– Sparringpartnar for jærsk idrett, svarar Jan Christian Vasshus når Jærbladet spør om tittelen hans.
– Sparringpartnar for jærsk idrett, svarar Jan Christian Vasshus når Jærbladet spør om tittelen hans. Foto: Håvard Ovesen

– Målet er å gjera jærsk idrett litt betre og kvardagen til medlemmar, frivillige og tilsette i idretten litt enklare, seier Jan Christian Vasshus.

Han er så vidt ferdig med sin andre månad i den nye jobben som sparringpartnar for idretten på Jæren.

Samtalepartnar

Etter tolv år som leiar i Varhaug idrettslag har han bygd seg opp kompetanse og nettverk som han nå skal nytta på nye måtar. Som sparringpartnar skal han vera ein ekstra ressurs for idrettslag i Klepp, Time, Hå og Gjesdal.

Vasshus kan hjelpa med organisasjonsutvikling, etablering, bygging og utvikling av sponsornettverk, merkevarebygging, utvikling av anlegg og hjelp til søknadsprosessar, til dømes rundt tippemiddel.

Han understrekar at det er ikkje sånn at han sit på heile vitet.

– Det er ekstremt mange gode folk der ute, og dette skal ikkje vera noko ovanfrå og ned. Eg har ikkje nokon fasit, men eg kan vera ein samtalepartnar, seier Vasshus.

Av eiga erfaring veit han at det er mange leiarar i idrettslag som sit mykje aleine.

– Då kan det vera nyttig å kopla på nokon andre, anten du jobbar med anleggsplanar, sponsornettverk eller søknadar. Fire auge ser ofte betre enn to, seier Vasshus.

– Genialt

Ei av dei som allereie har nytta seg av sparringpartnaren er Mona Ueland, dagleg leiar i Jæren Golfklubb.

Ho er godt kjend med Vasshus frå den tida begge var i Varhaug IL.

– Eg spør han om alt, seier ho til Jærbladet.

Vasshus har vore på besøk fleire gonger etter at han begynte i den nye jobben sin. Han har gjeve råd om alt frå adgangssystemer til rapportering av spelemiddel.

– Og så har han mykje erfaring med søknadar til stiftelsar, seier Ueland.

Ho meiner idrettslivet på Jæren definitivt kan trenga ein sparringpartnar som Vasshus. Styrer vert stadig skifta ut, og det er langt frå alle idrettslag som har kontinuitet i fast tilsette.

Ueland seier det er ei kjensgjerning at det er vanskeleg å finna og få med seg all informasjon.

– Du har ikkje tid til å setta deg inn i og finna dei moglegheitene som finst. Det er sjeldan tid til planlegging og evaluering. Då er det genialt å kunna ringa til nokon som kjenner systemet og prosessane, seier Ueland.

Ho legg til at Vasshus òg har personlege eigenskapar som gjer han godt skikka til rolla.

– Når du først har vore i kontakt med han ein gong, er det lett å ta opp røyret og ringa igjen. Han er veldig imøtekommande, seier Ueland.

– Treng ikkje vera kundar

Idrettslaga treng ikkje ha nokon relasjon til banken for å nytta Vasshus som sparringpartnar.

– Eg veit ikkje kven som er kundane våre og kven me sponsar, og ikkje er det relevant, heller. Eg er ikkje seljar, og skal ikkje jobba kommersielt. Dette er for alle, og er heilt uforpliktande, seier han.

Vasshus hjelper gjerne idrettslaga med søknadar til andre bankar sine gåvefond. I løpet av den korte tida han har vore i banken, har han allereie vore i dialog med fleire bankstiftelsar.

– Dei ser òg litt på tvers av bankar. Det viktigaste for dei, er å gje til gode, allmennyttige formål. Og så vil dei sjølvsagt ha så gode søknadar som mogleg. Det er noko eg kan hjelpa søkarane med, seier Vasshus.

Det var Vasshus som først tenkte tanken om at idrettslivet på Jæren kunne trenga ei slik rolle. Banksjef Geir Magne Tjåland i Jæren Sparebank tende på ideen. Saman utvikla dei stillinga som sparringpartnar for idrettslivet på Jæren.

– Det er ingen andre i Noreg som har ei slik stilling, i alle fall ikkje som me veit. Det er ganske kult, seier Vasshus.

Nøyaktig kva som ligg i rolla, er ikkje fastlagt. Ho utviklar seg etter kvart.

– Dette er ei rolle som må gå seg til. Me legg stein på stein. Det eg har sagt til banken er at me treng tre år på å sjå om dette er liv laga. Det trur eg absolutt det er, seier han.

Trivst i felten

Sidan starten i september, har han vore i kontakt med ein plass mellom 25 og 30 idrettslag. Vasshus seier han har vorte godt mottatt.

– Eg er mykje ute. Det er slik eg vil ha det. Eg besøker daglege leiarar, tilsette og frivillige. Eg liker meg best på vegen, og så er eg på kontoret, anten på Bryne, Ålgård, Varhaug eller Klepp – alt etter kva som passar best – når det trengst, seier Vasshus.

Den 5. desember arrangerer han sitt første nettverkstreff for idretten på Jæren. Øystein «Pølsa» Pettersen er invitert for å snakka. I tillegg er målet å få folk til å drøsa med kvarandre.

– Me skal bygga eit kompetansenettverk og dela erfaringar på tvers av idrettar og kommunar. Allereie har 50 stykke meld seg på, seier Vasshus nøgd.