– Det er urimeleg. Det er ikkje sånn regjeringa kan forhalda seg til ein kommune.

Hå-ordførar Andreas Bjorland (KrF) er hard i karakteristikkane av regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for neste år.

Nye håbuar frå Nærlandsheimen

Det er om lag ein generasjon sidan nå, men i gamle dagar budde psykisk utviklingshemma ikkje i sine eigne heimkommunar, men i store sentralinstitusjonar. To av dei største i Rogaland var Bakkebø i Eigersund og Nærlandsheimen i Hå.

På 1990-talet kom det ein stor reform og desse institusjonane blei lagt ned. I dei fleste tilfella flytta dei som budde der tilbake til heimkommunen sin. Nokre av dei valde likevel å la seg busetta i same kommune som tidlegare hadde husa dei på institusjon.

I dei tilfella får kommunane årleg det som blir kalla vertskommunetilskot. Tilskotet går til å kompensera for ekstrautgifter kommunane fekk når dei overtok ansvaret for å gje omsorg til desse gjenbuarane.

Tilskotet blir rekna ut frå kor mange tidlegare institusjonsbebuarar som blei buande i vertskommunen. I dag er det 28 kommunar som får slike tilskot. Ein av dei er Hå.

Då Nærlandsheimen blei lagt ned, var det fleire av dei tidlegare institusjonsbebuarane som busette seg i kommunen.

– Fleire av dei bur her framleis. Me har vore opptatt av å ta godt vare på dei. Dei får eit godt tilbod i Hå, seier ordførar Bjorland.

Foreslår dramatisk kutt

Dei skal dei framleis få, lovar han, men framover må kommunen ta rekninga sjølv. I alle fall om regjeringa sitt forslag til nytt statsbudsjett går gjennom.

For å spara pengar, går regjeringa inn for å avvikla tilskotet. Målet er at 2031 skal vera siste utbetalingsår.

Ordføraren kallar forslaget til regjeringa både dramatisk og urimeleg.
Ordføraren kallar forslaget til regjeringa både dramatisk og urimeleg. Foto: Foto: Håvard Ovesen

For enkelte kommunar er det likevel ikkje snakk om ei gradvis nedtrapping. Dei mister tilskotet alt frå neste år. Hå er blant desse kommunane.

I framlegget til statsbudsjett er det nemleg lagt inn ein setning om at talet på gjenbuarar etter at institusjonane blei lagt ned er lågare enn ein halv promille av innbyggartalet i 2026, fell tilskotet heilt vekk.

– Slik det ser ut for Hå, ligg me akkurat under denne grensa, seier ordføraren.

Kommunen finreknar framleis på det, men førebelse tal tyder på at kommunen kan tapa 15 millionar kroner i året dersom regjeringa sitt forslag til nytt statsbudsjett får fleirtal på Stortinget.

– Det er ein stor sum i Hå sin økonomiplan, seier Bjorland til Jærbladet.

Eit inntektstap på 15 millionar kroner i året vil ifølge ordføraren redusera kommunen sitt handlingsrom dramatisk.

Han vel likevel å vera optimist.

– Når noko er så urimeleg som dette, håpar eg at det kan bli gjort noko med det. Me skal i alle fall jobba for at dette blir endra på, seier han.

– Må få fram konsekvensane

Kommuneleiinga jobbar nå gjennom dei kanalane dei har for å komma i kontakt med regjeringa. Målet er å få fram kor dramatisk forslaget, om det blir vedtatt, vil gå ut over kommunen sin økonomi.

– Men i prosessen rundt statsbudsjett er det mange som prøver å få kontakt med regjeringa, sukkar ordføraren.

Njål Sikveland (Ap) er gruppeleiar for Arbeidarpartiet i kommunestyret i Hå. Han slår fast at 15 millionar kroner er eit dramatisk tal.

Sikveland peiker på at tilskotet var ein føresetnad då kommunar som Hå og Eigersund sa ja til å busetta innbyggarar som tidlegare hadde budd på institusjon, men opphavleg kom frå ein annan kommune.

– Så lenge kommunane har dei same brukarane, synest eg det blir urimeleg å ta dette frå kommunane over natta, utan at dei får områ seg, seier han.

Kommunestyrepolitikar Njål Sikveland (Ap) nyttar same adjektiv som ordføraren: Urimeleg. Sikveland lovar å jobba overfor dei som skal vedta statsbudsjettet, slik at dei skal sjå kor store konsekvensar forslaget, om det blir vedtatt, kan få for Hå kommune.
Kommunestyrepolitikar Njål Sikveland (Ap) nyttar same adjektiv som ordføraren: Urimeleg. Sikveland lovar å jobba overfor dei som skal vedta statsbudsjettet, slik at dei skal sjå kor store konsekvensar forslaget, om det blir vedtatt, kan få for Hå kommune. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Sikveland lovar å belysa problematikken overfor dei kontaktane han har oppover i systemet.

Det er Arbeidarpartiet som har regjeringsmakt, men regjeringa er likevel avhengig av støtte frå andre parti om statsbudsjettet skal bli vedtatt.

– Me frå Hå må jobba breitt overfor alle dei som skal dra statsbudsjettet i land. Me må få fram dei store konsekvensane dette får for oss, seier Sikveland.