– Kvinner har 60 til 70 prosent høgare fråvær enn menn. Kvinner har sterke mensplager og plager i overgangsalderen. Ti til femten prosent av kvinner er borte kvar månad på grunn av menstruasjon. Åtte av ti jenter har så store menstruasjonsplager at det er vanskeleg. Førti prosent har alvorlege smerter.
Elin Hetland Mong (Hå-lista) lista opp ei lang rekke tankevekkande statistikkar frå talarstolen under kommunestyremøtet torsdag.
– Dette er ikkje noko me snakkar så mykje om. Det er tabubelagt, sa ho.
8 av 10 tilsette er kvinner
Bakgrunnen var ein diskusjon om sjukefråværet i kommunen. Det er, som Jærbladet nyleg skreiv, på stigande kurs. Frå januar til og med juli i år var det samla fråværet på 8,6 prosent. I heile fjor var fråværet på 7,4 prosent. Året før var det på 7,6 prosent.
I fjor var landsgjennomsnittet for kommunetilsette sitt samla fråvær 7,7 prosent, ifølge KS.
Sjølv om avviket mellom Hå og andre samanliknbare kommunar ikkje er oppsiktsvekkande høgt, har lokalpolitikarane likevel eit ønske om å halda sjukefråværet så lågt som mogleg.
Ein ny rapport frå Rogaland Revisjon slår fast at Hå kommune har gode system, rutinar og tiltak på plass for å styrka arbeidsmiljøet og førebygga fråvær, men at praksisen rundt desse ikkje er like godt innarbeida i heile organisasjonen.
Det var denne rapporten som var bakgrunnen då Mong sette fråværet i samanheng med kvinnehelse. Ikkje så rart, eigentleg: Over åtte av ti tilsette i kommunen er kvinner.
Mong hadde kikka til Balsfjord kommune i Troms, som tidlegare i år blei første kommune i Norge til å ta i bruk ein ny rettleiar for kvinnehelse.
– Dei har innført ein menstruasjonsstrategi, fortalde ho.
Norsk standard
Balsfjord har vore føregangskommune i arbeidet med å utarbeida ein ny, norsk standard som tar føre seg menstruasjon og overgangsalder som arbeidsmiljøspørsmål.
I forordet til standarden, som er utarbeida av Standard Norge, heiter det blant anna at tilrettelegging kan ha tydelege, positive effektar på opplevinga av arbeidsmiljøet og på helsa til dei tilsette.
Det motsette, altså lite kunnskap og tilrettelegging, kan føra til fråvær eller at folk som ikkje burde vore på jobb er det likevel, og høgare utskifting av arbeidsstokken.
I ei pressemelding tidlegare i år, uttalte Jacob Mehus, administrerande direktør i Standard Norge, at sjølv om halvparten av den norske arbeidsstyrken er kvinner, har plager knyta til menstruasjon og overgangsalder i liten grad vore ein del av det systematiske arbeidet med arbeidsmiljø.
– Nå blir dette løfta tydelegare inn. Dette er ikkje særtiltak. Dette er godt arbeidsmiljøarbeid, sa Mehus.
I rettleiaren, som Balsfjord tok i bruk allereie før han blei sertifisert, ligg det konkrete føringar for korleis kommunen som arbeidsgjevar skal handtera menstruasjon og overgangsalder.
Handlingsplan for kvinnehelse i Hå kommune
Mong tok til orde for å sjå på om òg Hå burde ta i bruk denne rettleiaren. Ho meinte dette kunne vera nyttig, blant anna i sjukefråværsoppfølging.
Representanten frå Hå-lista nemnde fleire moglege tiltak. Nye kleskodar og uniformer, gratis menstruasjonsprodukt tilgjengelege på arbeidsplassen og meir fleksibilitet knyta til heimekontor var blant forslaga.
Heimekontor er eit tiltak som er vanskeleg å kombinera med jobb i kvinnedominerte sektorar som skule, barnehage og eldreomsorg, noko Mong òg var inne på under innlegget sitt. Nettopp derfor kan det vera god grunn til å sjå nærare på kva som faktisk kan gjerast, meinte ho.
– Det kunne vore spennande å setta ein handlingsplan for kvinnehelse i Hå kommune på dagsordenen, sa Mong.
Målet, sa ho, må vera å redusera sjukefråværet og fremja arbeidslivet ved å legga til rette arbeidskvardagen for tilsette som opplever plager i samband med menstruasjon og overgangsalder.
Om Hå innfører denne nye standarden, vil det vera som ein av dei aller første kommunane i Norge.
Hundre prosent oppslutnad
Trond Knutsen (H) sa det var utruleg viktige poeng Mong hadde komme med.
– Me i Høgre er særs opptatt av kvinnehelse og tilrettelegging for å unngå sjukefråvær, sa han, men la til at det var litt utfordrande å slutta seg til forslaget når det kom rett over bordet.
Knutsen meinte kommunestyret først burde be administrasjonen førebu ei sak, slik at politikarane får høve til å setta seg grundig inn i dei ulike sidene ved å innføra ein slik strategi.
– Me er nysgjerrige på det du seier, men det kjem litt brått på, oppsummerte Knutsen.
– Eg er med på kva som helst, berre me får dette på dagsorden, repliserte Mong til latter frå salen.
Njål Sikvaland frå Arbeidarpartiet svarte at dei gjerne ville bli med med ein gong, men var villige til å venta på ei sak om det kunne sikra større oppslutnad òg blant dei andre partia.
Politikarane tok eit kort gruppemøte. Mong nytta høvet til å konferera med kommunedirektør Anne Berit Berge Ims og Markus Schröder Bjørnseth, som er personal- og organisasjonssjef i kommunen.
Då gruppemøtet var over, kom Mong tilbake med eit nytt forslag:
– Me ber om å få ei sak som greier ut korleis Hå kommune kan jobba med ein strategi rundt kvinnehelse, sa ho.
Forslaget blei samrøystes vedtatt.
Vil styrka fysisk og psykisk helse
Kommunestyret vedtok i same slengen òg eit anna forslag som blei spelt inn i samband med revisjonsrapporten. Det kom frå Ann Helen Østrem (KrF) og gjekk ut på å be kommunedirektøren vurdera å styrka førebygginga av sjukefråvær gjennom konkrete tiltak som fremjar fysisk og psykisk helse blant tilsette.
Østrem hadde merka seg at revisjonsrapporten sine tilrådingar i stor grad handlar om system, dokumentasjon, oppfølging og tilrettelegging. Alt saman kjempeviktig, slo ho fast, før ho tok til orde for å «løfta blikket litt».
– Kva kan me gjera før den tilsette blir sjukmeldt? spurde ho.
Østrem viste til dei tilsette sine eigne tilbakemeldingar rundt arbeidsrelatert sjukefråvær: Det handlar om stort arbeidspress, stress, fysiske skadar og plager og låg bemanning. Og når fråværet stig, blir det mindre ressursar igjen til å driva førebyggande arbeid.
KrF-politikaren understreka at dei på den enkelte arbeidsplass sjølv veit best kva tiltak som kan fungera, det er ikkje sikkert at det som er viktigast i ein barnehage er det same som er viktigast ved sjukeheimen.
Østrem, som jobbar som dagleg leiar i Vigrestad idrettslag og tidlegare lufta tanken om at kommunen bør følga Risa AS sitt døme og tilsetta ein eigen aktivitetsleiar, trakk fram organisert fysisk trening som eitt mogleg tiltak, særleg for dei med fysisk krevjande jobbar.
– Gjer me noko i lag, som avdeling, som kollega, så kan det òg få andre følgeeffektar. Du høyrer til, nokon ser deg, dei ønsker å ha deg med, dei følger deg opp. Anten det er trening eller andre ting me gjer i lag som kollegaar, så gjer det noko. Det bygg noko. Det bygg lag, me opplever meistring i lag, me forpliktar oss og me opplever at me høyrer til i eit fellesskap, sa Østrem.
Ho utelukka ikkje at dette er tiltak som kan kosta, men minna om at sjukefråværet ikkje er gratis det heller, og at for den enkelte handlar det å kunna stå i jobben om meir enn kommuneøkonomien.