Laurdag kom Ingjerd Helene Haarstad i mål etter éi veke i Førdefjorden.
Laurdag kom Ingjerd Helene Haarstad i mål etter éi veke i Førdefjorden. Foto: Tobias Bratvold Lucey

(Firda/Jærbladet): Den røynde symjaren frå Klepp markerte seg i 2022, då ho sumde den sju mil lange Jærkysten på langs.

På dei 20 etappane frå Ogna til Tungenes hadde Haarstad med seg folk med stor kunnskap og eit brennande hjarte for havet. Både marinbiologar, fridykkarar, undervassfotografar og folk som jobbar med marin forsøpling, deltok.

Målet deira var å skapa merksemd ikkje berre om den vakre Jærkysten, men også problema havet – som Haarstad kallar «livlina vår» – står overfor.

I år har havforkjemparen engasjert seg i det planlagde sjødeponiet for gruveavfall på Engebø i Sunnfjord. Staten har gitt løyve til å dumpe 170 millionar tonn i Førdefjorden.

– Det vil vere heilt katastrofalt for livet i fjorden, sa Haarstad til avisa Firda før ho la ut på ei fire mil lang kraftprøve.

Ingjerd på tur gjennom Ålesundet i retning Kvammen. Dette vert skildra som ein av dei hardaste etappane på den fire mil lange turen, grunna sterk straum gjennom sundet.
Ingjerd på tur gjennom Ålesundet i retning Kvammen. Dette vert skildra som ein av dei hardaste etappane på den fire mil lange turen, grunna sterk straum gjennom sundet. Foto: Foto: Øyvind Masdal

Sumde fire mil

Laurdag kom ho i land etter éi vekes symjetur, gjennomført i ni etappar. Målet har vore å skapa merksemd rundt den pågåande rettssaka mellom den norske staten og Naturvernforbundet og Natur og Ungdom.

Organisasjonane har gått til sak mot staten for å stoppe deponeringa av gruveavfall i fjorden.

Haarstad sumde frå deponiområdet i Vevring, i ruta til den modellerte partikkelspreiingsruta frå deponiområdet; først utover i fjorden, og deretter vidare mot Svortevik. Deretter sumde ho via Ålesundet og vidare inn mot Førde.

– Når ein har sett distansen og kjent straumforholda i fjorden med kvart symjetak, blir konsekvensane overveldande å ta inn over seg, men også gjort synleg for andre og dermed vanskelegare å akseptere, fortel ho til Jærbladet.

Og stuntet har fått brei omtale, seier Haarstad, både på TV2.no, i NRK sine sendeflater, i lokalavisa Firda og i sosiale medium.

Trygt i land heldt ho appell utanfor Elvetorget i Førde sentrum. – Det er fysisk vondt å vite at vi skal øydeleggje endå ein fjord, sa ho frå scena.
Trygt i land heldt ho appell utanfor Elvetorget i Førde sentrum. – Det er fysisk vondt å vite at vi skal øydeleggje endå ein fjord, sa ho frå scena. Foto: Foto: Tobias Lucey

Mange fine folk langs fjorden

Haarstad har røter i Dalen i Naustdal. Ho har opplevd flott havliv langs vegen, og møtt flotte folk.

– Det er jo kjekt å ha gjort det, men det er også litt vemodig at det er over, for det har vore så gøy. Eg har treft på så mange fine folk langs fjordkanten, med eit stort engasjement for saka, seier ho til Firda.

Ho skildrar det heile som ei sterk naturoppleving. Trass i at det har vore kjekt, har rettssaka vore i hovudet hennar gjennom mykje av turen.

– Eg har sumt med tungsinn i symjetaka når eg tenkjer på kva som skjer med fjorden. Men eg kryssar både finnar og fingrar for at det går vegen.

Ein dag på symjeturen møtte ho ein regnboge som opna seg over stranda.

– Då følte eg at fjorden var med oss.

Ingjerd Helene Haarstad passerer gruva i Engebøfjellet. «Gruveslam er Norges skam», er ein av parolane ho har vore med og løfta.
Ingjerd Helene Haarstad passerer gruva i Engebøfjellet. «Gruveslam er Norges skam», er ein av parolane ho har vore med og løfta. Foto: Foto: Privat

Dei lokale må ta rekninga

Ho var ikkje åleine på turen. Ho hadde med seg vener i kajakk som følge, og på siste etappe var Terje Franklin-Alming med inn fjorden.

– Eg er vand med Oslofjorden, som ikkje er i like fin stand som fjorden her. Difor er det trist at det har vorte gjeve løyve til noko som risikerer at tilstanden vert nærmare den i Oslofjorden, seier austlendingen.

Han er utdanna marinebiolog, og trekker mange parallellar til innfartsåra til hovudstaden.

– Det er snakk om tiltaka som må gjerast over dei neste 20 åra, der ein må bruke milliardar på å reinse opp i fjorden. Her har vi ein fjord som er i relativt god tilstand, og så skal ein tillate folk å tene kortsiktige pengar på å øydeleggje den tilstanden.

– Vi veit at viss den skal ryddast, så vert det dei langs fjorden som må betale for det.

Her kjem Haarstad og Franklin-Alming i land på Øyrane ved Førde.
Her kjem Haarstad og Franklin-Alming i land på Øyrane ved Førde. Foto: Foto: Øyvind Masdal