø. Tilsvarande fekk dei klager då det midlertidige parkeringsforbudet forsvann. Det kjem fram i sakspapira knytta til saken.
Med unntak av representantane Paul Skretting (Frp) og Tor Henrik Søiland (Hå-lista), røysta utvalet for å be Vegvesenet om lov til å innføra parkeringsforbod på den sida av vegen som ligg nærast jernbanestasjonen. Rett før jul fekk kommunen klarsignal.
Den 9. februar i år blei skilta satt opp.