Svenske Stig Dagerman skreiv i si tid ei novelle på bestilling frå Nationalföreningen för trafiksäkerhetens främjande. Teksten skildrar møtet mellom ein bil og eit barn og konsekvensane av dette for dei involverte, og sette spor i unge sinn då det framleis fanst eit pensum i norsk skule.

Få år seinare – nærmare bestemt ein haustdag i 1994 – gjekk skuleelevar av ein buss på Eikeland i Time og fekk oppleva eit slikt møte på nært hald; det ein høyrer, det ein ser – og stilla etterpå.

Dei som veit, dei veit – og gløymer det aldri.

Direktørane i ‘mobilitetsleverandøren’ Kolumbus veit neppe noko om dette. At dei kjenner til Stig Dagerman sin litteratur er det heller ikkje mykje som tyder på.

Kolumbus har fullt fokus på å ‘sikre best mobilitet per krone’ og ‘redusere reisetiden i Rogaland’ gjennom ‘faktabasert tilnærming’ som ‘en etterrettelig og profesjonell forvalter av samfunnets mobilitetsmidler’.

Kolumbus har tre kjerneverdiar som forkortast til KAN; kundeorientert, ansvarlig og nytenkende.

‘Vi skal ikke gå for de enkle utveiene, men gjøre oss fortjent til tilliten våre kunder og eiere viser oss’.

‘Vi jobber kontinuerlig med forbedring og videreutvikling av våre produkter og tjenester’.

For åtte mindreårige ‘kunder’ med farleg skuleveg i vestre undheimskrinsen er ikkje ‘produktet’ forbetra denne hausten.

I staden for å stiga på ein trygg taxi i tunet, må dei stå langs tungt trafikkerte fylkesveg 505 og venta, og venta..

Små jærbuar toler nok litt haustarleg vêr, tenkjer kolumbusdirektørane på dei lune bykontora sine.

Men ungar er ungar på bygda òg, og det skal ikkje nødvendigvis så mykje meir til enn ein pirrande liten pinne uti vegbanen.

Eit kjøretøy i 70 km/t påfører eit barn på 30 kg noko slikt som 3 tonn kraft.

Dette forstår bygdeforeldre konsekvensen av – så dei fleste elevane langs ruta ventar på bussen saman med føresette.

Etter opplæringslova §4-3 har ein lurt på korleis den nye skyssløysinga kan vurderast som forsvarleg - særleg sidan ho må vera trygg nok for barn som knapt har fylt 6 år.

Er ein haldeplass eigenleg eigna for skuleskyss dersom føresette må kompensera for manglande tryggleik?

Er det vesentleg tryggare å STÅ langs ein farleg skuleveg enn å GÅ langs den same vegen?

Etter offentleglova har ein bedt om innsyn i gjeldande anbod for vårt kjøreområde og i eksisterande (?) trafikksikkerhetsvurderingar, risikovurderingar og beslutningsgrunnlaget for omlegginga av skuleskyssen.

Einaste respons direkte frå Kolumbus har vore fylgjande:

‘Takk for din henvendelse. Kundehenvendelser besvares ikke via post@kolumbus.no. For å få hjelp, vennligst benytt kontaktskjemaet vårt.

Det har ikkje hjelpt.

Det hjelper heller ikkje saka vår vesentleg at Kolumbus forpliktar seg på den såkalla Åpenhetsloven.

Både Time kommune, Jærbladet, foreldre og enkelte politikarar har sidan september spurt kor mykje tid og pengar ein sparer på å henta åtte barn med ein 30-seters buss framfor den gamle trygge taxien.

Responsen har – så vidt me veit – vore tagnad, eller ‘det finnes ikke egne tall ..’, ‘vi har høstferie’ eller det ‘finnes en klageordning, og saken kan behandles av Statsforvalteren’.

I det offentlege Noreg anno 2026 kan det sjå ut til at direktørlønningar trumfar trygge tenester mens ein fjongar seg med fine ord framfor fleksible løysingar.

Kjære kolumbusdirektørar:

Les Stig Dagerman si novelle, ta frampeika på alvor og spar både smågutar, småjenter, foreldre og sjåførar for tragiske utfall.

Det er nemleg inga skam å snu – i eit gardsrom.