(RA Stavanger) Målespann, maskeringsteip og store val pregar no kvardagen til Hanne Sigbjørnsen, betre kjend som Tegnehanne.
Ho og familien held på å bytte ut eit strøkent og vedlikehaldsfritt rekkehus på Lervig Brygge med eit gigantisk oppussingsprosjekt til 11 millionar kroner i Hognes gate på Madla.
– Det er jo både spennande og skummelt, eigentleg. Me bur no i eit vedlikehaldsfritt rekkehus, tett på naboane i eit bilfritt tun. Det nye huset er den rake motsetnaden.
Årsaka til miljøskiftet var at familien – fire i talet – var i ferd med å vakse ut av rekkehuset.
– Me fann ut at me eigentleg lever 90 prosent av den vakne tida i hovudetasjen. Fire personar delte på 40 kvadratmeter. Det blir litt tett.
Sambuaren hennar, Jostein, er ein vaskekte Madla-gut, og det å flytte heim til barndomstraktene har klare fordelar.
– Svigerforeldra mine bur rett borti her, og det gjer òg mange av søskenbarna til ungane våre.
Sjølv om nokon kanskje ville følt det i overkant nært, ler Hanne av tanken på ein armlengdes avstand til svigerfamilien.
– Når ein har små barn, kan det nesten ikkje bli nært nok, eigentleg.
Mange rom og utleigedel med utsikt
Den nye einebustaden er alt anna enn liten.
Med heile 368 kvadratmeter internt bruksareal på ei tomt på 748 kvadratmeter, rommar huset fire soverom, tre bad, eit hav av diverse kjellarrom og ein utleigedel i øvste etasje.
Planen er å etter kvart flytte utleigedelen ned til kjellaren.
– Me ønsker å flytte opp etter kvart, men det er eit meir langsiktig prosjekt.
Og sjølv om utleige er planen no framover, skaper likevel utsikta frå toppetasjen ei viss indre konflikt.
– Eg kan jo ikkje leige ut den beste delen av huset, det blir veldig rart, seier ho medan ho ler.
I kjellaren er det mange rom, og teiknaren og journalisten går seg nesten vill. Her er snikkarbod, smårom med utslagsvask. Eit nyoppussa bad er der òg, saman med ein del som treng oppussing.
– Kjellaren er som ein labyrint. Eg veit ikkje heilt kva me skal gjere med alt, men det blir vel mest oppbevaring, vil eg tru.
Huset stod ferdig i 1950, men blei omfattande pussa opp på 80- og 90-talet.
Nokre av romma er i veldig fin stand, andre treng sårt kjærleik. Det krev planlegging i stor skala, tallause målingsstrøk, nytt golv og ikkje minst, tallause val.
– Det er val heile tida, sukkar ho.
Proffhjelp og klovnebilpakking
Sjølve oppussinga har dei klokt nok overlate til dei med kunnskap: Svigerfar, far og profesjonelle handverkarar.
Svigerfar er allereie på plass og målar taket i den nye stova, og snart skal dei inn med nytt golv i hovudetasjen.
Fagkunnskapane til Hanne og sambuaren er litt meir avgrensa.
– Me kan ikkje veldig mykje, men lærar etter kvart. Me har leigd inn hjelp for å pusse opp, for det klarar me ikkje sjølv.
Medan handverkarane svingar kost og hammar, ventar ei anna krevjande oppgåve på Hanne og familien: Utpakkinga frå rekkehuset i Lervig.
– Det er ei greie i seg sjølv, det. Utpakkinga er som å opne ein klovnebil: Det kjem stadig fleire ting ut av skapa. Og den brødristaren me har vurdert å bytte i ti år blir med vidare, sjølvsagt.
Nydøypt hageentusiast
Hage er eit nytt konsept for familien. Og sjølv om Hanne tidlegare var ein erklært hageskeptikar, er ho no glad for å ha fått ein grøn lunge.
– Ungane har allereie sett for seg at leikehytta er deira. Dei vil helst ha ein TV der inne.
Trass flytting og nye erfaringar og inntrykk, er det ingen flyttebok i vente. I alle fall ikkje enno.
– Eg føler eg har vore så opphengd i denne husgreia at eg har vore litt logga av. Det kan alltids hende at det blir flyttebok, men ikkje med ein gong.