Fridtjov Helland (H) er særs positiv til initiativet frå Stavanger. Her står han foran området der Lnett har fått konsesjon til å grave kablane ned, nord-vest for Tinghaug.
Fridtjov Helland (H) er særs positiv til initiativet frå Stavanger. Her står han foran området der Lnett har fått konsesjon til å grave kablane ned, nord-vest for Tinghaug. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

– Me synest det er urettferdig at me skal ta heile belastninga, seier Fridtjov Helland (H).

Dersom Klepp kommune ønskte jordkabel i staden for luftlinje i Lnett si utbygging av straumnettet, var dei nøydde til å betale meirkostnaden sjølv. På det aktuelle strekket er det snakk om opptil 104 millionar kroner.

Også i Stavanger skal det byggjast kraftlinjer frå Ullandhaug til Randaberg, og vidare til strandalandet. Måndag stemte fleirtalet i bystyret for kablar i bakken på strekket mellom Krossberg og Lyngnes.

Samarbeidspartia i kommunen vil parallelt med behandling av Lnett sine kontakte sentrale myndigheiter, for å kome i dialog om ei endring av anbefalingane om og økonomisk kompensasjon for traseane som blir lagt i kablar på grunn av lokale vedtak.

Helland fortel at Stavanger no også får med seg Klepp Høgre til hovudstaden.

– Stavanger har Lnett, som legg heile nettet. Det er godt for Stavanger også å få støtte og hjelp ifrå Klepp, som har Klepp Energi og er ein annan part enn Lnett, når dette skal leggast fram for NVE, seier Helland.

– Me er lokalpatriotar

Ifølgje gjeldande retningslinjer er hovudregelen at luftleidning skal veljast for nett med den spenninga som både Klepp og Stavanger skal få.

Regelverket opnar for jord- eller sjøkabel i enkelte tilfelle, blant anna dersom luftleidning er teknisk vanskeleg eller umogleg, eller viss luftleidning gir særleg store ulemper for bumiljø og nærfriluftsområde.

Fridtjov Helland har heile vegen vore ein pådrivar for at kablane skal gravast ned, ikkje hengast opp.
Fridtjov Helland har heile vegen vore ein pådrivar for at kablane skal gravast ned, ikkje hengast opp. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

For eksempel tok Regjeringa ei heilomvending då dei i april vedtok å leggje dei omdiskuterte «monstermastene» som skulle gå gjennom Bærum i jorda, i staden for som luftlinje.

Ifølgje Statnett ville kostnaden for luftleidning landa på mellom 800 millionar og 1,2 milliardar kroner. Anslaget for jordkabel er langt høgare, mellom 2,7 milliardar og 3,85 milliardar.

– Eg synest det er urettferdig at Regjeringa verdset eigedomane i Bærum meir, seier Helland.

– Det kan godt hende bustadane der har samfunnsmessig høgare verdi, men me er litt lokalpatriotar på Jæren og set pris på landbruket og landskapet me har. Det er eit historisk landskap, som turistane trekker til, seier han.

Vil grave dei ned der det er hensiktsmessig

Helland meiner ein må kunne vere litt meir fleksibel enn ein er i dag, og grave ned kablane der det er hensiktsmessig.

– Så de ønskjer statleg støtte til å grave ned kablane i heile landet?

– Ja, der det er hensiktmessig, seier Helland, og legg til at han forstår at det kan vere vanskeleg å gjere slike vurderingar.

Det siste prisanslaget på totalt 104 millionar kroner i meirkostnad, inkludert risiko på 28 millionar, har dei siste månadane vore oppe til politisk diskusjon i Klepp.

Før siste behandling av saka anbefalte kommunedirektøren å skrinlegge jordkabelen mellom Tjøtta og Hatteland, og gå for mastene over bakken i staden.

I kommunestyret måndag vann jordkablane likevel overlegent fram, med 24 mot 7 stemmer.

Meiner regelverket må ryddast opp i

Meirkostnaden på strekket som fleirtalet i Stavanger bystyre vil gå for, kan bli på rundt 87 millionar kroner.

I eit budsjettforslag som blei vedtatt i november, ber samarbeidspartia Stavanger om å avklare med energimyndigheiter om det kan gjerast unntak i lovverket for å realisere kablar i staden for luftlinjer, samstundes som dei viser til nye konsekvensutgreiingar.

Initiativet om å løfte saka for Oslo, blei gjort av Stavanger-ordførar Tormod Losnedal (H) på eit felles møte med ordførarane i Sør-Rogaland.

– Det handlar om at Klepp og eigentleg heile Jæren har same problemstilling med høgspentmaster og det å legge kabel i bakken. I Stavanger har me intensjon om å legge alt i bakken. Det er lagt inn pengar til første strekk no i første omgang. Me ser det kostar mykje, og tenker det er lurt med ein felles front framfor NVE og andre myndigheiter for å få dette som jordkablar i staden for luft. Jordkabel er framtida, seier Losnedal til Jærbladet.

– Korleis har de tenkt å gjere dette?

– Me må rydde opp i regelverket og få overtydd om at våre område i Klepp og Stavanger må bli anbefalt å få jordkabel. Intensjonen er å få tilbake pengane me har betalt i meirkostnad, i alle fall for vår del. Det er eit breitt initiativ, me er alle i same båt og frontar ein felles sak.

Han seier planlegginga av den nasjonale løftinga blir på nyåret, og viser til økonomiplanen som i desember opptar politikarane.

Forbrukaren må betale

– Kva tenker de om kostnaden dette vil få for staten?

– Det er dyrt å legge kablar, enten i høgspent eller jordkabel, men me må tenke på framtida og det som er mest skånsamt for enkelte område, seier Stavanger-ordføraren.

Også Helland er klar på at han meiner fordelane overgår ulempene.

– Dette vil bli finansiert gjennom nettleiga. Det vil altså bli ei fordeling på forbrukaren, så det må brukast vit. Men det gir fordeler, som høgare sikkerheit og arealutnytting. Og så er det landskap og natur; eg vil at mine barn og barnebarn skal ha det landskapet me har rundt oss no, seier Helland.