Bispedømmerådet vil endra prosti-grensene i Stavanger bispedømme for å gjera kvart prosti meir robust og mindre byråkratisk.
Eit prosti er nivået mellom soknet og bispedømmet i Den norske kyrkja.
Sjefen der er prosten, og prosten har arbeidsgivar-ansvar og fagleg ansvar for prestane i sokna. Prosten er òg medhjelpar til sin sjef, som er biskopen.
Stavanger bispedømme har ni prosti og ni prostar. Prosten på Jæren, Lars Sigurd Tjelle, har 15 prestar under seg, mens prosten i Dalane berre har fem.
Eit prosti med berre fem prestar er sårbart når nokon er sjuke eller skal på ferie.
Prestane i Dalane treng fleire kollegaer
Dette er ein av grunnane til at bispedømmerådet, som er eit folkevald organ, i fjor bestemte at dei vil endra grensene mellom fleire av prostia. Kanskje den viktigaste grunnen, ifølge Tjelle.
– Det er prestane dette har mest å seia for. Dei er dei einaste tilsette i prostiet. Alle dei andre som jobbar i kyrkja, er tilsette av fellesrådet, seier prosten til Jærbladet.
– Dalane treng eit større prestefellesskap, eit større team, legg han til.
Men grenseendringar blir det bråk av.
Nå har ei arbeidsgruppe lagt fram sitt framlegg om ny struktur. Den har vore på høyring, og dei 69 svara fortel om engasjementet i saka, særleg om to grep.
Det eine er framlegg om å slå saman Dalane, Jæren og Tungenes til to prosti. Det skal etter planen skje på ein måte som splittar Time, Klepp, Hå og Gjesdal – dagens Jæren prosti:
- Time og Klepp går saman med Tungenes og blir eit «Tungenes og Nord-Jæren prosti».
- Hå og Gjesdal fellesråd går saman med Dalane i eit «Dalane og Sør-Jæren prosti».
Protest mot «kunstige» einingar
Dei fleste høyringssvara frå Jæren avviste denne ideen. Eit av motargumenta handla om lokalt samarbeid og identitet, går det fram av ei oversikt over høyringssvar frå bispedømmet:
«Det er viktig å ta hensyn til eksisterende samarbeidskonstellasjoner blant ansatte, og til den kulturelle og geografiske identiteten i regionen. Jæren prosti er i dag et velfungerende prosti med naturlig sammenheng, og det er uheldig å splitte kommunene Klepp, Time og Hå i ulike prostier».
Dei såg òg konturane av kunstige einingar: «Det advares mot å skape store prostier uten naturlig sammenheng, da dette kan føre til tap av lokal tilhørighet, økt reisebelastning og mindre effektiv ledelse».
Halda på det som fungerer
I staden ville fleire av fellesråda på Jæren avvikla Tungenes prosti og legga Randaberg og Kvitsøy, Finnøy og Rennesøy til Stavanger. Dei ville legga Sola og Gjesdal til Sandnes prosti.
Jæren og Dalane vil dei samla i eitt prosti med sete i Time.
«Dette gir klare akser (StorStavanger, Sandnes, Jæren og Dalane) og mer robuste fagmiljøer, uten å skape nye, store grensesnitt», ifølge høyringsoversikta.
Bispedømmet oppsummerer haldninga på Jæren slik:
«Høringsinstansene ønsker en prostiinndeling som speiler naturlige bo- og arbeidsregioner, styrker fagmiljøene, reduserer administrativ friksjon og ivaretar lokal identitet og samarbeid. De støtter ikke en todeling slik arbeidsgruppen foreslår, men anbefaler en modell der Jæren og Dalane samles, Tungenes fordeles, og Sandnes og Stavanger-linjene styrkes».
Motstanden på Jæren handlar til dels om at folk ikkje ser behov for å endra på noko som fungerer, ifølge prosten.
– Me har det veldig godt på Jæren. Som det òg står i arbeidsgruppas rapport: Jæren prosti er passeleg stort, seier Lars Sigurd Tjelle.
Men alle forstår at nokre endringar må til, og geografisk ligg Jæren nærmast Dalane, påpeiker han.
Endå ei arbeidsgruppe
Då bispedømmerådet var samla i Kopervik sist veke, vedtok dei folkevalde med seks mot fire røyster den eine endringa som arbeidsgruppa hadde gjort framlegg om:
Rennesøy sokn, Hesby sokn, Sjernarøy sokn og Talgje sokn blir overført frå Tungenes prosti til Ytre Stavanger prosti. Samstundes skal ein prøva å slå saman Stavanger domprosti og Ytre Stavanger prosti til eitt prosti i ein prøveperiode.
Men framlegget som gjaldt Jæren, blei lagt vekk. I staden vedtok bispedømmerådet å oppretta ei ny arbeidsgruppe som skal utforma «en mer robust og bærekraftig inndeling for Dalane, Jæren og Tungenes», ifølge pressemeldinga.
– Bispedømmerådet var kloke som tok omsyn til høyringssvara og sette på bremsene litt, seier prosten på Jæren, Lars Sigurd Tjelle.