Henning Topnesvåg og Lye IL er klare for dugnad og hallbygging.
Henning Topnesvåg og Lye IL er klare for dugnad og hallbygging. Foto: Snorre Standish Norheim

Dei gode nyheitene kjem på løpande band om dagen for Henning Topnesvåg, som er leiar i hovudstyret.

Førre veke fekk idrettslaget godkjent reguleringsendringa som ryddar plass til hallbygging på kommunal grunn, i forlenginga av Lyehallen.

Fargen på den seksten meter høge klatrehallen får til og med vera blå, som i logoen til Lye IL. Det sa politikarane i utval for lokal utvikling ja til på torsdag, og på onsdag følgde samrøystes opp med pengar.

Kommunen skal betala ein tredel i prosjektet, som er vanleg når private idrettslag bygger anlegg, men stiller dessutan opp med garanti for banklånet som idrettslaget treng for å koma i mål med finansieringa.

Budsjettet er på heile 47,5 millionar kroner. Dugnadsarbeidet er prisa til over to millionar kroner, og Topnesvåg er ikkje i tvil om at Lye IL skal få ut maks av kvar krone.

Nå ventar berre igangsløyvet frå kommunen før Lye IL kan bygga. – Mange andre ville gjerne ha brukt millionar på å koma dit me er nå, skryt Topnesvåg.
Nå ventar berre igangsløyvet frå kommunen før Lye IL kan bygga. – Mange andre ville gjerne ha brukt millionar på å koma dit me er nå, skryt Topnesvåg. Foto: Foto: Lye IL

Møter velvilje

Han skryt av politikarane som har ønskt hallprosjektet velkomen, og av administrasjonen som har stått på. Same dag som formannskapet sikra finansieringa, godkjende byggesaksavdelinga rammesøknaden.

Dagen etter kom ei ny gladmelding frå administrasjonen, som meinte saksbehandlingsgebyret var urimeleg, og nedjusterte kravet.

Topnesvåg fortel at kommunen bygde den første delen av Lyehallen på åttitalet, før idrettslaget bygde dei to neste på nittitalet – ifølge han til ein lågare pris enn det kommunen brukte på sin del.

Han trur det same hadde vore tilfellet om kommunen skulle bygt Fjellhallen, som er namnet på heile prosjektet til Lye IL.

Så langt har det ikkje kosta stort, fordi reguleringsarbeidet og arkitektarbeidet nærmast er gjort på dugnad, fortel Topnesvåg.

Klatrehallen skal Masiv bygga, men entreprenøren legg til rette for at idrettslaget kan gjera mest mogleg sjølv. På dei låge hallane blir det meir tømring, og det kan gjerast på dugnad.

– Eg er sikker på at viss kommunen skulle bygt hallen, ville han blitt dobbelt så dyr. Fordi det ikkje hadde vore den same velviljen hjå leverandørar og entreprenørar til å gjera dette. Dei vil at me skal få dette til, og somme leverer til kostpris.
– Eg er sikker på at viss kommunen skulle bygt hallen, ville han blitt dobbelt så dyr. Fordi det ikkje hadde vore den same velviljen hjå leverandørar og entreprenørar til å gjera dette. Dei vil at me skal få dette til, og somme leverer til kostpris. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Oppsving for dugnadsånda

I desember delte handballgruppa i Lye IL eit Facebook-innlegg som skapte stort engasjement, og som Jærbladet omtalte.

Bodskapen er at frivilligheita er på vikande kurs, og at dei som stiller flest krav, er dei som bidrar minst.

Styret, som har arbeidd med hallprosjektet i fleire år, gler seg over at mange har meldt seg til teneste.

– Dugnadsånda har fått eit kjempeløft. Generelt har det vore tungt å få tak i trenarar, og få folk til å ta på seg verv, men akkurat då me starta med dette prosjektet, kom det mange som sa at dei kan gjera dette eller dette.

Det komande året treng idrettslaget folk som kan rydda, måla, laga mat og svinga hammaren.

– Dugnadsgruppa som vart skipa sist onsdag, har allereie 136 medlemmar. Det er allslags folk, i alle aldrar, som har meldt si interesse for å vera med og bidra på eitt eller anna nivå, seier Topnesvåg.

Idrettslaget har cirka 550 medlemmar. Håpet er at medlemstalet kan overstiga 600 når det anlegget står klart, med betre fasilitetar og meir plass.
Idrettslaget har cirka 550 medlemmar. Håpet er at medlemstalet kan overstiga 600 når det anlegget står klart, med betre fasilitetar og meir plass. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Klatrarar i kø

– Det var eit kjempeløft i klatregruppa, og det kom mykje folk til, men det leidde til at folk ikkje fekk klatra meir enn ti minutt før dei måtta venta. Folk gadd ikkje meir, rett og slett, seier Topnesvåg.

Den nye klatrehallen får ti gongar større klatreflate – frå 50 til 500 kvadratmeter – og har ein kapasitet som gjer at idrettslaget kan ta imot fleire. Allereie har dei mange medlemmar frå andre stader i Time, og frå nabokommunane.

Klatreveggen i Lyehallen er nyleg oppgradert med nye grep, men er så populær at klatrarane må stå i kø. Pågangen har gjort at fleire har falle frå, fortel Topnesvåg.
Klatreveggen i Lyehallen er nyleg oppgradert med nye grep, men er så populær at klatrarane må stå i kø. Pågangen har gjort at fleire har falle frå, fortel Topnesvåg. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Meir hallflate og meir lagringsplass

Nedanfor klatrehallen kjem to nye bygg som vil rekka nesten fram til løpebanene på stadion.

Det eine bygget får to etasjar og ei grunnflate på 240 kvadratmeter. Her blir det ein liten aktivitetshall og treningssenter. Under kjem eit stort lager, som idrettslaget har sakna.

Ved sida kjem ein aktivitetshall på 650 kvadratmeter, som skal frigjera dagens fleirbrukshall til idrettar som treng heile speleflata.

I aktivitetshallen blir det mellom anna plass til idrettsskule, minihandball, gruppetrening, badminton og pickleball.

– Det skal vera like mykje aktivitet her ennå, men nå er det rom til å veksa. Handballen, innebandyen og bordtennisen får mykje meir treningstid, seier Henning Topnesvåg.
– Det skal vera like mykje aktivitet her ennå, men nå er det rom til å veksa. Handballen, innebandyen og bordtennisen får mykje meir treningstid, seier Henning Topnesvåg. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Ferdig til jul?

Ei gravegruppe står klar til å begynna når kommunen gjev igangsettingsløyve.

Etter planen skjer første gravestikk i april, men gruppa har allereie snakka med kommunen om kor overskotsmassane skal fraktast, og korleis tomta skal sikrast under gravinga.

– Dei har lagt ein veldig god plan for korleis dette skal gjerast, seier Topnesvåg.

– Kor tid kan det stå ferdig?

– Me jobbar for å ha hallen ferdig før jul. Det er målet, og det er alle er innstilte på å få til. Det ser realistisk ut med opning i januar, ut frå det me veit per nå.

Gravegruppa er førebudde på å starta i april, når kommunen gjev klarsignalet.
Gravegruppa er førebudde på å starta i april, når kommunen gjev klarsignalet. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim