I fjor fylte den folkekjære marinemålaren Ivan Storm Juliussen 80 år. I samband med dette gjekk han med planar om ei større utstilling i Oslo. Men så ombestemte han seg.
– Eg tenkte at eg heller ville tileigna utstillinga til dei folka eg har hatt gleda av å stille ut for i alle desse åra, fortel han.
Vekk frå Klepp
Juliussen, som opphavleg kjem frå Rolvsøy i Østfold, har budd på Line i Time sidan 1980. Det store gjennombrotet sitt som målar fekk han eit par år etterpå. Det skjedde med ei salsutstilling i Klepp rådhus.
Sidan har han, med meir eller mindre jamne mellomrom, hatt alle salsutstillingane sine der.
Derfor, syntest Juliussen, ville det falla seg naturleg å halda det som etter kvart blir eit 81-årsjubileum når nye Klepp rådhus står klart til hausten, slik Jærbladet skreiv rundt jul.
Men då Juliussen kontakta Klepp kommune om saka, fann han ut at rådhuset skal opna 21. november, ikkje i oktober, som tidlegare har vore estimatet.
Slutten av november er akkurat litt for seint for marinemålaren, som måtte i staden måtte legga ein plan B.
Tidskritisk
For når du skal ha di første salsutstilling på fem år, og har fire dagar på deg til å selja alt du har malt sidan sist, må timinga vera rett.
Det er ein grunn til at ein har høyrt om haustutstillingar og ikkje vårutstillingar, meiner Juliussen som, viser det seg, ikkje berre er flink med pensel og bassgitar, men òg har ein solid dose marknadsteft.
For først på året kjem vinteren. Då er folk i gang med å stramma inn etter å ha brukt for mykje pengar på jul. Så kjem våren med konfirmasjonar og andre utgifter. På sommaren er det ferie.
Men så kjem hausten. Der er det eit vindauge der publikum kan sjå mon i å investera i noko fint å ha på veggen.
– Men det må ikkje vera for nært jul, heller, for då rasar pengane ut på all slags andre ting, seier Juliussen.
– Gambling på høgt plan
Han innrømmer at det er litt rart: Den kommande utstillinga skal gå over fire dagar. Det er i løpet av den korte tida han får svaret på om alt arbeidet han har lagt ned – og Juliussen jobbar mykje – dei siste fem åra vil betala seg.
– Det er gambling på høgt plan, seier kunstnaren sjølv.
Det er ikkje berre tid og krefter Juliussen investerer. Før dørene opnar har han gjerne bladd opp eit par hundre tusen kroner på rammer, listverk, leige av lokale og alt mogleg anna.
Når du er villig til å tapa så mykje, meiner han, så er det ikkje pengane som driv deg.
– Då må det ligga ein ideologi bak, at du gjer det for å gleda folk med noko du trur vil ha ein verdi for dei. På utstillingane mine har eg treft mange menneske som har hatt stor glede av det eg har gjort. Det er det som er drivkrafta mi, seier Juliussen.
– Er det meining i det?
For all del, han kunne godt tenka seg å tena litt på det han driv med, og før han vart pensjonist – «NAV-pasient», som han kallar det – var han avhengig av å selja nok til å kunne jobba fram mot neste salsutstilling eit par år lenger fram i tid.
– Men når du vert 81 år, begynner du liksom å reflektera: Kvar kom du frå? Kor skal du? Kor gjekk du? Og var det noko med det du gjorde som du kan sjå tilbake på, og som var verdifullt? Var det noko som var fornuftig med det du gjorde? Har eg gjort noko med livet som det var meining i?
– Kva synest du sjølv?
– Det er ingen som døyr om dei ikkje har eit måleri på veggen. Dei som produserer straum, bleier, barnevogner og likkister, dei gjer noko fornuftig.
I utgangspunktet er det ingen som eigentleg har bruk for eit måleri, filosoferer Juliussen. Men så er det jo likevel sånn at det er mange som likevel har glede av kulturen. Heile samfunnet er gjennomsyra av han.
Sjølv har han gått gjennom heile livet med eit brennande ønske om å driva med måling og musikk. Storparten av livet er det det han har gjort òg.
– Det var vel det som var meininga, då, seier han.
I fars fotspor
Juliussen har det frå far sin, Oscar Storm Juliussen, som dreiv med måling, treskjering og keramikk.
Han har mange kunstnarar i slekta, men i næraste familie er det berre Juliussen igjen.
– Det døyr ut med meg. Det er litt rart å tenka på. Det er litt vemodig, seier han.
Juliussen reknar seg for ein tradisjonsberar og er atterhalden med å bruka ordet kunstnar.
– Eg har ikkje funne opp krutet. Det vart funne opp for fleire tusen år sidan. Eg har aldri storma inn i kunstverda med noko nytt. Eg berre vidarefører ein tradisjon, seier han og gjev Jærbladet ei kjapp innføring i marinemåling.
For Juliussen sjølv er det særleg tre målarar som har vore viktige: Hollandske Willem van de Velde den yngre, russiske Ivan Ajvazovskij og Johan Jacob Bennetter.
Ung målgruppe
Seglskip og sjøslag i inspiratorane si ånd er, som venteleg, godt representert i Juliussen si kommande utstilling. Det er òg tusser, troll og andre overnaturlege krefter – motiv han kan henda ikkje er like kjend for. Men, som han seier, «fantasiens venger kan flaksa overalt».
Juliussen har måla med ungar i tankane.
– Unga har veldig god fantasi. Eg har gått rundt og sett på dei når dei ser på bilda mine og ser kor opptatt dei er av å finna ting i bildet. Dei står og diskuterer og kikkar og snakkar og spør om alle moglege greier.
Motiva kjem frå hans eigen oppvekst.
– Det eg gjekk og tenkte på då eg var gutunge, det målar eg opp nå, seier han.
Både bestemora og far hans fora han med historier om det overnaturlege. Då Juliussen vaks opp, fanst det vatn inne i skogen der han aldri torde å gå, for der budde nøkken.
– Far min var ein trollmeister. I tillegg til det naturalistiske, hadde han troll og eventyr som sin ekspertise. I kunsten sin var han i ei verd av troll, tusser og hekser. Eg føler på ei slags plikt til å gå litt i hans spor. Samtidig ser eg at det har ein appell blant ungar. Det er veldig kjekt å sjå at ungar er interesserte i kunsten, seier han.
Stiller ut ved Solastranda
Ungar og vaksne som vil oppleva Juliussen sin kunst, får sjansen frå torsdag 5. til og med sundag 8. november. Då inviterer han til salsutstilling i maskinhuset ved Solastranden Gård i Sola.
– For ein gongs skuld har eg rota meg litt lenger vekk frå der eg har vore i alle desse åra, seier Juliussen.
Nærare jærhavet er det knapt mogleg for måleria hans å komma utan at dei vert blaute.
– Det er ganske sentralt, midt mellom Stavanger, Sandnes og Bryne, og godt med parkering, seier Juliussen.
For å gjenskapa stemninga frå tidlegare salsutstillingar i gamle Klepp rådhus, pakkar han med seg store teppe og ærverdige lysestakar i sølv, i tillegg til rundt 60 måleri.
Utelukkar ikkje Klepp-comeback
Juliussen skulle gjerne ha stilt ut i det nye rådhuset i Klepp, som han trur vert fint, men denne gongen lét det seg dessverre ikkje gjera.
– Du får satsa på ei utstilling til, då.
– Jo, men kor gammal skal ein bli?
Ivan Storm Juliussen fyller 81 år 28. februar.
Han utelukkar ikkje at det kan komma fleire utstillingar. Samtidig har han mange gonger lurt på kvifor Vårherre har latt han halda på så lenge som han har gjort.
– Så når eg ber, for det gjer eg, eg er ein truande mann – truande til litt av kvart, heh-heh – så seier eg at «Eg forstår det eigentleg ikkje, kvifor du held meg i live, men eg reknar med at du forstår det, så då skal ikkje eg diskutera det noko meir med deg». Eg får berre sjå korleis det går.