Ingar Kvia fyller 70 år, men har stadig utfordringar med å tøyla engasjementet.
Ingar Kvia fyller 70 år, men har stadig utfordringar med å tøyla engasjementet. Foto: Håvard Ovesen

Det er nokre setningar som har tent Ingar Kvia vel gjennom livet. Ein av dei kom til han då han på 1970-talet jobba på anlegg i Sirdal: – Det du ikkje har i ferdigheit, kan du ta i innsats.

Det var sjefen hans der oppe som sa det til han, imponert over arbeidet nytilsette og uerfarne maskinføraren Kvia la ned og kor godt han tok vare på den store Brøyten han køyrde.

Slik kjenner folk Ingar Kvia, med raud caps og blå skjorte, begge med motiv frå Haydom-sjukehuset i Tanzania. – Det har vorte uniformen min, seier han.
Slik kjenner folk Ingar Kvia, med raud caps og blå skjorte, begge med motiv frå Haydom-sjukehuset i Tanzania. – Det har vorte uniformen min, seier han. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Kvia, som hadde lært hardt arbeid som dumparsjåfør under eit kort opphald hjå TS'en – ikkje ein arbeidsgjevar som gav ved dørene – før han måtte inn i militæret, tok til seg orda. Sidan har dei vorte eit slags leiemotiv for livet hans.

Og dette veit dei rundt Ingar Kvia godt: Det er ingen som kan ta han på innsatsen.

Haydom

Jula 1997 var han, slik han sjølv fortel det, mot si eiga vilje i Tanzania for å besøka svigerinna og mannen hennar, som begge jobba ved Haydom Lutheran Hospital i Manyara, nord i det austafrikanske landet.

Før han drog, grudde han seg. Han forstod ikkje kva i all verda han skulle ha i Afrika å gjera. Helst ville han ha gjeve billetten vekk til kven det skulle vore, berre han slapp å reisa, men turen vart starten på eit engasjement som stadig brenn like sterkt.

– Livet forandra seg totalt, seier Kvia.

Hadde nokon sagt dette til han før han drog dit første gong, ville han aldri ha trudd det, men Ingar Kvia har reist til Haydom-sjukehuset i Tanzania 34 gonger. Totalt har han samla inn over 20 millionar kroner. Her gjev han ei omvising til eit norsk turfølge.
Hadde nokon sagt dette til han før han drog dit første gong, ville han aldri ha trudd det, men Ingar Kvia har reist til Haydom-sjukehuset i Tanzania 34 gonger. Totalt har han samla inn over 20 millionar kroner. Her gjev han ei omvising til eit norsk turfølge. Foto: Foto: Keth Odland, Dalane Tidende (arkiv)

Då han kom heim, sat han oppe ei heil natt for å skriva ei reiseskildring der han fortalde om det dei hadde sett. Skildringa fekk han på trykk i Jærbladet, saman med ein notis om ei innsamling han og kona Åse starta opp.

For dei to, som begge var lastebilsjåførar av yrke, hadde merka seg at lastebilen, som sjukehuset var avhengig av for å henta mat, medisinar og diesel til aggregatet, var fullstendig utrangert. Traktoren, som skulle pløgd kveite på sjukehuset sin åker, var i så dårleg stand at det einaste alternativet var leigekøyring, men det var det ikkje pengar til.

«Dersom vi i Noreg hadde klart å samla inn pengar til ny lastebil og kanskje ein traktor, skulle det vore oss ei stor glede å få væra med i dette arbeidet», skreiv Ingar i Jærbladet onsdag 21. januar 1998.

Då han kom heim frå sin første tur til Tanzania, sette Ingar Kvia seg ned for å skriva. Ei heil natt sat han og skreiv det som vart til denne avissida onsdag 21. januar 1998. Her finn ein starten på det som har vorte Kvia sitt livsverk.
Då han kom heim frå sin første tur til Tanzania, sette Ingar Kvia seg ned for å skriva. Ei heil natt sat han og skreiv det som vart til denne avissida onsdag 21. januar 1998. Her finn ein starten på det som har vorte Kvia sitt livsverk.

Det vart starten på ei innsamlingsverksemd som så langt har generert 20,5 millionar kroner til innkjøp av alt frå traktorar til nødstraumsaggregatorar ved sjukehuset.

Ifølge Kvia kostar det om lag 60 millionar kroner i året å driva sjukehuset. Pengane kjem frå norske Norad, frivillige gåver, den tanzanianske staten og pasientbetaling. Det siste er vanskeleg i eit land der 45 prosent av folkesetnaden lev i ekstrem fattigdom.

– Alt det eg driv med, lastebilar, traktorar, gravemaskinar og garden på sjukehuset, alt er investeringar som igjen kan få pengar inn til sjukehuset og få ned pasientbetalinga, seier Kvia.

For Kvia er det eit sentralt poeng at pengane folk gjev til innsamlingane hans, skal nå heilt fram. Ikkje ei krone vert brukt på administrasjon. Alle turane han sjølv har tatt til Tanzania, 34 i talet, har han betalt av eiga lomme.

– Eg berre håpar eg skal få halda på lenge, seier Kvia, som på gode dagar håpar at han berre er halvvegs i talet på millionar samla inn og talet på turar til Tanzania.

Som sagt, det er ingen som kan ta han på innsatsen.

Stempla som evneveik

Slik har det vore sidan han som 15-åring gjekk ut av ungdomsskulen og fekk sin første jobb som dreng. Før det, på skulen, var nok innsatsen litt meir laber. Kvia hadde andre interesser.

Kvar ettermiddag gjorde han så lite lekser som han berre kunne sleppa unna med, før han sprang ut for å sjå på gravemaskinane som på den tida stod for den siste bureisingsbølga på Jæren.

– Eg kunne springa i kilometervis for å sjå på ein traktor.

Kvia smiler.

Ingar Kvia gjekk ut i jobb så fort han var ferdig på ungdomsskulen. Det var på garden bak han på bildet at han først lærte å køyra traktor.
Ingar Kvia gjekk ut i jobb så fort han var ferdig på ungdomsskulen. Det var på garden bak han på bildet at han først lærte å køyra traktor. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Mannen, som har jobba med maskinar og bilar mesteparten av livet, fortel at det var nettopp arbeidet som vart redninga etter at ni års skulegang nær tok knekken på sjølvtilliten hans.

Han var ikkje skuleflink. Kvia hugsar godt kjensla av å vera i den vesle gruppa elevar som trong ekstraundervisning i matematikk.

Etter friminuttet gjekk dei andre inn i klasserommet igjen, medan ekstraundervisningsgruppa måtte stå igjen ute og venta på at læraren skulle komma og låsa opp rommet dei skulle bruka.

– Me stod der og skjemtest, fortel Kvia.

Då Kvia var ung, hadde han ofte ei kjensle av at folk ikkje hadde tru på han.

Sjølv om det kom seg då han kom ut i jobb og fekk vist kva han var god for, hang det i. Då han skreiv reiseskildringa i Jærbladet, fekk han høyra det var folk nær han som ikkje ville tru han hadde skrive ho sjølv.

Ein gong var skulestyraren heime hjå faren til Kvia:

– Han fortalde at han hadde ein evneveik son. Kan du tenkja deg? Mor og far var kloke nok til aldri å seia dette til meg før eg vart vaksen, men for ei belastning det må ha vore for dei!

Anna kvart år er det auksjon til inntekt for Haydom på EIK-senteret. Arvid Mæland er auksjonarius og Ingar Kvia handlangar.
Anna kvart år er det auksjon til inntekt for Haydom på EIK-senteret. Arvid Mæland er auksjonarius og Ingar Kvia handlangar. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim (arkiv)

I seinare år, då Kvia hadde starta innsamlinga si til Haydom, pleidde Kvia halda foredrag om sjukehuset og arbeidet der på Tryggheim. Ofte var foreldra for å høyra på han.

– Far hadde mange gonger tårer i auga, og sa at skulestyraren berre skulle sett kva eg hadde fått til, fortel Kvia.

Arbeidskar i 45 år

Så fort han var ferdig med ungdomsskulen, fekk han seg sin første jobb. Femten år gammal vart han dreng på nabogarden. Der var han i eit par år, før han begynte i ny jobb på fabrikken til Trallfa på Bryne. Der var han berre i tre månadar.

– Det passa ikkje for meg å vera inne heile dagen, seier Kvia.

Dermed fekk han seg ny jobb med å køyra traktordumper for entreprenøren Gaute Håland på Nærbø.

– Då kom eg meg ut igjen.

I ungdommen jobba Ingar Kvia tre månadar på fabrikk, men det å vera inne heile vegen, var ikkje noko for han.
I ungdommen jobba Ingar Kvia tre månadar på fabrikk, men det å vera inne heile vegen, var ikkje noko for han. Foto: Foto: Håvard Ovesen

I 1974 fekk han nokre månadar som dumparsjåfør hjå TS'en, som grov ut dokkene i Hinnavågen, før han måtte inn i militæret. Der vart han lastebilsjåfør med base på Evje. Kvia køyrde både bossbil og langtransport, og stortreivst.

Etter militæret tok han kurs i å køyra Brøyt på yrkesskulen på Bryne. Det var dette som skaffa han anleggsjobben på Svartevassdammen i Sirdal.

Trass i at han den våren, som nybakt maskinførar, hamna i ei ulukke som nær kosta han livet, vart ikkje Kvia skremt av frå anleggslivet.

Eigentleg såg han føre seg eit tilhøve som reisande anleggsarbeidar, men så vart han gåande og venta på nye oppdrag. Han skulle dra på ein ny jobb i Nord-Noreg, men oppdragsgjevaren somla med å gje grønt lys.

Ingen andre har så gullande reine bilar som Ingar Kvia. Det var hjå TS'en at Kvia verkeleg lærte å ta godt vare på arbeidsverktøyet.
Ingen andre har så gullande reine bilar som Ingar Kvia. Det var hjå TS'en at Kvia verkeleg lærte å ta godt vare på arbeidsverktøyet. Foto: Foto: Trine Selvikvåg (arkiv)

Til slutt reiste Kvia heim til Jæren, og ordna seg jobb hjå TS, seinare Stangeland. Det var i mars 1977.

Kvia vart verande hjå TS'en i 35 år.

Mannen bak TS-namnet, Trygve Stangeland, var vidgjeten for å lønna godt, samtidig som han stilte store krav til dei tilsette. Det passa hardtarbeidande Kvia godt.

– Me fann ein veldig god tone, me to. Eg lærte mykje av Trygve. Han bygde meg opp. Han hadde veldig gode haldningar, seier Kvia.

Først køyrde han gravemaskin. Så utvida han med å køyra gravemaskin med ekstra lastebiljobbar på kveldstid og i helgene. Frå 1989 vart han lastebilsjåfør på heiltid.

«Eg e fydde i farten» og «eg klarar ikkje slappa av om ikkje bilen er rein». Ingar Kvia demonstrerer begge utsegn til gangs i denne ti år gamle videoen frå Jærbladet:

Han brukar ein time og seks minutt når han «slarvevaskar» og to timar og 45 minutt før helga.
Han brukar ein time og seks minutt når han «slarvevaskar» og to timar og 45 minutt før helga.

ÅSE

I 1982, då Kvia var 28 år gammal, gifta han seg med Åse.

Åse Slimestad vaks opp på Tryggheim. Far hennar var lærar der, medan mor hennar var heime med ungane.

Kvia var skulekamerat med Dag, storebroren hennar.

Han smiler lurt:

– Eg gjekk til Dag, men etter kvart begynte eg å gå meir til Åse i plassen for Dag.

Kona til Ingar, Åse Kvia, køyrde, som han, lastebil. Ho var den første sjåføren som vart fast tilsett hjå Erik Håland Maskin.
Kona til Ingar, Åse Kvia, køyrde, som han, lastebil. Ho var den første sjåføren som vart fast tilsett hjå Erik Håland Maskin. Foto: Foto: Inger Gjesdal (arkiv)

Åse gjekk på jordbruksskule og jobba som avløysar. Etter kvart tok ho sertifikat for lastebil og begynte å køyra lastebilar. Først berre mellom stellinga på gardane, seinare på heiltid.

Kvia fortel at ho av og til var med han på langturar.

– Men viss ho visste eg var trøytt og hadde køyrt langt, var ho redd for å legga seg til å sova i kahytten. Det var sånn ho fann ut at ho skulle begynna å køyra sjølv, fortel Kvia.

Laurdagskveldane stod dei gjerne i gardsrommet heime på Motland, der dei då budde, og vaska kvar sin lastebil.

– Me var veldig like. Det har vore veldig gildt, seier Kvia.

– Det er ikkje nokon fasit på dette livet, men når du trivst med det du held på med, går det fort, seier Kvia.
– Det er ikkje nokon fasit på dette livet, men når du trivst med det du held på med, går det fort, seier Kvia. Foto: Foto: Håvard Ovesen

I 2002 fekk Åse lemmane på ei maskintralle over seg. Helsa hennar kom seg aldri heilt etter den ulukka.

– Me var gifte i 40 år. Me hadde 20 gode år. Så skal eg ikkje seia at me hadde 20 ringe år, men dei 20 neste vart aldri som dei 20 første, på grunn av medisinane ho måtte gå på, seier Kvia.

Helsa hennar skranta, så ho kunne berre jobba deltid. Likevel fann ho tid og krefter til å jobba på kontor, køyra shovel og etterutdanna seg – på ein gong.

– Som eg seier: Det du ikkje har i ferdigheit, kan du ta i innsats, seier Kvia.

Mista kona etter 40 år

23. april 2018 fann han Åse liggande på golvet i maskinhuset. Ho hadde fått hjernebløding. Åse vart frakta til sjukehuset og operert, men vart aldri frisk igjen.

11. oktober 2022 døydde Åse Kvia etter fleire års sjukeleie.

I 1999 reiste Åse og Ingar Kvia tilbake til Haydom for å overrekka nøklane til ny lastebil og ny traktor – resultatet av innsamlinga dei starta. Med seg hadde dei òg kamera og ti filmrullar. Her, vel tilbake på Jæren, ser dei på bilda dei tok.
I 1999 reiste Åse og Ingar Kvia tilbake til Haydom for å overrekka nøklane til ny lastebil og ny traktor – resultatet av innsamlinga dei starta. Med seg hadde dei òg kamera og ti filmrullar. Her, vel tilbake på Jæren, ser dei på bilda dei tok. Foto: Foto: Hilde Eidsaa Bjorland (arkiv)

Etter at han mista ho som hadde vore kona hans i 40 år, vart Kvia heilt nedkøyrt. Han mista alt håret. Ei stund var det snakk om at han burde sjukmeldast frå jobben eller kan henda burde få medisinar.

– Men det er akkurat å komma meg ut med lastebilen som held meg oppe, det at eg kjem meg ut. Eg kan ikkje sitta heime og synast synd på meg sjølv. Då vert eg galen, seier Kvia.

Kvia fortel om ei erkjenning mange enkemenn kan kjenna seg att i: Det var først etter at ho gjekk bort, at han forstod kor god kone han hadde hatt. Det var Åse som tok seg av rekningane, maten og klesvasken.

– Ho klaga aldri, seier Kvia.

– Utan henne hadde eg aldri klart alt det i Tanzania. Ho hjelpte meg så vanvitig.

Opp gjennom åra har Kvia donert mang ein traktor og lastebil, og mykje anna, til Haydom Lutheran Hospital i Tanzania.
Opp gjennom åra har Kvia donert mang ein traktor og lastebil, og mykje anna, til Haydom Lutheran Hospital i Tanzania. Foto: Foto: Privat

Etter kvart har Kvia komme i eit nytt gjenge. Han har lært seg å laga litt mat og vaska klede. I tillegg er det mange rundt han, både familie og vennar, som står klare til å hjelpa med praktiske gjeremål.

Det er framleis tungt å komma heim til tomt hus etter turane til Tanzania. Særleg på vinteren, når det er mørkt i tillegg.

Men Kvia har to damer, ei mor og ei dotter, som av og til velar om hjå han. Før han skal heim, ringer han alltid og seier frå om når han kjem og ber dei om å handla inn for han.

– Dei kjem og hentar meg på flyplassen, og så er dei her heile den første kvelden før dei reiser heim. Det hjelper veldig, seier Kvia.

Stress

Etter 35 år i arbeid hjå TS'en og seinare Stangeland, takka Ingar Kvia til slutt for seg hjå entreprenørgiganten.

Bakgrunnen var at han var i ferd med å utvikla helseutfordringar. Kvia fekk vondt i brystet. Meir enn ein gong var han inne på sjukehuset for å sjekka om alt stod greitt til med hjarta.

Smertene viste seg å komma frå stress.

Kvia hadde mykje å gjera på. Saman med Åse hadde han tatt over heimagarden på Kvia og skulle setta han i stand, samstundes som han samla inn pengar til Haydom og reiste dit fleire gongar i året.

Kvia har så lite ro i rauva at han spring frå det eine ærendet til det andre, men tar seg framleis tid til å mata småfuglane.
Kvia har så lite ro i rauva at han spring frå det eine ærendet til det andre, men tar seg framleis tid til å mata småfuglane. Foto: Foto: Håvard Ovesen

I tillegg jobba han mykje og var, som vanleg, dårleg til å seia nei om nokon bad om noko ekstra.

Så lenge han var i Tanzania var brystsmertene vekke, men med ein gong han sat på flyplassen og skulle tilbake til køyret heime i Noreg, kom dei tilbake igjen. Til slutt sende Olav Stangeland han til bedriftslegen.

Legen gav Kvia eit bilde som han har hatt med seg sidan:

– Har du ein gammal lastebil og set ein ny motor i han, så gjev den motoren 120 prosent, men sidan resten av lastebilen er gammal, fyk akslingar, lager og girkasse veggimellom. Sånn var det med meg òg. Eg var 55 år. Kroppen var 55 år. Men så hadde eg eit hovud som framleis ville gje 120 prosent.

Doktoren gav Kvia tre år med same livsstil før han ville vera tilbake som hjartepasient.

– Eg var nøydd til å gjera noko. Eg hadde sikkert vore daud under ei torve på Skjerpe viss eg ikkje hadde gjort noko, seier Kvia.

Ingar Kvia held høgt tempo. Skal han frå maskinhuset til løa, til dømes, så spring han. Om han på vegen ser grastustar komma opp av grusen, stoppar han opp og nappar dei raskt ut. Kvia er opptatt av at ting skal vera skikkelege.
Ingar Kvia held høgt tempo. Skal han frå maskinhuset til løa, til dømes, så spring han. Om han på vegen ser grastustar komma opp av grusen, stoppar han opp og nappar dei raskt ut. Kvia er opptatt av at ting skal vera skikkelege. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Det han gjorde var å slutta i jobben hjå Stangeland.

– Eg har ingen å skulda på. Eg har fått vera med på fantastisk mykje gildt i arbeidslivet, men problemet med meg er engasjementet mitt. Eg klarer ikkje styra det, seier Kvia.

Vil bruka meir tid i Tanzania

Dei elleve siste åra har han køyrt for Erik Håland Maskin, i ei litt friare rolle der han òg tar på seg litt færre oppdrag enn før.

– Eg har sagt til sjefen at om det står ein god mann i døra, ein ung mann som er sjåfør, så kan han berre tilsetta han, så kan eg heller køyra laust når eg er heime. Men sjefen sa at eg har oppseiingstid på tre år, fortel Kvia og ler.

Han er likevel open om at framover kan han tenka seg å bruka meir tid på Haydom-sjukehuset, der han i tillegg til å jobba med maskinparken kan ta imot gjevarar frå Noreg.

Samtidig har han eit håp om at han kan verta litt flinkare til å setja seg ned med ei kopp kaffi på verandaen i Tanzania og nyta dei minutta det tar når sola står opp.

– Når eg er 70 år, har eg ikkje råd eller tid til å seia at eg skal gjera alt seinare. Du må blåsa på flammen mens han brenn. Eg kan få ti gode år til – mor vart 94 år og far vart 91 år – men eg må gjera det nå, seier han.

I kontoret ved sida av maskinhuset, der det er så reint at gjestene tar av seg på beina før dei kjem inn, serverer Kvia fløyterull frå Nærbø og kaffi i koppar med motiv frå Haydom i Tanzania.
I kontoret ved sida av maskinhuset, der det er så reint at gjestene tar av seg på beina før dei kjem inn, serverer Kvia fløyterull frå Nærbø og kaffi i koppar med motiv frå Haydom i Tanzania. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Frå Erik Håland Maskin har han fått tydeleg aksept for at Tanzania er jobb nummer ein og lastebil er jobb nummer to.

– Eg er veldig fri. Eg reiser når eg reiser og køyrer når eg er heime, seier Kvia.

Og når han først er på jobb, er har han framleis vondt for å seia nei. Ringer det nokon og vil ha eit ekstra lass med grus, til dømes, tar han det som regel på vegen, sjølv om timeplanen eigentleg var fylt opp frå før.

Då han fylte året i fjor, var det nokon på Ogna som skulle ha tre lass med grus. Kvia sa ja. Tre lass vart til tretten. Kvia var ikkje heime før ti på fredagskvelden.

– Då hang det Twist-posar og swissrullar på døra, seier Kvia og ler.

– Fri frå materielle abstinensar

Eigentleg ligg det ikkje for Kvia å gjera intervju som dette. Han liker ikkje merksemd rundt eigen person, og er nøye med å passa på at han ikkje skal verka skrytete. Samtidig har han, i åra som har gått sidan han fekk reiseskildringa si på trykk i Jærbladet, vorte medievan.

Han veit kva media vil ha, og er villig til å gje det, så lenge det kan tena «saka», altså Haydom-hospitalet.

Ingar Kvia fyller 70 år. Grillen heime på Kvia er varm, så ta gjerne med grillmat og campingstol, men ikkje ta med gåve. – Vil du gje noko, kan du gje det til Haydom, seier han.
Ingar Kvia fyller 70 år. Grillen heime på Kvia er varm, så ta gjerne med grillmat og campingstol, men ikkje ta med gåve. – Vil du gje noko, kan du gje det til Haydom, seier han. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Når han nå stiller opp til eit openhjarta jubilant-intervju i Jærbladet, er det fordi han har eit bodskap å komma med:

For det første: Laurdag 26. juli fyller han 70 år. På Kvia er grillane varme heile dagen. Det er berre å ta med campingstol og grillmat og komma.

For det andre (og Kvia legg ikkje skjul på at det er dette som er det viktigaste): Ikkje ta med gåve. Har du lyst til å gje noko, kan du heller ta med mobilen og vippsa eit valfritt beløp til innsamlingsprosjektet hans.

– Eg er fri frå materielle abstinensar og vil ikkje ha blomar. Får eg ein blomsterbukett, må eg uansett hiva han etter ti dagar. Då kunne du heller ha sett inn dei 300 kronene til Haydom.