Ivan Storm Juliussen har budd på Line i Time sidan 1980. Den tidlegare løa som han bur i, ligg berre få meter unna det gamle bustadhuset der han har atelieret sitt.
Ivan Storm Juliussen har budd på Line i Time sidan 1980. Den tidlegare løa som han bur i, ligg berre få meter unna det gamle bustadhuset der han har atelieret sitt. Foto: Brit Romsbotn (arkiv)

– Arkitekten seier at dette bygget aldri kjem til å ramla ned. Eg er sikker på at han har rett, seier Ivan Storm Juliussen frå heimen sin i den gulmåla, tidlegare løa på Line.

Måtte kutta vatnet

Løa blei bygd i 1920, og ho har vore Storm Juliussen sin bustad i meir enn 20 år.

– Det var ikkje slik at eg fekk flytta inn i løa utan vidare. Eg måtte gjennom ei papirmølle for å få det til, fortel marinemålaren, som også er kjent for hyppig sigarettrøyking og sitt lange, kolsvarte hår.

Storm Juliussen budde først i eit lite hus ved sida av det som var driftsbygningen på eigedommen. Kommunen ville i utgangspunktet at han skulle setja i stand det gamle bustadhuset og slå seg til der.

Ivan Storm Juliussen budde først i det kvitmåla huset i bakgrunnen.
Ivan Storm Juliussen budde først i det kvitmåla huset i bakgrunnen. Foto: Foto: Brit Romsbotn (arkiv)

Men målaren såg andre moglegheiter.

– For at eg skulle få ta løa i bruk som bustad, måtte bueininga flyttast frå huset og over til løa. Mellom anna måtte eg kutta ut vatnet i det tidlegare bustadhuset. Straumen fekk eg behalda. Alt skjedde forskriftsmessig, fortel Storm Juliussen, som i dag bruker det tidlegare bustadhuset til målarstove.

Han er glad for at han gjekk gjennom papirmølla som måtte til for å få endringa gjennomført.

– Glad i det gamle

Den tidlegare løa har reisverk av eikestokkar frå forliste seglskip.

– Eg tykkjer det er heilt fantastisk at huset eg bur i er bygd av det eg måler. Eg bur i det som har forlist, og eg tykkjer at eg kjenner sjølukta når eg sit her, seier kunstnaren.

Det er mykje å festa blikket på i stova heime i den tidlegare løa hjå Ivan Storm Juliussen.
Det er mykje å festa blikket på i stova heime i den tidlegare løa hjå Ivan Storm Juliussen. Foto: Foto: Brit Romsbotn (arkiv)

Storm Juliussen tykkjer det er best å måla om nettene. Og han har ingen sans for dagens byggjestil.

– Det er firkanta kaninkassar. Og ikkje er det fint inni heller. Det finst jo ikkje noko i dei. Sjølv er eg glad i det gamle, i det historiske, seier målaren.

– Forskrifter å forhalda seg til

Han har fått med seg diskusjonen i Time kommune om sambuarparet Ingrid Fiskaa og Olav Martin Bråtveit, som ønskjer å bruka ein del av løa på Klokkargarden i Time som mellombels bustad medan dei set i stand våningshuset på garden. Dei har søkt om mellombels bruksendring frå verkstad til bustad i inntil tre år.

Kommunen har sagt nei, og Fiskaa og Bråtveit har klaga på vedtaket.

Storm Juliussen kan forstå at kommunen ikkje utan vidare kan gje dispensasjon for ombygging og bruksendring av løa i inntil tre år.

– Det spørst korleis løa er, om det er trygt og sikkert og alt i orden. Kommunen har også sine forskrifter å forhalda seg til, og dei har kanskje ikkje anna val enn å seia nei. Eg reknar også med at regelverket berre er blitt strengare i løpet av dei over 20 åra som har gått sidan eg flytta inn i løa mi, seier Ivan Storm Juliussen.