Alle kommunar skal ha eit eige ungdomsråd. Det skal fungere som eit rådgivande organ, og skal føreleggjast alle saker som gjeld ungdom.
17 år gamle Ingeborg Solbakke Andersen er leiar i Klepp ungdomsråd, og skal for første gong orientere kommunepolitikarane under kommunestyremøtet seinare i september.
På plakaten står mellom anna eitt av punkta i rådet sin handlingsplan: tilbod om gratis hjernehinnebetennelse-vaksine til alle ungdommar i Klepp.
– Det er ein sjukdom ein bør ta på alvor og få vaksine for. Eg har vore så heldig å gå på skule i Sandnes, så eg har fått vaksine. Men me lever i Noreg kor ein har store økonomiske forskjellar. Det er ikkje alle familiar som har råd til å legge ut for vaksine, og det gjer jo at dei blir sete i ei enda større risikogruppe for å få hjernehinnebetennelse, seier Andersen.
Ifølgje ei oversikt av Landsforeningen for hjerte- og lungesyke (LHL) frå april i fjor, er det 225 kommunar som ikkje tilbyr vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse, eller meningokokk, på fagspråket.
– Klepp er dessverre ein av dei. Hjernehinnebetennelse er veldig farleg, og ein har jo sett at det har vore dødsfall blant unge no i år, held ungdomsleiaren fram.
Redd for at det kan ende dårleg for nokon
Ifølgje Folkehelseinstituttet (FHI) er meningokokksjukdom ein sjeldan, men alvorleg sjukdom. Det finst fleire ulike meningokokkbakteriar, og to vaksinetypar (ACWY og B-vaksine), som ein må kombinere for å få best mogleg beskyttelse.
ACWY-vaksine kostar i underkant av 400 kroner, og blir vanlegvis gitt som èin enkeltdose. Prislappen for B-vaksine ligg i underkant av 1000 kroner per dose, og blir gitt i to dosar. I tillegg koster det noko å få sett vaksina.
Med smittesituasjonen i dag, er det først og fremst ACWY-vaksina som blir anbefalt til ungdom.
FHI skriv at ungdom og unge vaksne er i risikogruppa for å bli smitta, og bør vaksinere seg. «I Norge gjelder dette spesielt russefeiring, men kan også være aktuelt ved festivaler, idrettssamlinger, ungdomsleir o.l.». LHL «krever gratis vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse til alle landets 10. klassinger», og meiner det bør bli innført i barnevaksinasjonsprogrammet, i tråd med FHI sine anbefalingar.
– Då tenker eg at det i alle fall er på tide at vi får det i Klepp, for det er viktig at vi set liv over økonomien, seier leiaren, som saman med Klepp ungdomsråd stiller seg bak tilbod om gratis vaksine til alle tiandeklassingar i kommunen, seier Andersen.
– Viss vi plutseleg får ein hjernehinnebetennelseepidemi er det ikkje så stas å vere ein av kommunane som ikkje tilbyr den gratis, konstaterer ho.
Sjølv går Andersen i tredje klasse på vidaregåande, og er russ til våren.
– Eg er litt redd for å dra på rulling og ende opp med å bli sjuk og potensielt få sjukdomen. Men så har eg jo tatt vaksinen, så eg føler jo ein litt større tryggleik, seier ho, og legg til:
– Men eg kjenner jo det at eg framleis er redd for at dei rundt meg ikkje tar den, og at det kan ende dårleg for nokon. For det veit ein aldri.
Skal snakke i månadens kommunestyremøte
Leiaren skal troppe av etter førstkomande kommunestyremøte i Klepp. Det blir altså første, men også siste, gong ho snakkar der på vegne av ungdomsrådet.
Andersen synest det er litt skummelt, men også spennande.
– Eg er litt redd for at eg plutseleg går av talarstolen og knekker saman fordi det er så trist å vere ferdig med denne delen av ungdomspolitikken, seier ho.
– Men eg trur det er viktig for vaksenpolitikarane å høyre at vi ønskjer dette for alle unge, og at dei lyttar til oss.