(Firda) – Det har alltid vore ein draum å ha ein plass å kome heim til. Eg har eit veldig nært forhold til Guddalen, seier Johnny Mikael Gallefoss.
Han vaks opp på Gallefoss i Guddalen. 15 år gamal reiste han til Norges Toppidrettssgymnas i Bærum. Sidan har fotballen ført han til blant anna Belgia, Dubai og ikkje minst til kjærleiken.
Fotball!
Guddalen vaks opp i ein gjeng som spelte fotball både på og etter skulen. Onkelen hans, Sverre Magnar Gallefoss, var særs fotballinteressert.
– Det var viktig for meg å imponere han.
Onkelen utfordra til utvikling, kombinert med ein eigen sterk indre driv. Ein må bidra når ein bur på ein gard.
– Men foreldra mine såg lidenskapen. Eg fekk trene og spele så mykje eg ville.
Frå Guddalen til Jæren
No bur han på Bryne, med kona Tone Stueland Gallefoss, og deira fire barn: Ingrid (17), Liv (15), Sverre (12) og Anna (9). Han ønskte at barna skulle arve forholdet til Guddalen.
– Ikkje at dei kom på pilegrimsferd, men at dei har eit nært forhold til Gallefoss og familien.
Basen når dei kjem heim er ei staseleg hytte. Mor hans, Ingebjørg Gallefoss, bur like ved, bror hans, Sverre Benjamin Gallefoss har teke over garden, og søster hans, Susanna, som bur i Dale, har teke over ein av nabogardane.
Så ofte eg kan!
Gallefoss reiser heim så ofte han kan. Denne turen er bevis på det.
– Eg skal konfirmera meg i Guddal kyrkje, seier Liv.
Det gjorde også storesøster Ingrid.
– Vi kjenner soknepresten her betre enn på Bryne, seier Gallefoss og smiler.
Ein felles draum
Hytta starta livet som ein felles draum han delte med far sin, Harald Johnny Gallefoss.
Faren var byggleiar, Gallefoss hjelpte til. Sommaren 2023 hadde dei fått reist det ytre skalet og jobba på taket. Gallefoss beskriv faren som ei arbeidsmaskin.
– Den som tok dei tyngste løfta.
Brått spurte faren om hjelp til ting han normalt hadde ordna sjølv. Dei merka andre endringar også.
Den må fullførast
2. august 2023 døydde far hans. Sorga var stor, men hytta fekk ei djupare meining. Det var eit fellesprosjekt.
– Det var viktig å klare og fullføre.
Gallefoss kontakta Helge Fitje. Det var redninga. Det har teke tid, men målet er no i sikte.
– Eg byrjar å føle at vi har klart oppdraget.
Sentralt
Guddalen hadde ikkje fotballlag, så foreldra køyrde på skift til Dale. Der hadde dei eit sterk lag, med ein god trenar.
– Vi vann det som var å vinne, så gløden heldt seg oppe.
Spelarkarrieren til Gallefoss førte han innom i Stabæk, Norheimsund, Bryne, Løv-Ham og Asker og Bærum, men skadar prega mykje av den. Han sleit med knea. 27 år gamal venta ein ny opptreningsperiode.
Norheimsund tilbydde trenarjobb, i kombinasjon med lærarjobb på Framnes kristne vgs.
Nye moglegheiter
Spelarkarrieren vart avslutta. Lærdommen frå motgang tok han med seg i trenarrolla.
– Det ligg moglegheiter i alt. Ein kan snu motgang til noko positivt.
Gallefoss spelte for klubben då dei låg i 2. divisjon, og vart trenar medan dei låg i 3. divisjon, saman med naboklubben Øystese. Han enda med å trene begge. Etter kvart vart han sportssjef.
– Det låg eit potensial i samarbeid.
Byar på B i Belgia
Gallefoss spelte for Stabæk-laget på 90-talet med svenske Christian «Chippen» Wilhelmsson. Han kjende Manchester City-legenda Vincent Kompany, som skulle starte eit lag heime i Belgia og var på jakt etter trenar.
– Christian ringde og sa at han hadde tipsa han om meg.
Nokre månadar etter ringde Kompany. Etter kvart venta eit telefonintervju, så reiste Gallefoss til Belgia for nye runder intervju.
Gravid ut på eventyr
Kona var høggravid med barn nummer tre, men aldri i tvil: Dette måtte dei gjere.
– Det er like vondt å føde, same kvar du er, seier ho og smiler.
Dommen over helsevesenet i Belgia er enkel: Ho vart boren på gullstol.
– Det var ei fin oppleving.
Klubben BX Brussels heldt til i hovudstaden i Belgia.
– Det er ein fargerik og multinasjonal by, seier han.
Dei budde i Waterloo, ein halvtime unna, som mange andre utlendingar som jobba i Brussel. Barna gjekk på lokal skule, så familien fekk vener både frå dei lokale og frå andre land.
Plasseringa gav høve til dagsturar til Nederland, Frankrike, Luxembourg eller Tyskland.
Frå 0 til 1000
Klubben vart starta i huset til far til Kompany. Første året handla om å hente spelarar. Då A-laget var på plass gjekk, Gallefoss over i rolla som sportssjef, for å bygge klubben og få på plass ungdomsavdeling.
– I løpet av tre år vaks vi til 1000 spelarar.
Skiltes som vener
BX Brussels var også eit sosialt prosjekt som nådde ungdom som ikkje hadde råd til å spele fotball elles. Klubben ønskte breidde før ein byrja å satse sportsleg. Då treårskontrakten gjekk ut, gjekk dei kvar sin veg som vener.
– Eg hadde lyst tilbake til toppfotballen.
Grip draumen
Familien ønskte å halde fram med å bu ute. Gallefoss byrja å leite etter ny jobb, samtidig som dei reiste i eit halvt år, mest i Balkan-regionen, med tre barn og ei gravid kone.
– Eg har hatt lette svangerskap. Det gjekk fint, seier ho og ler.
Det vart ei danningsreise innom utypiske reisemål, der dei utforska eigne fordommar.
– Vi hadde gode møter med flotte romanifolk blant anna, seier han.
Heim igjen
Ny jobb let vente på seg. Dei bestemte seg for å flytte heim til Norge, med eit lite flyttelass. Dei gav vekk tinga sine til trengande.
– Det var ein fin måte å starte ein ny epoke på, seier han.
Vel heime fekk Gallefoss tilbod om trenarjobb for eit av akademi-laga til Viking.
– Det var eit fantastisk årskull, og ein veldig kjekk jobb.
Ut igjen
Dei rakk å kjøpe og flytte inn i nytt hus, så fekk han tilbod om jobb som sportsdirektør i eit sportskompleks, Dubai Sports City. Høvet til å utforske ein ny region freista.
– Vi ønskte å gjere oss opp eigne meiningar om Midtausten, seier han.
Fotball, e-sport og meir
Sportskomplekset hadde akademi innan fotball, rugby, tennis og ei satsing på kvinnelege e-sportsspelarar. Dei budde i Sustainable City, ein futuristisk bydel der alt var drive av fornybar energi. Der fekk dei mange vener. Det gjev han kona æra for. Ho er oppteken av å bli kjent med folk i alle lag.
– Vi har framleis kontakt med mange av dei, blant anna gartnaren frå Kenya.
Vidare
Etter eit år fekk Gallefoss nyss i at det var usemje mellom eigar og investor. Trass god løn var utgiftene høge også.
– Eg er villig til å ta sjansar, men såg at det var høg risiko.
Vagabond
Å bu utanlands har gitt familien unike erfaringar. Kona kallar det ei fantastisk og utviklande oppleving for familien.
– Hadde Johnny fått jobb i utlandet, hadde eg gjerne flytta igjen, seier ho.
Det har også ført dei veldig nært kvarandre.
– Vi står saman i val og utfordringar.
Ho seier det har gjort barna trygge, opne og sosiale. Ho beskriv dei som opne for endringar.
– Dei taklar at ting ikkje må vere slik dei er vant med.
Mørkeblått hjarte
I 2018 fekk han jobb som fagsjef og trenarutviklar i Viking, same år som klubben rykte opp i Eliteserien. Målet var å gjenreise klubben og bygge Norges beste akademi.
– Det var nokre fantastiske år der eg fekk utfalde meg.
I 2019 vart det cupgull. Gallefoss fekk med seg ei bronse i Eliteserien i 2021.
Tok over for Høgmo
Lise Klaveness vart president i Norges Fotballforbund i mars 2022. Ho ønskte Gallefoss som leiar for Topptrenarutdanninga til NFF Elite, ei stilling Per-Mathias Høgmo hadde hatt før.
– Ho er ei overtalande kvinne, og det var ein spennande jobb.
Strukturen og planane for akademiet til Viking var lagt, så det freista å gå vidare.
– Vi var på ein god stad, det var ein syklus som var ferdig.
Utfordringa var at kontorstad var Oslo. Barna hadde bygd nettverk, som dei ikkje ønskte å rykke opp i.
– Bryne er ein god stad å vekse opp.
Det var ordna med ei fornuftig ordning i høve pendling.
Då får eg pendle
Då Gallefoss fekk ansvar for topptrenarutdanning i NFF, hadde dei hovudtrenar– og keeperutdanning. No tilbyr dei også utdanning for spelarutviklarar, fysiske trenarar, analytikarar og sportssjefar.
Nyleg lanserte dei deltidsutdanninga «Fotballeiing», eit samarbeid mellom NFF, Norsk Toppfotball, Toppfotball Kvinner, Noregs idrettshøgskole, Høgskolen i Molde og Universitetet i Sørøst-Norge, for å etablere ein mastergrad.
– Det er ikkje ei sær fotballutdanning, men ei utdanning som gjer ein rusta også for eit liv utanfor fotballen.
I januar tok han over avdelinga for prestasjonsutvikling og innsiktsavdeling, som jobbar med å analyserer data og assistere norske klubbar og landslaga.
– Norsk fotball kan ikkje konkurrere på økonomi. Men vi kan konkurrere på kunnskap og kompetanse.
Stolt over bygda
– Eg er veldig bevisst på at det er her eg kjem frå.
Han er stolt over røtene og over at broren har teke over garden. Han seier vi må halde bygde-Norge i gang.
– Bønder som produserer rein mat og levande kulturlandskap er vår kapital i Norge. Det trur eg berre vil få større og større verdi.
Familien starta MC-klubb på sparket
Ruben (26): – Det er mange som spør om eg har vunne i lotto
Morgonfuglen