Jærbanen står nemnd seks gongar i Samferdselsdepartementet sitt budsjettframlegg for neste år, men ingen handlar om dei mest brennande spørsmåla:
- Strakstiltak for å sikra at det er nok tog på skinnene.
- Neste steg i arbeidet med å få dobbelspor frå Skeiane til Nærbø inn i neste Nasjonal transportplan.
– Det kjem pengar til arealavklaringar ved Stavanger og Skeiane stasjonar. Det er positivt, men me får ikkje planlegginga av dobbelsporet vidare sørover i gang, seier Kjartan Alexander Lunde, gruppeleiar for Venstre i Rogaland, i ein e-post til Jærbladet.
Vil få påbegynte spor ferdig
Ap-regjeringa vil satsa meir på jernbanen. Dei aukar med 1,6 milliardar kroner i eit jernbanebudsjett på 32,4 milliardar. Men dei store pengane vil gå i påbegynte prosjekt, som dobbelspor på Østfoldbanen, Dovrebanen og Vestfoldbanen, pluss utbygging av stasjonar og kryssingsspor på Trønderbanen.
– Regjeringa har høge ambisjonar for jernbanen i Noreg. Den beste oppskrifta på ein meir punktleg og god jernbane er framleis å ta betre vare på det me har, og byggja nytt der me må og der effekten er størst, seier samferdselsminister Kamzy Gunaratnam i ei pressemelding.
Meir til drift
Regjeringa vil at til saman 13,6 milliardar kroner går til drift, vedlikehald og fornying av jernbanenettet.
Det var ein vesentleg auke i løyvingane til drift, vedlikehald og fornying i både 2025 og 2026.
For 2027 er budsjettframlegget til desse formåla om lag 4,7 milliardar kroner høgare enn i saldert budsjett 2024, ifølge pressemeldinga.
– Innsatsen til drift, vedlikehald og fornying er framleis på eit høgt nivå. Samstundes må me halda oppe framdrifta i igangsette jernbaneprosjekt, og derfor går me inn for å auka løyvinga til investeringar, seier Gunaratnam.
Jærbanen får pengar til «arealavklaringar» ved Stavanger og Skeiane stasjonar.
Dette skal føra til at det som i dag er fire lokaltog i timen mellom Skeiane og Stavanger, skal bli til seks. Arbeidet skal starta mot slutten av perioden i den gjeldande Nasjonal transportplan 2025-2036, ifølge regjeringa.
Ingenting sør for Skeiane
Det mange på Jæren ventar på, er kva som skal skje sør for Skeiane. Svaret førebels: Ikkje stort.
Kommunedelplanen for Sandnes og Nærbø er ferdig, påpeiker Kjartan Alexander Lunde.
– Det som manglar for å komma vidare, er pengar til detaljplanlegging. Ap-regjeringa lar nok eit år gå utan å få neste steg i gang, skriv Lunde til Jærbladet.
Jærbanen haltar og går med for lite og for slite materiell, som fører til forseinkingar og innstilte avgangar. Heller ikkje strakstiltak som kunne retta på dette, er det sett av pengar til i regjeringa sitt budsjettframlegg.
Stortingskandidatar på Jærbanen i valkampen i 2025; Ingrid Fiskaa (SV), Kjartan Alexander Lunde (V) og Mímir Kristjánsson (R). Til venstre for Lunde og Kristjánsson står Brigt Skrettingland (TV Vest) og til høgre Jonas Skrettingland i Næringsforeningen i Stavanger. Foto: Arne Birkemo, Næringsforeningen i Stavanger
Rogalandsbenken ville jobba for dobbelspor
Då Jærbladet intervjua dei ni kandidatane frå Rogaland før stortingsvalet i 2025, sa alle meir eller mindre tydeleg at dei ville jobba for å få dobbelspor inn i neste Nasjonal transportplan.
NTP er det avgjerande steget i alle samferdselsprosjekt: Det som ikkje står i denne planen, blir ikkje bygd.
Neste NTP skal gjelda perioden 2029 til 2040, og er under førebuing. Den skal etter planen leggast fram for Stortinget våren 2028, ifølge regjeringa.
– I valkampen var det brei støtte til dobbelsporet. Jærbladet viste tydeleg kva partia lova. Nå må dei same partia sørga for at lovnadene blir følgt opp når Stortinget behandlar budsjettet, meiner Lunde.
Partiet Venstre har prioritert både strakstiltak og pengar til planlegging i sine alternative statsbudsjett tidlegare, påpeiker Lunde.
Men partiet er ikkje med og forhandlar om det endelege budsjettet med Arbeidarpartiet, slik som SV, Senterpartiet, Raudt og MDG er.
– Me vil arbeida for å få dette inn, hevdar Lunde.
– Det må setjast av pengar både til tiltak som kan gjennomførast raskt og til dobbelsporet som skal gi plass til fleire avgangar.
Priskutt forsvinn viss ingen slåst for det
Prisen for å reisa kollektivt kan òg bli eit forhandlingstema når regjeringa skal bli einige om statsbudsjettet med budsjettpartnarane SV, Raudt, MDG og Senterpartiet.
To gongar i år har desse budsjettpartnarane gjort det billegare å reisa kollektivt.
Den siste prisreduksjonen gjeld frå 10. september i Rogaland, og gjorde at eit månadskort mellom Stavanger og Jæren blei 320 kroner billegare då prisen fall frå 1210 kroner til 900.
I statsbudsjettframlegget held regjeringa fast ved det første priskuttet, men støtta til reduksjonen i september varer berre fram til 9. april neste år.
Skal det fortsetja, må nokon slåst for det i budsjettforhandlingane.
Fylkeskommunen har ikkje råd til å dekka dette bortfallet, ifølge Lunde, som sit i fylket sitt samferdselsutval.
– Venstre vil jobba for at Stortinget fører vidare også denne støtta. Pengane burde gå inn i dei ordinære, årlege tilskota til fylkeskommunane. Då kan me halda prisane nede over tid, og folk veit kva dei har å forhalda seg til, meiner Venstre-politikaren.