I sommar var Tone Karin Slettebø og Brian Johannesen frå Sirevåg på ferie i Danmark. Tysdag 30. juni var dei i København, i lag med Slettebø sitt søskenbarn som bur der.
På kvelden drog dei til Islands Brygge, der VM-kampen mellom Norge og Elfenbeinskysten blei vist på storskjerm i regi av danske TV2.
Men det som skulle vera ein fotballfest, fekk eit fatalt utfall.
Fatalt slag
Slettebø og Johannessen ber framleis med seg vonde minner frå det dei hamna midt oppi.
Det var rett etter at Haaland hadde skåra og sendt Norge opp i leiinga 2–1 over Elfenbeinskysten. Det Slettebø og Johannesen ikkje fekk med seg midt oppi jubelbruset, var at litt lenger framme hadde det brote ut amper stemning etter at ei gruppering hadde kasta øl mot ei anna gruppering.
Ein 31 år gammal danske slo ein tilreisande 32 år gammal svensk familiefar med knyttneven, og trefte han på venstre sida av hovudet eller nakken.
32-åringen blei liggande på bakken.
Slettebø og Johannesen fekk etter kvart med seg at det låg ein mann på bakken og at det blei gjort forsøk på gjenoppliving, men visste ikkje kva som hadde skjedd. Etter var det nokon som ropte etter lege, men ingen reiste seg.
Ville hjelpa
Då gjekk Slettebø, som jobbar som førstehjelpar i Nordsjøen, fram for å sjå om det var noko ho kunne hjelpa med.
Mannen låg på bakken heilt framme ved skjermen. Slettebø skildrar eit fullstendig kaos. Vaktene var stressa og skreik på folk at dei skulle halda seg vekke.
Slettebø sette seg ned ved 32-åringen og sette i gang hjarte- og lungeredning. Johannessen kom til for å hjelpa.
Fleire gonger fekk dei beskjed om at dei måtte flytta seg.
– Eg tenkte berre, nei, eg stoppar ikkje med dette før det er nokon andre som tar over, fortel Slettebø.
På eit tidspunkt kom ein av vaktene og skulle ta over, men han fekk det ikkje til. Slettebø og Johannesen fortsette. Så kom nokon med ein hjartestartar, men det viste seg at ingen av dei rundt kunne med han.
Slettebø og Johannesen fortsette, med hjelp av andre som kom til. Fleire gonger fekk dei beskjed om at dei måtte flytta seg.
– Kaos
Heile tida var det høg lyd frå fotballkampen, som framleis gjekk på storskjermen. Hjelparane og vaktene rundt 32-åringen hadde store problem med å kommunisera med kvarandre.
– Det var forferdeleg, seier Slettebø.
– Det var mykje folk. Det var kaos, seier Johannesen.
Dei to anslår at dei haldt på i nærare eit kvarter før helsepersonell faktisk kom til og dei kunne trekka seg ut.
Den svenske 32-åringen blei frakta vekk på ei båre og sendt til sjukehus.
Den 3. juli blei han offisielt erklært død.
– Me hadde ikkje klart å redda han uansett. Det gjekk ikkje an å sjå det på han, men hovudpulsåra hans var sprokken, fortel Slettebø.
For henne og Johannesen har det vore til god trøyst å vita at uansett kva dei hadde gjort i den kaotiske situasjonen, stod aldri livet til den svenske familiefaren til å redda.
Då Slettebø starta hjarte- og lungeredninga, visste ho ikkje kva som var gale.
– Han var ein ung mann, utan synlege skadar. Eg visste ikkje at han hadde blitt slått, seier ho.
Johannesen fortel at det svenske mannen hadde ein blå farge i andletet.
– Du kunne sjå veldig tydeleg at han ikkje levde, men det var ingen synlege skadar, seier Slettebø.
Etterverknadar
Dei to kjenner framleis på etterdønningar av det dei opplevde denne kvelden.
Slettebø opplevde at ho heile tida såg den valdsutsette mannen føre seg, og særleg blåfargen han hadde i ansiktet.
– Eg drøymde om det om nettene. Eg drøymde at barnebarna mine fekk same farge, fortel ho.
For Johannesen tok det litt tid før reaksjonen kom, men i førre veke var han på førstehjelpskurs.
– Då fekk eg déja vu. Me skulle gjera kompresjonar på ei dokke. Då bakka eg litt. Eg fekk den kalde kjensla i meg av at det hadde skjedd noko, fortel han.
For Slettebø kan det framleis komma over ho.
– Det plagar meg ikkje i livet, men det kjem utan at eg har kontroll på det, seier ho.
Som fagperson er ho godt trent i å gje førstehjelp. Dette var likevel noko anna. Særleg gjorde kjensla av kaos inntrykk.
– Når me trener, er det under ordna forhold. Her opplevde me at ingenting fungerte. Ingen gjorde det dei skulle gjera. Det trur eg har lært litt av. Eg skal bli flinkare til å gje beskjed og snakka høgare, seier Slettebø.
Eitt år i fengsel
Rett etter slaget den 30. juni, forsvann den 31 år gamle gjerningsmannens frå staden. Han blei etterlyst av politiet og melde seg 3. juli, same dag som den svenske familiefaren blei erklært død.
To andre menn som var i følge med 31-åringen på Islands Brygge den aktuelle kvelden, er òg sikta for vald. Sakene deira er ikkje avgjort.
Då 31-åringen møtte i Københavns Byret, innrømma han å ha slått 32-åringen.
Onsdag 7. oktober blei han dømt til eitt års fengsel.
Det var i tråd med den straffa påtalemakta bad om. Det er fordi han blei sikta for det som i dansk lov heiter «simpel vald», ikkje «grov vald», trass i at valden enda med døden. Det skriv Berlingske Tidende.
I dansk rett er den øvre strafferamma for simpel vald eitt år.
I retten forklarte politiet sin spesialanklagar at når dei vurderer kva for ei av desse føresegnene valdshandlinga fell inn under, ser dei på kor farleg angrepet vanlegvis er.
– Og eit knyttneveslag er typisk ikkje farleg, sa spesialanklagaren, ifølge Berlingske Tidende.
Den 31 år gamle mannen er tidlegare straffedømd, blant anna for vald, drapsforsøk og valdtekt.
Den milde straffa har fått mykje merksemd i Danmark. Den danske justisministeren har allereie signalisert at han ønsker å endra lova.
Slettebø og Johannesen følgde med på rettssaka. Dei er sjokkerte over at hendinga ikkje fekk større konsekvensar for gjerningsmannen.
– Det er heilt utruleg. Eit slag blir berre rekna for mild vald. Det er forferdeleg, seier Slettebø.