Jon Fjelberg Opsvik stussar. – Eg lurer på kor mange som faktisk kjem til å sortera ut plasten når dei må levera sjølve, versus kor mange som kjem til å kasta alt i restavfallet.
Jon Fjelberg Opsvik stussar. – Eg lurer på kor mange som faktisk kjem til å sortera ut plasten når dei må levera sjølve, versus kor mange som kjem til å kasta alt i restavfallet. Foto: Snorre Standish Norheim

Jon Fjelberg Opsvik såg seg nøydd til å minna om at datoen ikkje 1. april, då han las kva plastordning Time har valt å gå for.

– Eg berre syntest det høyrdest litt utruleg ut.

Han presiserer han gjerne ønsker å sortera. Han meiner kommunen nå legg opp til det motsette, og trekk fram miljøaspektet:

– Kvifor sorterer me plast i utgangspunktet? Jo, på grunn av miljøet. Viss kvar og ein skal transpora plasten rundt, i meir eller mindre miljøvenlege farkostar, vil det eta opp ein del av miljøgevinsten.

Han peikar dessutan på at ikkje alle er like gode til beins, som kan få praktiske problem med å levera plasten sjølv.

– Dette verkar ikkje gjennomtenkt. Me bør tenka vidare enn berre kost, meiner Fjelberg Opsvik.

Mindretal ønskte henting

Mellombels plastordning i Time har vore tema i to møte i utval for lokal utvikling, i november og desember.

Pål Undheim (Høgre) ville «tvinga» seg sjølve og innbyggjarane til å prioritera miljøet, då saka vart avgjort i desember.

– Viss me har lyst på kjeldesortering av plast, må me legga til rette for det. Me kan ikkje ha dei same henterutinane, kvar fjortande dag, og tru at folk vil køyra rundt med plasten. Eg kan nesten 100 prosent garantera at det kjem ikkje eg til å gjera.

Han var fornøgd med løysinga som var før ettersorteringsanlegget vart tatt i bruk i 2019, og føreslo å gå tilbake til den.

Løysinga inneber henting av restavfall, papir og plast éin gong i månaden. I dag blir restavfallet henta to gongar i månaden.

Fordi ein reduserer frekvensen på henting av restavfall, ville det blitt rimelegare for innbyggjarane enn løysinga dei har i dag.

Pål Undheim og Kristin Amstrong Oma (MDG) var dei einaste som støtta forslaget då utvalet bestemte seg for plastordning.

I det første av to møte der plast var tema, vart utval for lokal utvikling samde om å henta inn prisar på henting. Etter ein lang diskusjon i møte nummer to, landa fleirtalet på at innbyggjarane skal levera plasten til returpunkt.
I det første av to møte der plast var tema, vart utval for lokal utvikling samde om å henta inn prisar på henting. Etter ein lang diskusjon i møte nummer to, landa fleirtalet på at innbyggjarane skal levera plasten til returpunkt. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Etablerer returpunkt

– Eg stiller meg spørsmålet. Eg reknar med at alle drar til butikken og pantar, og at dei gjerne også kastar glas og metall der. Kvifor kan me ikkje ta med plasten på same måten? Eg ser ikkje det som eit stort problem, sa Anders Undheim (KrF).

Og slik vart løysinga fleirtalet gjekk inn for: innbyggjarane skal levera plasten til eit returpunkt.

Kjell Olav Stangeland (Ap) var han som i eit tidlegare møte, la fram forslag om å henta inn prisar på henting.

Reint miljømessig er ikkje han i tvil om at eit alternativ som inneber henting av plast, vil vera klart best.

Forutan den «gamle» løysinga, fekk politikarane også tal på ei løysing der ein heldt på tømming av restavfall kvar fjortande dag.

Då ville presset på dei som akkurat greier seg ein liten 140-liters dunk, blitt mindre. Med tømming kvar fjortande dag, er det få som treng 240-liters dunk.

Ei slik henteløysing ville ha blitt noko dyrare enn i dag: om lag 129 kroner per abonnent, ifølge administrasjonen i Time.

Eit andre alternativ er å inkludera plasten i hentavfall-tilbodet, der ein bestiller henting på nett, cirka kvar andre månad.

Med same frekvens på henting av restavfall som i dag, ville det gjeve ein avgiftsauke på om lag 72 kroner per abonnent.

Stangeland tykte ikkje prisane var avskrekkande, men stilte spørsmål ved om alternativa var praktisk gjennomførbare. Dei har ingen tru på at folk vil setta seg i bilen for å kasta plast. Ber administrasjonen om pris på henting

Mellombels ordning

Jorunn Bogevik, renovasjonsansvarleg i Time, informerte om at det kan koma ekstra kostnader ved å reforhandla eksisterande kontrakt

Kommunen held på med å lysa ut ny kontrakt for innsamling av avfall, saman med Time, Klepp og Sola, som skal gjelda frå 2024.

Vidare peika Bogevik på at fleire andre IVAR-kommunar vil bruka returpunkt og gjenvinningsstasjonar i ein mellombels periode.

Endring av rutinar, dunkar og tømeruter for nokre år, kunne dessutan verka forvirrande for innbyggjarane, åtvara ho utvalet.

Sidan det er gjort endring i tømemønster, er det heller ikkje råd å gå tilbake til den gamle løysinga utan å legga om rutene.

Utgangspunktet er at Time skal tilbake til å hiva plasten i restavfallet når ettersorteringsanlegget er oppe og står.

Kommunikasjonsavdelinga til IVAR opplyser til Jærbladet at det truleg vil ta to til tre år før anlegget er klart til bruk igjen.

Ønsker seg plastsekkar

I mellomtida ønsker Jon Fjelberg Opsvik seg tilbake til ordninga som var før, med plastsekkar.

– Kor lenge er mellombels? Me har historiske eksempel her i Norge på at mellombels kan bety veldig lang tid, seier han.

Han viser at ei oversikt Stavanger Aftenblad har laga over IVAR-kommunane, der det kjem fram at Sola skal innføra henteordning.

I ei utveksling på Time kommune si Facebook-side, er Opsvik éin av fleire som ønsker at Time skal gjera som Sola.

På sida får han også stadfesta at kommunen ikkje vil dela ut plastsekkar til dei som sorterer heime, slik dei gjorde før.

– Det synest eg i alle at dei kunne gjort, gjeve oss nokre sekkar til å bera plasten i, når dei ikkje skal transportera han for oss.

Time kommune har svart innbyggjarar på Facebook etter at lokalpolitikarane vedtok ei løysing med returpunkt.
Time kommune har svart innbyggjarar på Facebook etter at lokalpolitikarane vedtok ei løysing med returpunkt. Foto: Foto: Skjermdump frå Facebook