I oktober 1962 vart Einar Opstad kalla inn til repetisjonsøving. På slutten av 1950-talet hadde han tatt befalsskulen på Gimlemoen i Kristiansand, og no kalla pliktene att. Befalet måtte som alltid kome litt før soldatane. Opptakten til øving «Jæren» var ikkje noko unntak. Øvinga skulle begynne måndag 29. oktober.
Då befalet vart kalla inn til den planlagde øvinga, stod verda på randa av atomkrig. Det var midt i Cuba-krisa. Og på det personlege planet hadde Einar Opstad hatt ei hard veke. Tysdag 23. oktober hadde fotballaget han spela for, Gjøvik-Lyn, spelt den tredje og avgjerande semifinalen i cupen mot Sarpsborg
– Sarpsborg hadde ikkje tapt ein einaste kamp den sesongen. Me slo dei med ein straffe i andre ekstraomgang i den tredje kampen, og vann 3–2.
Plass i litteratursoga
Jærbuen Einar Opstad var klar for å spele noko av det største som fanst i fotball-Noreg den gong – cupfinalen på Ullevaal stadion. I ei verd i høgspenn, var det ikkje enkelt å kome frå dei militære pliktene. Hans nærmaste befal var ikkje nett på tilbodssida då han spurde om fri for å spele cupfinalen. Det var opp til bataljonssjefen å ta den endelege avgjerda.
Men ein jærbu i Gjøvik-Lyn? Det er ikkje nett den klubben ein forbind med gamle jærske fotballspelarar. Vegen dit og til cupfinalen hadde vore lang, treningsmetodane uortodokse, og prega av eit miljø som knappast finst lengre i den gjennomorganiserte idretten i dag.
Einar Opstad og brørne hans, har jamvel fått ein plass i den norske litteratursoga:
«Dei var oppe frå heiane mot Høg-Jæren og oppalne på smalalort og vind», skriv Tor Obrestad om Opstad-gutane i «Sjå Jæren, gamle Jæren».
Einar Opstad var den fjerde av sju søsken som vaks opp i dette landskapet. I dag er det berre tre brør som lever att. Med sine 89 år er Einar den eldste av dei som lever i dag.
Gjøvik-Lyns lag frå finaleåret, Opstad sit nede til venstre.Foto: Privat
Laga fotballar sjølve
Faren Gustav var ein namngjeten sauamann. Han farta rundt i heiene i Sirdal og Åseral på ettersanking, står det i gamle utgåver av Jærbladet. Samstundes var han formann i den lokale foreininga til Noregs sau- og geiteavlslag. Mora Anna var av dei Auestad på Varhaug, dei med krambua.
– Mor var hardt arbeidande, og ho jobba til ho var i 9. månad i graviditeten. Fritida hennar var når ho sykla ned til Varhaug til familien ein gong i veka.
Det var nok ein slit for dei unge på Opstad den gongen. Dei vaks opp i skuggen av den andre verdskrigen, og Einar hugsar enno lyden av flyalarmar som gjekk då allierte fly kom innover Jæren.
Jamvel om livet var hardt etter dagens standard, hadde faren sett av ei halv kjevla til fotballbane.
– I staten laga me provisoriske fotballar, som me batt saman sjølve. Så kom desse tunge lærballane med bløre. Me spelte mykje og laga eigne turneringar der oppe. Det var lag som Håland og Etiopia som fekk røyna seg mot oss.
Fotball og idrett tok opp det meste av fritida dei hadde. På skulen spelte dei sjølvsagt òg. Utover på 1950-talet tok dei steget frå det heimesnikra laget til meir organiserte former. Nærbø IL vart stoppestaden.
Fire Opstad og tre Skjærpe
I gamle aviser finn ein Einar Opstad på det som i dag kallast kretslag.
– Det var Sorpe Jon (Jon R. Opstad), som stod for arrangementa som kretsen hadde på Nærbø. Ein gong kom Reidar Kvammen og hadde treninga, og det var stort.
Opstad-gutane prega fotballen på Nærbø, saman med dei Skjærpe ei tid på 1950-talet. Nærbø spelte seg opp til Landsdelsseren, som den gongen var nivå to i Noreg.
– Eg hugsar ein kamp, då var med fire Opstad og tre Skjærpe på laget, men vanlegvis var det tre Opstad og tre Skjærpe.
Dei Opstad sprang òg ein heil del gjennom året, og kunnskapen om trening var ein heilt annan enn i dag. Det skulle vere hardt og langt.
– Ein gong skulle me på fotballtrening og bestemde oss å springa litt føre treninga. Me sprang over Undheim og ned til Varhaug og så mot Nærbø. Hadde me ikkje kome over ein bekk med vatn på vegen, tvilar eg at dei to brørne mine hadde kome fram, seier han.
Den gong var ikkje fotballen noko ein kunne leve av. Så Einar Opstad trengde å ta seg ei utdanning. Han reiste på meieriskulen i Trøndelag. Her spelte han for det lokale laget Brage, som den gong var betre enn Rosenborg. Dei vann mellom anna bymeisterskapet i Trondheim.
Sesongoppkøyring på Gjøvik føre cupeventyret. I lokalavisa Samhold skreiv den om hans treningsiver.Foto: Skjermdump frå Samhold via nb.no
Ikkje syskenborn på Gjøvik
Då han var ferdig utdanna, ville han helst heim til Jæren. Men det var ikkje nokre ledige stillingar, så han søkte på ein meierijobb på Gjøvik. Og slik hamna han inn i fotballen der.
– For meg var fotballen ein måte å kome inn i det lokale miljøet på.
Og han ble lagt merke til. Gjøviksavisa Samhold skrev 7. april 1962 at: «Einar Opstad ... har vist stor treningsiver.» Han blir avbilda på en snødekt bane ved Mjøsas bredder.
– Me var et ganske godt lag, og hadde to landslagsspelarar, Rolf Bjørn Bache og Erik Johansen.
På vegen til cupfinalen slo dei Vålerengen 4–2 i kvartfinalen, før dei tre semifinalene mot Sarpsborg. Dei to fyrste kampene endte 1-1, før den avgjerande sigeren på Bislett.
Sesongen hadde vore lang, og etter å har spurd bataljonssjefen, fekk han fri til å dra til Oslo for å spele cupfinalen. Cuba-krisa fekk vere Cuba-krisa, og Opstad sette seg på toget for å dra mot hovudstaden og sitt livs største kamp.
Til då var det berre Åsbjørn Skjærpe frå Jæren som hadde vunne ein cupfinale i fotball. Han vann med Viking i 1959.
Langpendling
Det var ikkje berre repetisjonsøvinga som hadde vore eit hinder på vegen til Ullevaal. Etter eit knapt halvår på Gjøvik, vende Einar Opstad heim til Jæren. Han fekk jobb på Vigrestad meieri. Gjøvik-Lyn ville ikkje gje slepp på den treningsivrige jærbuen.
Det enda opp med at Einar Opstad sette seg på nattoget frå Jæren, og kryssa halve Noreg for å spele kampar for klubben.
Søndag 28. oktober entra han bana for å spele årets siste kamp – cupfinalen. Motstandaren var Vard frå Haugesund. Gjøvik-Lyn vant 2-0, etter to mål av Rolf Bjørn Bache, eitt i kvar omgang.
Samhold hadde i god lokalavistradisjon henta inn sitat frå andre aviser i landet om cupfinalen. I Morgenposten hadde dei skildra jærbuen slik:
«Ellers ble Einar Opstad i nesten like stor utstrekning som mot Sarpsborg tirsdag en ganske avgjørende brikke, gjennom hans enestående sveiping av midtbanen. Den lette kroppen fløt jo nesten oppå det glatte dekket, og han fikk utrettet en masse. Sterk i nærkampene var han også.»
På arbeidsrommet heime på Nærbø heng det framleis eit stort bilete kor Einar Opstad blir boren på gullstol av supporterane til Gjøvik-Lyn. Det vart med denne korte feiringa.
– Eg måtte ta nattoget heim att, for å møte til reppen, medan dei andre vart hylla på Gjøvik. Det toget var fullt av fulle Vard-supporterar.
Takka nei til toppklubbar
Søndagen då han vant cupfinalen, kom det òg ei løysing på Cuba-krisa, og verda var attende til ei mindre spent tid. For Einar Opstad vart finalen i 1962 den siste kampen han spelte for Gjøvik-Lyn. Han snakka med Haugesunds Avis på vegen etter kampen, og Samhold gjenga dette:
«Einar Opstad, som nå enten vil melde seg inn i Nærbø eller Viking, seier ... at han helst ikke vil flytte fra Gjøvik når han tenker på fotballmiljøet der.»
I lokalaviser fra Rogland i tida etter cupfinalen, ser ein Einar Opstad òg nemnd på ei trening med Bryne, men det vart ikkje meir toppfotball etter sigeren i cupfinalen i 1962.
– Eg vart vel litt lei fotballen etter cupfinalen, og så gifta eg meg og fekk familie.
To av brørne hans, Gaute og Magne, spelte for Bryne. Magne Opstad spelte òg for Viking på tidleg 60-tal.
Einar Opstad går til pause under cupfinalen i 1962. Foto: Skjermdump frå NRK
Frå cupfinale til Jarlsberg
For Einar Opstad gjekk vegen gradvis frå meieriet på Vigrestad til Nærbø meieri. Her var han ein av dei få i landet som kjende til den hemmelege oppskrifta til Jarlsberg-osten, som tok verda med storm.
Men osteeventyret og det miljøet som var på Nærbø meieri, er ein annan historie. Det er mest berre den eldre garden som hugsar bragda frå 1962 no.
– Eg trefte ein kar frå Gjøvik her på Nærbø for ei tid sidan. Eg trur me berre er 2–3 att frå cupfinalelaget som er i live i dag, Einar Opstad.
Kongepokalen har han gitt til eitt av barnebarna. Men 64 år etter cupgullet lever minna enno i heimen på Nærbø. Og jau, Opstad-gutane er mykje meir enn berre smalalort og vind. Dei prega både lokal og nasjonal fotball då dei herja på banane rundt i kongeriket. Men berre ein av dei, Einar, vann cupen.