Nye og strengare reglar vil føra til at bønder på Jæren må sjå seg om etter andre måtar å kvitta seg med lort på, anna enn å hevda. Eit alternativ kan vera å levera til biogassanlegg. Nå er fire slike anlegg under planlegging på Jæren.
Nye og strengare reglar vil føra til at bønder på Jæren må sjå seg om etter andre måtar å kvitta seg med lort på, anna enn å hevda. Eit alternativ kan vera å levera til biogassanlegg. Nå er fire slike anlegg under planlegging på Jæren. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase, Nationen

Jærbladet har fleire gonger tidlegare skrive om planane om å bygga det som skulle vera landets største biogassanlegg i sitt slag på Grødaland i Hå.

I førre veke kunne Bondevennen melda at Biokraft, i samarbeid med Q-meieria, vil bygga eit endå større biogassanlegg i Klepp: Biokraft Jæren.

Frå før har interkommunale IVAR eit anlegg som lagar biogass av organisk avfall på Grødaland i Hå.

Men det finst fleire aktørar der ute: Havila Biogass har planar om ikkje mindre enn to anlegg på Jæren.

– Det er gildt å jobba i ein industri der det skjer mykje, seier Kjell Evensgård, administrerande direktør i Havila Biogass AS til Jærbladet.

Eit biogassanlegg samlar opp gassane som dannar seg når mikroorganismar bryt ned organisk materiale (til dømes gjødsel eller matavfall) i eit lufttett rom. Gassane, stort sett metan og karbondioksid, kan så nyttast til å produsera straum, varme eller drivstoff.

Dette vert rekna for klimavennleg fordi gassane som vert nytta, uansett slepp ut i atmosfæren når biomassen rotnar. Skilnaden er berre at biogassen vert nytta til energi først. Dette er i motsetning til energi frå fossil brensel, som frigjer CO₂ og andre klimagassar som elles ikkje ville slept ut i atmosfæren.

Klart i slutten av neste år?

Havila Biogass skal alt ha sikra seg areal til dei to anlegga sine. Førebels vil dei ikkje ut med kor, ut over at det eine kan ligga sentralt på Jæren og det andre lenger sør.

Utanfor Molde har Havila Biogass bygd dette biogassanlegget. Det skal vera i drift allereie om få månadar. Firmaet har planar om langt fleire anlegg, blant anna to på Jæren.
Utanfor Molde har Havila Biogass bygd dette biogassanlegget. Det skal vera i drift allereie om få månadar. Firmaet har planar om langt fleire anlegg, blant anna to på Jæren. Foto: Foto: Havila Biogass

Planen er å søka støtte frå Enova i oktober. Dei reknar med at søknaden er ferdig behandla i løpet av desember. Får dei ja, kan dei gå i gang omtrent med det same.

– Det tar tolv månadar å bygga. Det betyr at anlegget kan stå klart i begynninga av 2026, seier Evensgård.

Ifølge den administrerande direktøren kan dei halda eit høgare tempo enn konkurrentane.

– Dei siste åra har ingen av dei andre aktørane klart å bevega seg like fort som oss. Me tilbyr fornuftige, gode avtalar og har god dialog med bøndene. Nå må me få tempo. Nå må me ikkje snakka meir om å bygga biogassanlegg, men faktisk gjera det, seier han.

– Nå er plutseleg fire biogassanlegg, fordelt på tre aktørar, under planlegging på Jæren. Er det lort nok til alle?

– Ikkje viss alle bygg alt det dei seier dei skal gjera. Det som er fint, er at nå ligg det føre alternativ. Bøndene kan jobba med dei aktørane dei bygg relasjonar med og som dei får gode avtalar med. Fleire aktørar og valmoglegheiter er bra for verdikjeda. Og så, om eit halvt års tid, får me sjå kven som har gjennomføringskraft.

Medium storleik

Kjell Evensgård er administrerande direktør i Havila Biogass.
Kjell Evensgård er administrerande direktør i Havila Biogass. Foto: Foto: Privat

Havila Biogass er eigd av Havila-konsernet, som igjen er eigd av familien Sævik frå Sunnmøre.

Familien driv blant anna med offshoreverksemd, skipsfart, fiskeri, maritim industri, hotell og eigedom.

Havila Biogass planlegg eit nettverk av biogassanlegg over heile landet. Det første, på Nesset utanfor Molde, skal allereie om få månadar levera biometan til aluminiumsproduksjon hos Hydro Sunndalsøra, det første av to slike anlegg som Havila Biogass skal bygga.

Det andre ligg i Hustadvika og har byggestart i løpet av året.

Fleire andre prosjekt over heile landet er i startgropa, deriblant tre i Rogaland: Eitt på Haugalandet og to på Jæren.

– Totalt har me ti biogassanlegg i porteføljen, seier Evensgård.

Evensgård seier modellen til Havila Biogass skil seg frå den til Biokraft i Klepp og Bio Jæren på Grødaland.

Ifølge Bondevennen tar Biokraft sikte på å ta imot ein million tonn husdyrgjødsel i året, mens Bio Jæren har oppgitt ulike tal mellom 500.000 og 650.000 tonn i året.

– Slike mengder kan tilsvare over hundre lastebilar inn og ut på anlegga kvar dag. Modellen vår er å bygga medium store, regionale anlegg, seier Evensgård.

Får betalt for lort

Bøndene får betalt per tonn husdyrgjødsel dei leverer via tilskotet dei får frå staten for å levera gjødsel til biogassanlegg.

I avtalen med Havila Biogass, tek anlegget 60 prosent av dette. Dei resterande 40 prosentane får bøndene behalda. I tillegg får dei «biorest» – tilpassa gjødsel laga av restprodukt frå biogassproduksjonen.

Evensgård seier at dei i møter med bønder får tilbakemeldingar om at dei er bekymra for krevjande investeringar knytt til infrastruktur. Blant anna må garden ha separate lager til gjødsel og , og tilkomst for pumpebilen.

Som eit insentiv, tilbyr Havila Biogass eit tilskot til bønder som vil bygga lager til biorest.

Biogassanlegga skal byggast med ein viss overkapasitet.

– Så går det an å utvida etter kvart som bøndene er med. Det er ikkje sånn at du får med deg 500 bønder frå første dag, seier han.

På sikt trur han likevel at ny og strengare gjødselvareforskrift, som er rett rundt hjørnet, kombinert med ei CO₂-avgift for landbruket, slik Danmark innfører frå 2030, vil gjera det attraktivt for bøndene å levera frå seg lorten mot betaling, heller enn å spreia han rett ut på kjelvene.

Havila Biogass ser føre seg å bruka gassdrivne pumpebilar til å henta lort i gjødselkummane rundt forbi på Jæren. Skal bøndene ta imot biorest i retur, må dei ha ein eigen kum å lagra dette i. Bildet er tatt i ein annan samanheng.
Havila Biogass ser føre seg å bruka gassdrivne pumpebilar til å henta lort i gjødselkummane rundt forbi på Jæren. Skal bøndene ta imot biorest i retur, må dei ha ein eigen kum å lagra dette i. Bildet er tatt i ein annan samanheng. Foto: Foto: Brit Romsbotn (arkiv)

Fangar fosfor og CO₂

På Jæren er det eit problem at det er for mykje fosfor i gjødsla. Det har fleire negative konsekvensar, blant anna gjengroing i vatn og vassdrag.

Evensgård seier Havila Biogass har ein teknikk for å skilja ut fosfor frå bioresten. Mykje av fosforen kan dei levera til anlegg i andre delar av landet der det er for lite fosfor.

Ifølge Evensgård vil Havila Biogass utvikla «ein regionalt tilpassa biorest med optimalt fosfornivå».

– Det er framleis nokon på Jæren som treng høgare nivå av fosfor enn andre, seier Evensgård.

Biogassanlegga vert utstyrt med fangstanlegg for CO₂.

– Det fine med det, er at CO₂ er eit kommersielt produkt, blant anna nytta i drivhus. Me er i dialog med fleire aktørar på Jæren om dette. Det gjev lite meining at dei skal nytta CO₂ frå fossil brensel, når dei heller kan nytta CO₂ frå biologisk masse og som er ein del av det naturlege CO₂-krinsløpet.

Slik ser Bio Jæren for seg biogassanlegget sitt på Grødaland. Anlegget, som i si tid vert lansert som Noregs største i sitt slag, kan enda opp med å verta eitt av fire biogassanlegg på Jæren.
Slik ser Bio Jæren for seg biogassanlegget sitt på Grødaland. Anlegget, som i si tid vert lansert som Noregs største i sitt slag, kan enda opp med å verta eitt av fire biogassanlegg på Jæren. Foto: Foto: Bio Jæren/Prosjektil

Har allereie signert avtalar

Firmaet har vore i dialog med bondelaga på Jæren sidan før ferien, og har allereie signert fleire avtalar med lokale bønder.

– Me har allereie signert opp store volum gjødsel i Rogaland, men me har framleis behov for å signera opp meir, seier Evensgård.

Onsdag 28. august har dei invitert til informasjonsmøte for bønder hos Håland Kjøtt på Kleppe.

– Målet er å nå breiare ut og fortsetta prosessen med å signera opp volum, seier Evensgård.

Lortakøyring på Jæren.
Lortakøyring på Jæren. Foto: Foto: Jærbladet (arkiv)

Kvart av Havila Biogass sine to anlegg skal vera dimensjonerte for å ta imot cirka 200.000 tonn husdyrgjødsel i året.

Kvart av dei krev omtrent 25 mål areal, og vil kosta rundt 400 millionar kroner å realisera.

Ifølge den administrerande direktøren er finansieringa allereie er på plass.

Dagens Næringsliv skreiv i fjor at Havila-konsernet, som eig Havila Biogass, slit med gjeld og underskot.

Ifølge Evensgård har ikkje den økonomiske situasjonen til konsernet noko å seia for Havila Biogass.

– Det er uproblematisk. Me har frigjort eigenkapital til å gjera investeringane våre, seier han.

Havila Biogass sine anlegg kan nytta kva biomasse som helst til produksjon av gass.

– I denne regionen er det ein del slakte- og meieriavfall, pluss ein del anna relevant industriavfall som er positivt for biogassproduksjon. Det viktigaste for oss, er at det er lokalt, slik at me ikkje køyrer masse fram og tilbake over heile landet, seier Evensgård.

Han legg til at det òg kan vera aktuelt å nytta seg av fiskeavfall, noko som er gunstig for bioresten.