For første gong sidan 1998 har Noreg kvalifisert seg i fotball-VM, som skal arrangerast i USA, Canada og Mexico til sommaren.
Denne helga vart det klart kven Noreg møter, når det skjer og kor.
- Det vil seia, i den første kampen, den som går i Boston 17. juni ved midnatt norsk tid, er det framleis ikkje klart kven som vert Noreg sin motstandar, men det vert anten Irak, Bolivia eller Surinam.
- Den andre kampen skal spelast i New York 22. juni klokka to på natta. Då er det Senegal me møter.
- Den tredje kampen er mot Frankrike. Det skjer i Boston 26. juni klokka 21:00.
Klar for fest på Varhaug
Men det er ikkje berre på den amerikanske austkysten ting skjer. Det skjer ein del her heime òg. På Varhaug er Olav «Keegan» Madland på Stasjoen pub allereie i gang med å laga planar.
Han ønsker å visa kampane på storskjerm på plassen mellom Stasjoen og R. Skretting. Det einaste som er litt trøblete, er kamptidspunkta.
– Eg var litt redd det skulle verta slik som dette, seier Madland, som er middels nøgd med oppsettet.
Kampen mot Senegal klokka to på natta utfordrar både skjenke- og opningstidene.
– Me kan jo håpa på eit nasjonalt vedtak om at me får ha ope og skjenka lenger. Elles er det vel opp til kvar kommune, seier Madland.
Han slår fast at akkurat den kampen må han nok visa inne på puben, uansett.
«Perfekt» mot Frankrike
Det same er antakeleg tilfelle for den første kampen, den som begynner midnatt.
– Det er eigentleg eit veldig godt tidspunkt for å visa kamp for ein stappfull pub. Men skal me visa han ute i smauet, må me nok få ei eiga løyve frå kommunen, seier Madland.
Optimist som han er, meiner han at det er mogleg at det kan gå an.
Den siste kampen, mot Frankrike klokka ni på ein fredagskveld, er «heilt perfekt» for ein utandørs fotballfest framfor storskjermen.
– Me får håpa me sikrar avansement, så vert heile kampen ein fest, seier Madland.
Den tidlegare Varhaug-spelaren seier Noreg ikkje har vore direkte heldige med motstandarane, men at det trass alt kunne vore verre.
– I den første kampen vil me møta eit relativt svakt lag. Der kunne me vore meir uheldige og møtt til dømes Danmark. Senegal har meir rutine enn Noreg i VM, så der kan me rekna at sjansane er fifty-fifty. I den siste kampen er det nok Frankrike som er favoritten, men Noreg har vist at me kan slå kven som helst. Me kan vinna gruppa. Eg er optimist, seier Madland.
Dermed har han allereie begynt å planlegga så vidt for kva som skal skje etter den innleiande runden.
– Vert det kampfinale og semifinale vil eg flytta storskjermen inn i parken. Då er det ikkje plass i smauet lenger, seier han.
Ingenting avgjort på Bryne
Litt lenger nord, på Bryne, har Bryne næringsforening har lenge gått med tankar om ein VM-fest på torget etter modell frå då dei viste Champions League-finalen mellom Manchester City og Inter.
Sist Jærbladet snakka med dei om saka, var ingenting spikra, ettersom kamptidspunktet ikkje var avgjort.
Nå seier dagleg leiar Kenneth Lia at dei kjem til å gjera ei statusoppdatering til veka.
At kampane går så seint, er ikkje optimalt.
Det beste, spøker han, ville vore om dei kunne gå inn og påverka når kampane skulle starta, men her har nok Bryne næringsforening avgrensa innflytelse.
– Me må ta ein fot i bakken. Ingen ting er avgjort, seier Lia.