Den danske bakaren opna forsiktig i slutten av oktober, på same tida som tradisjonsrike Kjøkkenet la ned i Storgata.
Den første tida var opningstidene sporadiske, i ein slags pop up-kafé som opna før bakeriet var på plass.
Den offisielle opninga, under namnet Jakobs Brød, skjedde i starten av februar.
Den første månaden var god, men deretter gjekk det berre nedover, slår Jakob Philipsen fast.
Mens to medarbeidarar ryddar i kafeen, står han og baker, i det store og lyse bakeriet som ikkje forsvinn frå Bryne med det første.
– Eg skal driva produksjonen vidare her, men kafeen legg eg ned.
Risikerte konkurs
I februar fortalde Philipsen om delte reaksjonar på at han skulle opna økologisk bakeri på Bryne.
Somme meinte det var galskap, sa han sjølv til avisa, og i ettertid har det vist seg at dei kanskje hadde rett.
– Nei, det har ikkje gått rundt, for å gjera ei lang historie kort. Men me har gjort så godt me kunne.
Brødvarene frå bakeriet blir i hovusak selde på Ullandhaug Økologiske Gård, som òg har ein filial i Verksgata i Stavanger.
Utan ei semje med huseigaren om å løysa Jakobs Brød frå den opphavlege leigekontrakten, hadde bedrifta gått konkurs.
– Eg må seia det som det er, seier Philipsen.
Ein ny leigetakar flyttar snart inn i kafélokala, og dei skal mellom anna selja brødvarene hans.
Dansken er hemmelegheitsfull om kven naboen er, men trur at det blir ein betre match enn kafeen hans.
Ser igjen til Stavanger
Bakaren, som eigentleg er kokk, har drive kafé og bakeri fleire stader i Stavanger sidan 1999, seinast i Pedersgata.
Kafeen måtte ut då leigekontrakten gjekk ut i fjor vår. Bakeriet var på Øksnevad etter at bedrifta mista lokalet sitt i Østre bydel i 2022.
Philipsen fortel at både lokalet på Bryne og utstyret er leigd, og at han igjen vil forsøka å finna eit eigna lokale i Stavanger.
– Eg vil gjerne opna kafé igjen i Stavanger. Det har eg bevist at eg kan, etter å ha drive der i over tjue år. Fanklubben min er der.