– Me håpar at me er i gang i løpet av eit par år, seier rektor Monica Cecilie Høien.
Storparten av romma som elevane bur på ligg i 50 år gamle bygg.
– Dei er veldig typiske for den perioden. Det er fellesbad, felleskjøkken og mange dobbelrom.
Folkehøgskulen kan ikkje vise til eit vedtatt forslag med teikningar eller prisestimat enno, men vil gå i gang med å utarbeide ei planendring som krevst for at Klepp kommune skal kunne gi byggeløyve.
Rundt 80.000 kroner for planendring
– Me er ein privatskule, så alt er avhengig av kor mange elevar me får kvart år. I år auka antalet veldig frå i fjor, så me ser at det er mogleg, men me må nok ha eit høgt antal elevar i eitt eller to år til for å kunne nedbetale eit lån, seier rektoren.
Skulen har moglegheit til å ta i mot 95 elevar. I siste semester av inneverande skuleår vil det vere innlosjert 77 elevar, medan dei i fjor var nede i 47.
Den foreløpige planen er å rive dei to eldste internatbygga, med mindre dei kan brukast til noko, og å bygge nytt i forbindelse til det nyaste internatbygget frå 2006. Det vil totalt bli internatplass til rundt 100 elevar.
Klepp kommune har vurdert at reguleringsplanen manglar utnyttingsgrad og byggehøgde. Dersom det er behov for endring av byggegrense, må også plankartet endrast.
Reguleringsplanar kan endrast på ein forenkla måte etter enkelte vilkår. Dersom det kjem vesentlege høyringsinnspel til endringa av planforslaget, kan det bli naudsynt med full planprosess.
Kostnadsoverslaget for endring av plan for folkehøgskulen, inkludert endring av plankart, har kommunen rekna til om lag 83.000 kroner.
Denne kostnaden er folkehøgskulen villig til å ta – for planane er høgst reelle.
– Dette er ein naturleg ting. No er skulen 126 gammal, og er vel ein av dei eldste institusjonane i Klepp. Me har ei fantastisk tomt, og det er noko å ta vare på og ha verande.
– Mange ønskjer betre standard
Folkehøgskulen har ulike forslag og teikningar liggande frå forarbeidet dei siste åra, men dei må framleis finne ut kor dyrt dei vil bygge.
– Prislappen er vanskeleg å seie noko om no, fordi det kjem litt an på kor mange bad og enkeltrom me vil ha. Viss me skal lage eit bygg med eitt bad på kvart enkeltrom, vil det bli ein annan prislapp enn viss tre rom deler på eitt bad.
– Det er mange som ønskjer betre standard i tida me lever i no, seier rektoren.
Dei gamle internatbygga har flest dobbelrom, og alle deler på fellesbad i enden av gangen. På det nyaste bygget, frå 2000-talet, er det bad på alle rom.
– Me må finne ut kva som vil vere best, også langsiktig, seier rektoren.
Ho legg til at avgjerda inneber ei vurdering av korleis dei best kan legge opp til utleige av romma når ikkje elevane er der.
– Me leiger ut internata mellom mai og august. Viss me kan bygge internat som er enda lettare for vaksne og andre å leige, vil det vere eit løft for Klepp også, tenker me.
– Det vil absolutt bli ein heil del millionar, ingen tvil om det. Me må vere sikre på at me har råd til å bygge, så me ikkje går på ein super-smell, seier ho.