Ranglerockfestivalen er inne i sitt 20. år. I år skjer det noko heilt spesielt. Ranglerock-helga 26.–27. juni kolliderer nemleg med eit anna tradisjonsrikt kulturarrangement: verdsmeisterskapen i fotball. Verdsmeisterskapen blir arrangert i Mexico, Canada og Sambandsstatane frå 11. juni til 26. juli.
Kampkrasj
Ranglerock-arrangørane har spesielt merka seg Norge-Frankrike-kampen som skal gå føre seg i Boston, fredag 26. juni klokka 21:00 norsk tid. Den krasjar med Ranglerock.
Festivalnestleiar Hans Bjørnar Tunheim trur eigentleg det skal gå greitt, men festivalen vurderer likevel å tilpassa programmeringa på fredagskvelden.
– Me jubla ikkje akkurat då me fann ut at frankrikekampen skulle gå den fredagen, seier han til Jærbladet.
Ei stund hadde han eit lite håp om at dei tidvis uføreseielege styresmaktene i Sambandsstatane skulle flytta kampen.
– Men det spørst, seier han.
Tunheim seier dei alltid skal klara å tilpassa seg.
På Facebook-sida Bransja Prat, eit leiande diskusjonsforum for artistar, arrangørar og andre i bransjen, gjekk han ut og spurde kva for eit publikum som er minst fotballinteressert.
– Me er ein festival som har eit breitt spekter av sjangrar, men folk liker fotball og musikk ommanidom, på tvers av alle sjangrar, seier han.
Folkemusikk i Haaland-drakt
Facebook-posten fekk mykje respons, blant anna frå eit par av artistane som er booka til Ranglerock, men som helst ikkje vil spela fredag kveld mellom ni og elleve.
– Valkyrien Allstars har visstnok ei signert Haaland-drakt, så dei stressa med tidspunktet, seier Tunheim.
Nestleiaren er overraska over at det tilsynelatande er så lite forsking på skjeringspunktet mellom musikkinteresse og (manglande) interesse for fotball.
Sjølv spekulerer han i om cumbia- eller zydecopublikummet kan henda ikkje er så interessert i fotball, i alle fall ikkje norsk landslagsfotball, men dette er ein sjanger som tradisjonelt ikkje har vore representert på Ranglerock.
Å setta cumbia eller zydeco på plakaten er uansett neppe ei aktuell løysing.
– Me skal ikkje gå på kompromiss med det me er, men tenker at ut frå rammene våre, med alt frå tung rock til pop, folkemusikk og meir eksperimentelle ting, kan me finna noko som passar inn på det aktuelle tidspunktet, seier Tunheim.
Skjermliberal kulturkveld
Det skal òg ha dukka opp eit forslag om at kanskje kan dei visa kampen på skjerm til live improvisert musikk.
– Då er det mogleg me kunne ha komme oss rundt heile rettigheitsgreiene, i og med at det blir del av eit kunstnarisk uttrykk. I tillegg kunne me fått dispensasjon til å skjenka heile natta. Då blir det skikkeleg rangling, ivrar løysingsorienterte Tunheim.
I kulturkrinsar er det ganske vanleg å høyre klaging om publikum som er meir opptatt av mobilen enn det som skjer rett føre dei, men akkurat denne kvelden ser ikkje Tunheim særleg mon i å legga restriksjonar på kva slags skjermar folk har med seg.
– Kanskje er det mogleg at folk kan ha med seg ein 55-tommars skjerm, lurar han.
Tunheim reknar med at i akkurat desse to timane vil det vera ein del som held seg på festivalen sitt uteområde.
– Sit dei på skjermane sine der, skal ikkje me seia noko på det, seier han.
Går ein langt nok tilbake i Ranglerock-historia, finn ein både «Rock mot Gladmat» og «Rock mot Skalldyrfestivalen» blant slagorda som har samla publikum til festival på Jæren. Trua på å samla folk under fana «Rock mot fotball» er likevel laber.
I staden vil dei vera pragmatiske. I praksis betyr det at dei største artistane neppe blir sette opp fredag kveld mellom ni og elleve.
– Me vil starta sterkt og slutta sterkt og ha noko alternativt i midten. Mange vil prioritera fotball og mange vil prioritera musikk. Det skal vera rom for begge delar, seier Tunheim.
Blant artistane som allereie er stadfesta til Ranglerock er Valkyrien Allstars, Bendik, The Clumps, Pumpegris, Nonne, Håndgemeng, Sofi O og Yndling.