– Det er utruleg flott. Eg er takknemleg og glad for sjansen det gir til å setta av meir tid til å skrive og utvikla litteratur, seier Strassegger til Jærbladet.
Forfattaren er på turné, på bokbåten Epos, «Vestlandet sitt flytande litteraturhus». Denne dagen ligg dei til kai på Sand i Ryfylke, og Strassegger førebur dagens skrivekurs med skulebarn frå bygda.
Ordninga som gjer det mogleg for Strassegger å bruka mykje tid på å skriva bøker sjølv, er Statens kunstnarstipend. Denne veka kunngjorde Kulturdirektoratet namna på dei 1.069 heldige som får stipend til å jobba med litteratur, teater, bildekunst, dans, film, fotografi, musikk eller kunsthandverk i dei neste åra. Over fem gonger så mange søkte.
Stipendet er 342.193 kroner per år, og Strassegger er den einaste mottakaren på Jæren denne gongen.
– Det som rører og samlar oss
– Stipenda gir kunstnarar meir tid og større fridom til å skapa. Resultatet er fleire førestillingar, konsertar, utstillingar og bøker av høg kvalitet over heile landet, og eit rikare, meir mangfaldig kulturliv som utfordrar, rører og samlar oss, seier Trude Gomnæs Ugelstad, som har leia utvalet for Statens kunstnarstipend, i pressemeldinga om tildelingane.
I ei tid prega av uro, polarisering og raske endringar, trengst kunst som gir rom for refleksjon, fellesskap og nye perspektiv, både her heime og ute i verda, meiner ho.
Ungdom i rus, vald og utanforskap
Strassegger får stipend for å fortsetta å skriva bøker for barn og ungdom. Det har han gjort før. Den såkalla råskapstrilogien, tre romanar om rus, vald og utanforskap, er delvis basert på eigne erfaringar i eit ungdomsmiljø på Bryne som han sjølv var ein del av.
Sidan har han utdanna seg til psykolog, og den sikre inntekta har 41-åringen frå halvtidsjobben som kommunepsykolog i Hå.
– Eg har alltid jobba redusert, anten eg har hatt stipend eller ikkje. Men med tre ungar, hus og faste utgifter kjem stipendet godt med.
Det er ikkje første gong Strassegger blir sett av kunstnarstipend-utvalet.
– At eg får stipend igjen nå, tar eg som ei anerkjenning av at eg når ut til dei unge. Eg har vore rundt på skular og snakka om barne- og ungdomsbøkene. Min metode er å skriva om vanskelege tema og utfordra dei til å tenka sjølv, seier forfattaren.
Lesekrisa: Må begynna på nytt
I denne rolla kjenner han godt til lesekrisa blant barn og unge, som mellom anna viser seg i markant nedgang i evna til å lesa og gleda over å lese, og fallande evne til konsentrasjon. Tiåringar presterer svakare enn før, og kvart år går 15.000 elevar ut av grunnskulen utan å kunna lesa skikkeleg.
– Eg trur me må begynna igjen frå scratch, seier Strassegger.
– Det begynner med å bli lest for. Ein del lærarar har lest delar av boka mi høgt for klassen før me treffest. Sjølv om dei ikkje nødvendigvis er involvert i ungdomskriminalitet sjølv, er dei interesserte i temaet. Det stemmer kanskje at dei har stadig vanskelegare for å konsentrera seg. Men dei følger nøye med, om ikkje så lenge av gangen.
Jærsk drama for vaksne
Strassegger skriv også for vaksne. Til hausten kjem han med ein roman frå Jæren, røper han.
– Det er eit menneskeleg drama knytt til vanlege folk på Jæren. To naboar i eit landbruksområde er ueinige om noko. Romanen er eit stort drama i nåtid om svik og fornedring, seier Strassegger.
Men også rein fiksjon, forsikrar han.
– Hensikta er å få fram ei god forteljing. Apropos at leselysta går ned: Forfattarar må finna tilbake til den klassiske gode forteljinga. Den som tar kort tid å lesa, men lang tid å gløyma!