Senterpartigruppa med f.v. Bjarne Undheim,  Ragnhild S. Dyngeland, Geir Pollestad og Brigt Åge Høyland  røysta mot intensjonsavtalen saman med SV og MDG.
Senterpartigruppa med f.v. Bjarne Undheim, Ragnhild S. Dyngeland, Geir Pollestad og Brigt Åge Høyland røysta mot intensjonsavtalen saman med SV og MDG. Foto: Anne Berit Hatlem

Heile Time kommunestyre står bak vedtaket om folkerøysting, og alle partia lova at dei vil respektera resultatet på det historiske møtet tysdag kveld.

Det var mange lovord om intensjonsavtalen som dei tre kommunane har forhandla fram, men Senterpartiet flagga klart at dei ikkje ville stå bak denne. Punktet om at intensjonsavtalen skal vera grunnlag for folkerøystinga, vart vedteken mot seks røyster - fire frå Sp, SV og Miljøpartiet dei grøne. Stemninga var til tider hissig der tilhengarar og motstandarar brukte skarp lut mot kvarandre.

Burde skjedd for lenge sidan

Lars Enevoldsen (Ap) såg bare positive sider ved ei kommunesamanslåinga. Ap gikk inn for det før valet, etter at han har vore med i gruppa som har laga intensjonsavtalen stilte han spørsmålet kvifor ikkje samanslåing har skjedd for lenge sidan. Han ville ha med både Klepp og Hå.

– Me er gode kommunar alle tre, men har potensiale til å bli betre. Ein storkommune vil gjera det enklare å veksa, og gjera merkevaren Jæren sterkare, sa Enevoldsen. Han meinte det vil bli enklare å få nye tilsette, han var og glad for at rasjonaliseringsgevinsten kan brukast til forbetringar og fellesskapsløysingar.

– Me må vera framoverlent og framtidsretta, sa Enevoldsen. Han hadde fått spørsmål om dette bare er fine ord. Det er ikkje lett å vera konkret, men er det motsette betre? Jærbuen sit ikkje bare i ro, han skal tenka nytt.

Annie Prestegård(SV) var meir kritisk til intensjonsavtalen som ho meinte har mange plussord som «bli gode», «dei beste og største» og « alt blir betre». Det minner om salsbrosjyre. Avtalen kunne vore meir konkret, no er den lite forpliktande. Det nye Jæren kommunestyre kan gjera kva dei vil.

Ingen kritiske røyster

– Kanskje den viktigaste saka me diskuterer i denne perioden, sa Geir Pollestad(Sp). Underleg då å følgja diskusjonen. Her er ingen kritiske røyster, men veldig begeistring både her, i Jærbladet og Stavanger Aftenblad. Eg er glad for at innbyggjarane skal få seia sitt, sa Pollestad.

Han ville ha ordføraren til å svara på kva denne reformen vil kosta. Er det meir eller mindre enn ein kvart milliard? Intensjonsavtalen gir heller ikkje svar på spørsmål som kva det betyr at det skal vera Nav i kvar kommune. Arbeidsplassar skal flyttast, men kor og skal det byggast nytt? Tanken må vera meir samordring på tvers av sektorane.

Det er ingen haldepunkt i avtalen til å hevda at me vil få billegare tenester, mindre byråkrati og meir demokrati. Eg trur det blir vanskelegare å ta kontakt med politikarar i ein storkommune, sa Pollestad. Han såg heller ikkje noko i avtalen om å spara jord som er eit viktig argument for samanslåing.

Pollestad håpa at administrasjonen no var ferdig med saka, og at det er politikarane som skal ta saka vidare.

Frykt skaper motstand

– Det er ei rådgjevande folkerøysting, men me vil bøya oss for folkefleirtalet. Den rosa eventyrforteljinga som pågår no, trur eg innbyggarane vil gjennomskua, sa Pollestad. Margret Hagerup(H) var langt meir entusiastisk for storkommunen. Ho påpeika at ei slik politisk reform hadde ein sist for 50 år sidan. Rett nok er dei tre jærkommunane veldrivne, men det er behov for endring i framtida. Jæren kommune vil få betydleg større innflytelse også på Stortinget. Me vil bygga ein kommune som er betre rusta for framtida. Det handlar om å forvalta ressursar på best mogleg måte.

Hagerup meinte at motstand mot storkommunen skuldast ei frykt for det ukjende, motstanden kan føra til at ikkje vert samanslåing. La oss ikkje snubla i motstand, oppfordra ho.

Eit bra produkt

Også i KrF var det iver for storkommunen. Sverre Risa tykte det hadde vore spanande og travelt å vera med på samarbeid med dei to andre kommunane om å laga ein intensjonsavtale.

– Me har levert eit bra produkt, ein kortfatta og lettlest avtale slik målet var og der me har fått fram pluss og minus. KrF er positive til ein ny kommune. Den skal levera betre tenester enn før og me skal ta med det beste frå andre kommunar. Det er råd å finna manglar med avtalen, men eg håper ikkje at folk er så opptekne av detaljar. Me har lagt eit godt grunnlag for ein framoverlent kommune som skaper gode tilbod og tek vare på ressursane.

Petter L. Stabel (Frp) sa at dei var positive intensjonsavtalen, men at det er folket som bestemmer. Det er lagt ned eit godt arbeid, men det spørst om innbyggarane kunne ynskt ein meir konkret avtale. Det er politikarane som vert valde i den nye kommunen som skal gjera.

Stabel såg nesten ingen ulemper, bare fordeler. Han argumenterte for at det må lagast ein tverrpolitisk valkamp før folkerøystinga. Helst ville han hatt med Sola og Gjesdal og, då ville kommune blitt større enn Sandnes.

Større sjanse for å lukkastKjell Olav Stangeland (Ap) sa at alt ligg til rette for å slå saman kommunane. – Motstandarane seier at me veit kva me har, ikkje kva får. At det er tre veldrivne kommunar skal tala i mot samanslåing, men er det ikkje nettopp då ein større sjanse for å lukkast. Me må vera framtidsretta. Det er ikkje sikkert at det som verkar i dag er rett for i morgon. Her er tre jamnstore kommunar med eit klart sentrum. Dei som bur lengst vekke i Klepp er nærare sentrum enn dei som bur lengst vekke i Time.

Kommunane er veldrivne mellom anna fordi dei har hatt dyktige politikarar. Ingen grunn til å tru at om me får 49 politikarar vil dei vera dårlegare.

Bjarne Undheim (Sp) lurte på om kommunesamanslåing er ein måte å kvitta seg med 300 brysame ordførar som kjem på besøk til Storting og regjering?

– Enevoldsen sa han følte seg heldig som fekk vera med å laga avtala, eg er glad eg ikkje var med for det er ein tendens til å bli fanga i prosessen og bli snøblinde.

Ordføraren har sagt at jordvern er kronargument. Desse kommunane som slår seg saman er blant verstingane, som byggjer ned mest jord. Korleis skal dei bli betre når slår i hop? undra Undheim.

Mistenkelege

Staale Grude Haaland(H) meinte motstandarane har tendens til å mistenkeleggjera - «kan vera at dei i Oslo prøver å lura oss». Personleg hadde han lyst å gå på talarstolen etter Kjell Olav Stangeland og sagt amen. Han var så einig. Intensjonsavtalen er godt dokument.

– Eg høyrer at nokon ynskjer seg meir konkrete ting, men det er dei nye politikarane som skal avgjera det. Eg ville ikkje hatt eit ferdig politisk program om eg vart valt. Eg trur at dei som kjem frå Time, Klepp eller Hå har like godt vit, og eg trur me kan samarbeida om å få ei god kommune.

Sverre Heskestad(H) hadde fått brev frå dotter si, ho ville ikkje ha Jæren kommune. På same måte er som enkelte parti bare opptatt av frykt, var også ho det. Faren prøvde å fortelja henne at ho ville veksa opp i ein kommune som betyr noko nasjonalt.

– Dotter mi er ikkje overydd, det er eg.

– Viss dottera di treng nokon det er meir vett og forstand i, er eg disponibel, repliserte Geir Pollestad med eit smil og til latter frå salen.

Han opplevde enkelte kommentarar som uttrykk for ei nedlatande haldning når tilhengarane meiner det er frykt som skaper motstand mot samanslåing.

– Eg frykter ikkje framtida. Men di fleire politikarar som seier me er styrt av frykt, di sikrare er eg på at det går vår veg, sa Pollestad.