– Eg vikarierte ein månad for Espen Undheim på fotballfritidsordninga (FFOen) på Bryne. Der såg eg Jonatan Braut Brunes og han sette ball etter ball ned i hjørnet med venstrefoten, seier Jo Ånestad til Jærbladet.
Varhaugsbuen, som har emigrert til Bryne, er ein av dei mange trenarane som har sett fenomenet frå Bryne i aksjon i dei unge åra. Det var før det begynte å gå gjetord om at ei verdsstjerne var i emning.
Ein roleg gut
Det fyrste verkelege møtet med Erling kom då han var ein av trenarane på kretslaget til Rogland. Den gong hang uttak på kretslaget framleis høgt i den rogalandske fotballfaunaen.
– Det som var spesielt med Erling den gong, var at han var eitt år yngre enn dei andre.
Men Erling var ikkje den einaste 2000-modellen som vart kalla inn på samling den gong. Dei to andre var frå nordfylket. Ein av dei, Kevin Martin Krygård, lever i dag av fotballen som spelar i Lillestrøm.
Men det er ein lang veg frå Åråsen til stadion i Miami, kor Erling Braut Haaland laurdag labbar ut på bana for å møte England.
– Erling stakk seg ikkje ut på desse samlingane. Han var stort sett roleg. Det er naturleg i den alderen då du er eit år yngre enn dei andre, seier Jo Ånestad.
Dei gylne årgangane 1998-2000
Jo Ånestad er ikkje ein person som stikker seg fram, jamvel om han er godt kjend i fotballmiljøet i Rogaland. På 1980-talet kunne ein sjå han på svarte Skilom-ski, som ein del av den kortlevde langrennsgruppa hos Varhaug IL. Han spelte òg aldersbestemd fotball i det same idrettslaget.
Det ende opp med nokre B-kampar for Varhaug, før han etter kvart tok fatt på trenargjerninga. Fyrst i Varhaug, og seinare for aldersbestemte lag i Bryne FK. Det vart fem år i teneste for Bryne, før han gjekk vidare. Her såg han med eigne auge spesielle ferdigheiter i årgangane 1998-2000.
– Det var noko heilt spesielt med dei tre årgangane i Bryne. Forutan om dei nemnde, Erling og Jonatan, dukka mellom anna Magnus Retsius Grødem og Tord Johnsen Salte opp på større arenaer i fotball-Noreg.
Klassisk Braut Haaland mål
Ånestad har både vore trenar og administrativ leiar for kretslaga. Det var noko av årsaka til at han i 2015 filma ein purung Erling Braut Haaland under ei landslagssamling i Porsgrunn. I videoen ser du han sette inn 1-0-målet for Noreg mot India.
Få visste den gong at dette var starten på ei karriere kor Braut Haaland sletta alle skåringsrekordar for det norske a-landslaget, og no kjempar om toppskårar-tittelen i VM.
Det gjorde heller ikkje Jo Ånestad, den gongen han kalla inn Erling Braut Haaland til kretslaget.
– Sant å seie, så trur eg ikkje eg kjem til å oppleve ein slik spelar frå Noreg i mi levetid, seier han.
Forstår stjernekvardagen
Som fleire andre som har sett fenomenet, på vegen frå ein unggut som var glad i fotball til å verte ei internasjonal stjerne, har Jo Ånestad forståing av at han må leve eit anna liv no.
– Sist eg såg han, var tilfeldigvis her på Bryne då eg trefte han på gata. Han var framleis i Dortmund då. Han såg meg og sa hei, men ein kan ikkje forventa at han skal leve eit normalt liv no, avsluttar Ånestad.
Som resten av Noreg benkar han seg før skjermen når Noreg møter England. Men i motsetnad til dei fleste i Noreg har Jo Ånestad eit par aksjar i ei fotballreise som begynte på Bryne, og som framleis ingen veit enden på.