325 er talet på dagar som gjenstår før opninga.
Like lenge kan det også vere til Klepp får kongeleg besøk.
«Dykkar majestetar / Høgvørde Kronpins og Kronprinsesse», innleia ordførar Kjetil Maudal det sjeldan formelle skrivet i midten av desember.
«Det ville glede Klepp kommune om ein representant frå Kongehuset har høve til å delta og vere med på å gjere denne dagen til ei minnerik oppleving for heile lokalsamfunnet», skriv han.
– Det er ikkje kvart år kongen er i Klepp, så det hadde vore veldig kjekt å få besøk av kongehuset under denne happeningen, seier ordføraren til Jærbladet.
To offisielle besøk før
Det stemmer at kongen ikkje gjestar Klepp veldig hyppig, i alle fall ikkje offisielt. To gonger før har dette skjedd:
I 1995 var kongeparet ein halv time på Krosshaug, der det var funnen ei rik dronninggrav. I 2002 klippa kong Harald snora for å markere opninga av Kleppetunet.
Sjølv om dei offisielle visittane er få, skal han ha fiska laks på Sele kvart år i periodar, sa tidlegare rådmann Ivar Undheim til Jærbladet i juli.
– Utanom hytteplassane sine trur eg at det er få plassar kong Harald har vore meir enn i Klepp. Det måtte eventuelt vere dei store byane, sa han.
– Blir stor ståhei viss kongen kjem
Ordførar Maudal er håpefull om at éin eller fleire representantar ønskjer å kome for å kaste glans over det splitter nye bygget.
Ordføraren har heller ikkje helst personleg på nokon i kongefamilien før. Det vil han då kunne få moglegheit til.
– Me får krysse fingrar og føter for at dei har lyst og at det passar godt, seier han.
– Det blir stor ståhei i Klepp sentrum viss kongen kjem. Det blir fest uansett, men ekstra stas om ein får dette til, legg han til.
Kongehuset svarar
I eit svar bekreftar kongehuset at dei har mottatt brevet med invitasjon om å vere til stades under den offisielle opninga av Plogen kulturhus.
«Det er forløpig for tidlig å gi noe bestemt svar på om representanter fra Kongehuset vil ha anledning til å være til stede, og vi skal derfor få lov til å komme tilbake til saken», heiter det i svaret.
Blir førespurnaden imøtekomen, er det Statsforvaltaren i Rogaland som vil vere ansvarleg for koordinering av programmet for besøket.
Opninga skjer laurdag 21. november 2026, og skal markerast med kulturelle innslag frå kulturskulen, fritidsklubben, frivilligsentralen og biblioteket.