– Høgtideleg. Viss det éin dag er rett å bruka det ordet, er det på denne, seier SV-aren frå rogalandsbenken.
Bunaden som mange tyr til på høgtidelege dagar, er ikkje aktuell her.
For Fiskaa blir det i staden mørk kjole - og eit arvesmykke frå mora.
Det offisielle Norge går på eit stillare gir i dagane mellom kong Haralds død og gravferda hans, som skal skje 9. september.
Men i Oslo er eit digert offisielt apparat samstundes i sving for seremoniane som nå står for døra for å markera kongens bortgang og tronskiftet.
Midt i dette maskineriet står Ingrid Fiskaa frå Bryne, i rolla som Stortingets femte visepresident.
Saman med stortingspresident Masud Gharahkhani og dei fire andre visepresidentane skal ho representera Stortinget i gravferda til kong Harald neste veke.
Øving tysdag morgon
Men først skal Norges nye konge, Haakon VIII, sverja eiden til Grunnlova i Stortinget.
Det skjer klokka 13 tysdag, og før det skal Fiskaa og kollegaene øva seg i sine roller.
– Det er ikkje dagen for å tøya grenser, slår ho fast.
– Det må det i tilfelle vera kongen som gjer!
Oppgåva deira – Gharahkhani og visepresidentane frå Framstegspartiet, Arbeidarpartiet, Høgre og SV – er å føra kongen og følget hans inn i stortingssalen og ut av stortingsbygningen når han har avgitt eiden. I den lovar han å regjera i tråd med Norges lover.
For å setja stemninga, fortel Fiskaa, har ho sett på opptak frå den same seremonien i 1991, då kong Olav var død og kong Harald drog til Stortinget og svor truskap til Grunnlova.
Med seg hadde han dronning Sonja, men ikkje kronprins Haakon, ettersom han ennå ikkje var myndig.
Glad for Haakon sitt poeng
I dag er Haakon 53 år, like gammal som far hans var i same situasjon.
I dag, tysdag, kjem landets nye konge til Stortinget saman med dronning Mette-Marit og kronprinsesse Ingrid Alexandra, ifølge Slottet.
Dronning Sonja og Prins Sverre Magnus vil vera til stades i stortingssalen.
Fiskaa kjenner det litt i magen, vedgår ho. Men ho trur seremonien blir ei sterk og fin oppleving.
– At kongen kjem til Stortinget som noko av det absolutt første han gjer, symboliserer at me har eit folkestyre. Seremonien viser at hans makt, og all makt, utgår frå dei folkevalde. Det blir sterkt for meg, fordi eg har stor tiltru til folkestyret, som me ikkje berre må halda på, men styrka, seier Ingrid Fiskaa.
Skal gå bak kista
Onsdag i neste veke er gravferda til kong Harald, som blir ei endå mykje meir omfattande hending.
Kista med kongen skal fraktast sakte frå Slottet til Oslo domkyrkje. Igjen skal presidentskapet i Stortinget til pers.
– Me skal delta i prosesjonen frå Slottet og gå bak kista i ei eller anna rangordning. I tillegg skal me ta del i sjølve gravferda i domkyrkja, seier Fiskaa.
Gravferda blir det ein kongehusekspert har kalla «eit vanvitig rigg» med prominente gjester frå heile verda.
Eit enormt tryggingsopplegg
Til kong Olav si gravferd 30. januar 1991, kom statsleiarar og kongelege frå 103 land. Bak båra gjekk både kong Harald, dåverande kronprins Haakon og dåverande prins Charles.
VG kalla arrangementet «norgeshistoriens største sikkerheitsopplegg». 1.500 sivile og uniformerte politifolk var mobilisert, og saman med både mannskap frå forsvaret og tryggingsvakter frå både KGB og Secret Service, vakta dei kortesjen med kongen si båre frå Slottet til domkyrkja, ifølge Politiforum.
Over 100.000 menneske hadde stilt seg opp langs ruta.
Den personlege sorga
I store, felles sørgehendingar kjem ofte også sorg og sakn som den enkelte ber på, opp igjen.
I kongen si gravferd trur Ingrid Fiskaa at ho vil gjenoppleva sitt eige ferske tap: Ho mista mor si, Kirsti Sandved, i november i fjor.
– Ho hadde levd med kreft i fleire år, men på slutten gjekk det fort, så dødsfallet var både venta og uventa, seier dottera.
– I gravferda hennar tenkte eg at mi oppgåve var å vera roleg og fatta. Men i denne større samanhengen er ikkje eg så viktig. Då blir det kanskje plass også for den personlege sorga.
Smykke etter mor
Kirsti Sandved var sterkt involvert i å organisera kongebesøket i Time i 2001.
Ho snakka mykje om dette til dottera og var full av lovord om kor venlege, interessante og morosame kong Harald og dronning Sonja var, fortel Fiskaa.
Ho har arva smykka etter mora. Eit av dei vil ho ha på seg når ho representerer landets fremste folkevalde i seremoniane i denne og neste veke.
– Eg skulle gjerne hatt mor her nå. Smykket vil eg bera for å ha henne med meg i dette. Eg veit at ho ville ha vore veldig stolt av meg, seier Ingrid Fiskaa.
SV'ar, men ikkje så republikansk
SV har i partiprogrammet at dei vil avskaffa monarkiet og erstatta kongehuset med ein vald president. Ein gong i kvar stortingsperiode er partiet med når dette framlegget kjem – og blir nedstemt.
Fiskaa har vore med og røysta for framlegget ein gong, seier ho.
– Eg er lojal overfor partiprogrammet og ser sjølvsagt dei prinsipielle innvendingane mot å la posisjonar gå i arv. Samtidig er det sterke argument for å ha institusjonar som gir kontinuitet og som bind oss saman – særleg når me har hatt og vil få monarkar som har forvalta den posisjonen så klokt, seier ho.
– Du er eigentleg ikkje republikanar, då?
– Eg må seia det så omstendeleg som dette.
Ein morosam far og ein medmenneskeleg son
Som folkevald har Fiskaa møtt dei kongelege fleire gongar, ved statsbesøk frå Finland, Tanzania og Island – og ved middagen som kongen held for stortingsrepresentantane kvar haust.
Ved slike tilstellingar har kong Harald løyst opp spenningar hos mange nervøse gjester som er redde for å seia noko feil når det er deira tur i køen for å helsa på kongeparet, og som lurer på kva bestikk dei skal velja og når, fortel Fiskaa.
– Eg vil hugsa dei morosame talane. Kong Harald var rett og slett svært morosam. Han hadde sjølvironi, og det gjorde at folk senkte skuldrene.
Den nye kongen har ho også helst på.
– Eg kan ikkje påstå at eg kjenner han. Men eg har eit solid inntrykk. Han verkar som eit vennleg, godt medmenneske som er interessert i alle folk og kva dei driv med. I talen han heldt laurdag, la han vekt på folkestyret og at han vil bidra til å styrka det. Det er eg glad for at han fann plass til å seia akkurat der, seier Ingrid Fiskaa.
Etter seremonien: Slottet hadde dagen før meldt at dronning Mette-Marit ville vera til stades saman med kongen ved eid-seremonien. Det skjedde ikkje. I ei pressemelding frå Slottet tysdag sto det at ho kom til å utebli:
«Lungelege Are Holm ved Rikshospitalet uttaler:- Det er ikke uvanlig med komplikasjoner etter en lungetransplantasjon. Dronningen har hatt komplikasjoner ved noen tilfeller siden operasjonen, også i dag. Som følge av dette må Dronningen observeres gjennom dagen. Dronningen vil derfor dessverre ikke kunne delta på edsavleggelsen i Stortinget i dag.»
I dag, tysdag, kjem landets nye konge til Stortinget saman med dronning Mette-Marit og kronprinsesse Ingrid Alexandra, ifølge Slottet.