Marie Louise Bahamondes dreiv nybrottsarbeid for skeive rettar i Forsvaret for ein del år sidan. Så trakk ho seg tilbake. - Det seksualiserte fokuset kan bli litt mykje. Men Jæren Pride var fint, seier ho.
Marie Louise Bahamondes dreiv nybrottsarbeid for skeive rettar i Forsvaret for ein del år sidan. Så trakk ho seg tilbake. - Det seksualiserte fokuset kan bli litt mykje. Men Jæren Pride var fint, seier ho. Foto: Ingeborg Eliassen

Ikkje fullt så mange som i fjor. Men dei rundt 70 store og små som gjekk i Jæren Pride sitt tog på Klepp laurdag, strålte om kapp med sola nedover Kyrkjebakken og K. K. Kleppes veg.

Ved utkjørselen til Kiwi sto Marie Louise Bahamondes i gul vest og passa på at toget fekk passera uforstyrra. Ho var glad over det ho såg.

I fjor var dei litt fleire i toget, trur SVs Siv Oltedal, leiar i Jæren Pride. Ho trur det kan skuldast mange konkurrerande arrangement på ein flott laurdag.
I fjor var dei litt fleire i toget, trur SVs Siv Oltedal, leiar i Jæren Pride. Ho trur det kan skuldast mange konkurrerande arrangement på ein flott laurdag. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

– Dei har tatt ut det seksualiserte. Det er fint. Pride handlar om kjærleik og inkludering, ikkje om kva folk gjer på soverommet, seier ho.

Endå gladare var Bahamondes då ho hadde høyrt ordførar Kjetil Maudal (Frp) tala til ei forsamling som hadde vakse seg større etter at toget gjekk i oppløysing i den nye Plogenparken.

Der spelte trioen The Nenanenanenanenas klassikarar om kjærleik og fridom, der talte komitémedlem Nazli Daud, der leika småungar seg klissblaute i den spennande fontena, mens dei vaksne nøyt sola og varme og henta seg kaffi og lappar hos driftige damer frå Klepp bygdekvinnelag.

Klepp Bygdekvinnelags Marianne Øvregaard baud på gratis kaffi og lappar 'etter hemmeleg oppskrift', og dei fekk bein å gå på. Bak Liv Øvregaard fra Frivillighetssentralen i Klepp og Marie Louise Bahamondes, som var trafikkvakt i Pride-toget.
Klepp Bygdekvinnelags Marianne Øvregaard baud på gratis kaffi og lappar 'etter hemmeleg oppskrift', og dei fekk bein å gå på. Bak Liv Øvregaard fra Frivillighetssentralen i Klepp og Marie Louise Bahamondes, som var trafikkvakt i Pride-toget. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

– Me må byggja bruer

Ordføraren gjekk ikkje i sjølve toget. Han hadde vore i tvende sinn om oppdraget, innleia han.

Men så heldt han ein tale basert på bibelord som han ser som nokre av dei viktigaste tinga å byggja samfunnet på: Du skal elska din neste som deg sjølv. Gjer mot andre det du vil at andre skal gjera mot deg.

– Jesus møtte alltid den enkelte med kjærleik og miskunn. Kjærleik og sanning går hand i hand. Sanninga set fri, sa Maudal.

I eit mangfaldig samfunn er det naturleg at folk har ulike verdiar, meinte han.

Men det trengst bruer mellom folk.

– Me treng ikkje å vera einige i alt. Utfordringa er å godta kvarandre og å ha rom for usemje utan å mista blikket for det som bind oss saman. Alle menneske har same verd. Me må finna ein balanse der ingen kjenner seg mindre verd, eller blir trakassert eller pressa til å undertrykka si overtyding, sa ordføraren.

- Det er viktig for meg å ikkje trekkja meg vekk. Eg vil vera ein som snakkar med dei eg møter og viser alle respekt, seier ordførar Kjetil Maudal frå Frp. Han er i tvil om Pride, seier han, men heldt ein tale som fleire av dei frammøtte syntest var varm og god.
- Det er viktig for meg å ikkje trekkja meg vekk. Eg vil vera ein som snakkar med dei eg møter og viser alle respekt, seier ordførar Kjetil Maudal frå Frp. Han er i tvil om Pride, seier han, men heldt ein tale som fleire av dei frammøtte syntest var varm og god. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

– Som tennvæske på eit bål

Marie Louise Bahamondes blei positivt overraska over Maudals tale. Ho likte at han snakka om Bibelens bodskap om kjærleik. Og om å byggja bruer.

– Det er viktig å byggja bruer når ting verkar litt voldsomme. Det går begge vegar. Det finst folk som fordømer oss og som brukar Bibelen når dei gjer det. Pride handlar om kjærleik, inkludering og om å vera medmenneske. Men begge partar fokuserer på det som skjer i soverommet, og det er som tennvæske på eit bål.

– Også for meg kan eit seksualisert fokus øydeleggja. Det blir litt mykje av enkelte ting. Derfor har eg òg halde meg unna ei stund, seier Bahamondes.

Homofil modell i Forsvaret

Ho er veteran i kampen for skeive sine rettar. Som 29-åring, i 2007, var ho sersjant og lagførar i Heimevernet. Då hadde ho i fleire år halde foredrag for skuleklassar, konfirmantar og soldatar om homofili.

I 2003 var ho og ein mannleg kollega blitt utfordra av feltprest Einar Arne Garlid i Madlaleiren til å snakka til rekruttane om korleis det er å vera homofil i Forsvaret.

Dei to kom på Lørdagsrevyen på NRK for innsatsen i Madlaleiren. – Me skreiv forsvarshistorie, seier Bahamondes.

Til magasinet Heimevernet sa Garlid den gongen:

– Vi trengjer fleire som Marie. ho er med på å gi de homofile og lesbiske et ansikt i Forsvaret. Det er viktig at fleire tør å stå fram som ho. Da får vi straks et ansikt på homofile, sa Garlid, som meinte framandfrykt mot skeive forsvinn når folk kjenner nokon som er det.

Klepp SV sin leiar, Siv Oltedal (til venstre), har leia det tverrpolitiske tiltaket Jæren Pride. Til arrangementet etter toget laurdag, kom òg Time KrF sin leiar, Unni Sirevåg Lende. I hennar parti har Jæren Pride vore omstridt, men eit knapt fleirtal vedtok å støtta initiativet.
Klepp SV sin leiar, Siv Oltedal (til venstre), har leia det tverrpolitiske tiltaket Jæren Pride. Til arrangementet etter toget laurdag, kom òg Time KrF sin leiar, Unni Sirevåg Lende. I hennar parti har Jæren Pride vore omstridt, men eit knapt fleirtal vedtok å støtta initiativet. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Tverrpolitisk, med enkelte manglar

I dag veit Bahamondes ikkje korleis situasjonen er i Forsvaret.

Men på Klepp laurdag var det fint å vera henne.

– Dette var ei god oppleving, sa ho, framleis i parken fleire timar etter at arrangementet var over.

Jæren Pride er ein tverrpolitisk organisasjon med eit verdidokument som er meint å skulla samla heller enn splitta. Kristeleg Folkeparti i Time var delte, men eit fleirtal ville støtta initiativet.

Det gjer ikkje KrF i Klepp eller Hå, og partileiar Dag-Inge Ulstein meinte at partilaget i Time ikkje burde ha stilt seg bak Jæren Pride.

Klepp Venstre sin leiar, Martin Wiig Haukali, leia arrangmementet i Plogenparken, der ordførar Kjetil Maudal heldt tale om å byggja bruer og om å leva etter orda frå Jesus.
Klepp Venstre sin leiar, Martin Wiig Haukali, leia arrangmementet i Plogenparken, der ordførar Kjetil Maudal heldt tale om å byggja bruer og om å leva etter orda frå Jesus. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Framstegspartiets eine mann

Ordførar Kjetil Maudal i Klepp representerer eit anna parti som ikkje står bak Jæren Pride: Framstegspartiet.

– I vårt parti ville me ikkje gjera ei sak av dette. Me ønsker berre at ein skal respektera andre folk. Viss ein skal skriva under eit dokument om dette, blir andre fornærma. Så eg veit ikkje om det er rett. Eg er i tvil. Livet er komplekst, seier Maudal til Jærbladet.

I staden heldt han altså ein tale som dei frammøtte oppfatta som støttande og god.

– Ein ting som betyr mykje for meg, er å ikkje trekkja meg vekk. Eg vil vera eit menneske som snakkar med dei eg møter, og som viser andre menneske respekt, seier Maudal.

Pride er fargar, gjerne i fjeset. Alle som ville, kunne få malt seg i ansiktet av Mikal Merhawi. Saoirse Elise Seljeskog var ei av mange ungar som  ville.
Pride er fargar, gjerne i fjeset. Alle som ville, kunne få malt seg i ansiktet av Mikal Merhawi. Saoirse Elise Seljeskog var ei av mange ungar som ville. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Jæren Pride skal ha ære for at det ikkje var eit seksuelt preg på toget, meiner han.

– Me har jo sett bilde og film der dei leier halvnakne vaksne mannfolk i hundeband. Då blir eg litt Leif Juster: «Mot normalt».

– Det var jo ikkje sånn her?

– Nei, og det er fint, seier ordføraren.